JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkFeature

Framleis noko å læra

Carlsen er ikkje nøgd etter spelet i Grenke Chess Classic, men han har ein plan, og analyserer seg sjølv overraskande godt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I dei fire fyrste partia gjorde Carlsen éin feil i kvart parti. Det vart éin feil for mykje.

Foto: Georgios Souleidis

5560
20170428

Grenke Chess Classic

Karlsruhe, Baden-Baden. 15. - 22. april, 2017.

Åtte spelarar, sju rundar (alle mot alle).

Sluttstillinga:

1 Levon Aronjan, Armenia 5.5

2 Magnus Carlsen, Noreg 4

Fabiano Caruana, USA 4

4 Hou Yifan, Kina 3.5

Maxime Vachier-Lagrave, Frankrike 3.5

Arkadij Naiditsch, Aserbajdsjan/Tyskland 3.5

7 Georg Meier, Tyskland 2

Matthias Blübaum, Tyskland 2

Eg trur nesten Magnus Carlsen (26) har vorte vaksen. Han analyserer sine eigne sterke og veike sider som ein gamal vis mann. Det er ikkje noko fjas, men ei nøktern vurdering av situasjonen. Den svake remisen mot ein tysk junior i fyrste runde øydela mykje, kan ein sjå i ettertid. Og Carlsen byrjar ofte turneringane under sitt vanlege nivå.

Løysinga

Løysinga på problemet vart funnen alt av Mikhail Botvinnik, grunnleggjaren av den sovjetiske sjakkskulen etter krigen. Botvinnik spela treningsparti i eit lite rom med radioen på fullt volum der trenarane sat og blåste røyk opp i andletet hans. Tanken til Botvinnik var at om han makta å spela under slike omstende, ville sjølve turneringa gå som ein draum.

Carlsen må vera «varm» når han set seg til brettet. Etter tre remisar i fyrste del av turneringa, var han endeleg varm då han i fjerde runde fann plassen sin i Baden-Baden bak dei kvite brikkene mot Fabiano Caruana (alder 24, rating 2817).

Éin feil er nok

Men så er det eit anna problem. «Gjer for all del ikkje nokon feil», sa den kjende norske sjakkpedagogen Sigurd Heiestad. Carlsen summerte opp partiet slik: «Eg spela bra, men gjorde ein feil.» Han har heilt rett. Spelet mot Caruana var ganske godt, men etter eit altfor kreativt springarhopp i trekk 15, kunne ikkje partiet verta noko anna enn remis. Ein toppspelar som Caruana tapar ikkje når motstandaren gjer ein feil.

I femte runde mot den lokale tyskaren Georg Meier (alder 29, rating 2621) følgde Carlsen endeleg rådet til Heiestad.

Meier-Carlsen, runde 5; stillinga etter 22 trekk.

Tyskaren vart tidleg straffa for dårleg opningsspel. I midtspelet ofra han eit par bønder for litt motspel i diagrammet der kvit trugar både dronninga med tårnet og eit springarhopp til g5 med dronningmatt på h7. Svart har berre eitt forsvar, men trekket var sjølvsagt førebudd av verdsmeisteren i god tid: den svarte dronninga forsvann ut or syne for tårnet og heilt inn i hjørnet på a8, der ho laga ei binding på den kvite hesten og kongen i den lange diagonalen a8-h1. Svart vann enkelt.

Ein ny tyskar

Carlsen ville gjerne halda fram slik i neste parti, med svart mot nok ein tyskar. Men Arkadij Naiditsch (alder 31, rating 2702) er ikkje som andre tyskarar. Han vart fødd inn i ein russiskspråkleg familie i Latvia, men representer no – etter mange år i Tyskland – den store sjakk- og oljenasjonen Aserbajdsjan.

Båe spelarane imponerte med originalt spel. Fleire gonger kunne Carlsen forsera remis – eit normalresultat med svart. Men kvar gong tok han ein kalkulert risiko og valde det nest beste trekket, slik at han kunne halda liv i stillinga. Eg veit ikkje om nokon andre i verdstoppen som ville ha spela slik. Det gjer vondt når ein med opne augo ikkje kan spela det beste trekket av di det vil gje motstandaren eit direkte høve til remis.

Kor lenge kunne det halda fram slik? Til slutt tok Naiditsch over initiativet, og no spela tyskaren heilt klårt for siger. Carlsen var pressa, men fann eit framifrå forsvar. Etter fleire presise forsvarstrekk var Carlsen på ny klar til å setja press på kvit, då Naiditsch fann ein siste remiskombinasjon.

Perfeksjon

Sjuande og siste runde hadde mange likskapar med det førre partiet. Men nivået var enda litt høgare. Det går ikkje å spela betre sjakk enn det Carlsen og franskmannen Maxime Vachier-Lagrave (alder 26, rating 2803) gjorde i seks timar i Baden-Baden.

Carlsen pressa heile vegen med kvit og ofra heilt korrekt ein bonde for ein langsiktig føremon i sluttspelet. Men franskmannen verja seg perfekt, og berga remisen med ein siste finesse som spelarane hadde kalkulert ferdig alt 10-15 trekk før diagramstillinga.

Carlsen-Vachier-Lagrave, runde 7; etter 52 trekk.

Kvit har ei binding på den svarte springaren og kongen, men det kom ikkje som noka overrasking på Carlsen då Vachier-Lagrave roleg spela kongen til e7(!). Kvit må ta springaren med tårnet, men tårnsluttspelet er remis.

Ein plan

Den «nye», vaksne Carlsen er ferdig som moteikon. Medan publikum og kommentatorane var mest opptekne av dei nye brillene til Carlsen i fyrste del av turneringa, kom håret i fokus mot slutten. Hårmanken voks vilt i Tyskland og kasta lange skuggar over to-tre rader på sjakkbrettet. Carlsen meinte slikt kunne skje når ein som gjest i kurbyen Baden-Baden testar ut det lokale spatilbodet. «Men eg har ein plan for håret», sa verdsmeisteren roleg før han dreia samtalen over på sjakken.

Når Carlsen summerer opp turneringa, er domen slik: Remisparti som dei mot Naiditsch og Vachier-Lagrave er ein naturleg del av sjakk som kamp på aller høgste nivå. Ein kan ikkje spela betre enn dette, men om motstandaren òg er på høgda, så vert partiet remis. Men i dei fire fyrste partia gjorde Carlsen éin feil i kvart parti. Det vart éin feil for mykje.

Slikt kan ein læra av, men ingen skal seia at det er lett.

Ein som ikkje gjorde feil, var Levon Aronjan. Etter ein heldig remis mot Carlsen i 2. runde vann han fire parti på rad og tok ein suveren turneringssiger.

Atle Grønn

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Gjer for all del ikkje nokon feil.»

Sigurd Heiestad, sjakkpedagog

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis