JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkFeature

Eit spørsmål om vilje

Carlsen går frå bukk til genialitet i Tata Steel-turneringa i Nederland,
der han fekk tilnamnet «Sjakkens Mozart» i 2004.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Runde 8: «Gribbane» flokka seg rundt bordet til verdsmeisteren. Alle ville dei sjå bukken.

Foto: Alina l'Ami

5965
20180126

Tata Steel Chess.
Wijk aan Zee,
Nederland.
13.-28. januar 2018.

14 spelarar, 13 rundar
(alle mot alle).

Runde for runde:

1 Carlsen – Caruana O–O

2 Adhiban – Carlsen 0–1

3 Carlsen – Wei O–OO

4 Giri – Carlsen O–OO

5 Carlsen – Kramnik O–OO

6 Svidler – Carlsen O–OO

7 Carlsen – Hou 1–0

8 Carlsen – Jones 1–0

9 Anand – Carlsen O–OO

10 Carlsen – So 1–0

Stillinga etter 10 av 13 rundar:

1 Giri, Anish 7

Carlsen, Magnus 7

Mamedjarov, Sjakhrijar 7

4 Kramnik, Vladimir 6.5

5 Anand, Viswanathan 6

6 So, Wesley 5.5

Karjakin, Sergej 5.5

8 Svidler, Peter 4.5

9 Wei, Yi 4

Jones, Gawain 4

Matlakov, Maksim 4

Caruana, Fabiano 4

13 Adhiban, Baskaran 3

14 Hou, Yifan 2

5965
20180126

Tata Steel Chess.
Wijk aan Zee,
Nederland.
13.-28. januar 2018.

14 spelarar, 13 rundar
(alle mot alle).

Runde for runde:

1 Carlsen – Caruana O–O

2 Adhiban – Carlsen 0–1

3 Carlsen – Wei O–OO

4 Giri – Carlsen O–OO

5 Carlsen – Kramnik O–OO

6 Svidler – Carlsen O–OO

7 Carlsen – Hou 1–0

8 Carlsen – Jones 1–0

9 Anand – Carlsen O–OO

10 Carlsen – So 1–0

Stillinga etter 10 av 13 rundar:

1 Giri, Anish 7

Carlsen, Magnus 7

Mamedjarov, Sjakhrijar 7

4 Kramnik, Vladimir 6.5

5 Anand, Viswanathan 6

6 So, Wesley 5.5

Karjakin, Sergej 5.5

8 Svidler, Peter 4.5

9 Wei, Yi 4

Jones, Gawain 4

Matlakov, Maksim 4

Caruana, Fabiano 4

13 Adhiban, Baskaran 3

14 Hou, Yifan 2

Eg har tidlegare samanlikn-inga Magnus Carlsen med Petter Northug, men i år vert det gale. Vi må til sjakken. I moderne tid er det berre Bobby Fischer og Garri Kasparov som har noko av det same. Jamvel når sjakkpartiet vert ein nedtur og objektivt sett er ganske keisamt, er det ein nerve i kampen. Eg ser to grunnar til dette: Det sjakkfaglege nivået til Carlsen, sjølvsagt, men Vishy Anand og Sergej Karjakin kan òg spela gode trekk. Så det er noko anna: Det er eit spørsmål om vilje. Berre Fischer, Kasparov og Carlsen har den eigenskapen at dei alltid vil noko på brettet. Så når det ikkje går vegen og partia endar remis, er det likevel kjensler, nervar og drama.

Svart-kvitt

I starten var alt svart-kvitt. Carlsen skulle pressa med kvit i rundane 1, 3 og 5 – mot Caruana, Wei Yi og Kramnik – men spelet var horribelt, sa verdsmeisteren etter tre remisar. Vel, han gjorde ikkje nokon feil, men han gjorde heller ikkje noko rett. Om det hadde vore Anand eller Karjakin som spela slik, hadde det berre kalla fram ein geisp (Karjakin opna faktisk turneringa med seks remisar), men ein kunne sjå at det kokte i hovudet på Carlsen. Då vert jamvel den mest keisame sjakken ganske spanande.

Og med svart gjekk det betre. Med både kvit og svart var taktikken å spela lika stillingar frå opninga og vinna i sluttspelet, og han fungerte perfekt med svart i runde 2 mot Adhiban, som til vanleg er ein indisk magikar. Men i dette partiet var det berre Carlsen som kunne trylla. I eit likt sluttspel lurte han indaren trill rundt. Som ein kjend rumensk kommentator skreiv etter partiet: «Det Carlsen gjer, ser så enkelt ut at ein får illusjonen om at ein sjølv kan freista det same på neste klubbkveld, men når ein sit der i klubben, fungerer ikkje dei enkle metodane til Carlsen.»

Remisfesten

Det er ikkje ironisk. Remisane til Carlsen med svart mot Giri og Svidler var verkeleg ein fest for publikum og spelarane. Carlsen spela dynamisk og aggressivt og fekk fram det beste òg i motstandarane med offer og motoffer før partia enda i æveleg sjakk. Så kom endeleg to kvite parti på rad som Carlsen måtte vinna. I runde sju fekk han ein liten føremon mot den beste kvinnelege spelaren i verda, kinesiske Hou. Det vart eit langt sluttspel, der kinesaren verja seg tappert fem og ein halv time. Datamaskinane synte at ho kunne tvinga fram ein remis, men for eit menneske var det framleis vanskeleg.

Til slutt gjekk Hou gale med ein bonde til h5 og tapte. Det var òg med eit bondetrekk til h5 ho tapte sluttspelet mot Carlsen på same plass for to år sidan. Carlsen pusta letta ut, men ville ha ein snøggare siger i neste runde og gjekk direkte til åtak dagen etter.

Bukk og genistrek

I opninga mot engelskmannen Gawain Jones var Carlsen råka av hybris. Han gjekk rett inn i drakevarianten i siciliansk, ein variant Jones har skrive tjukke bøker om. Jamvel lesarar som aldri har våga seg inn på siciliansk territorium, skjønar kan henda av namnet at drakevarianten ikkje er heilt uskuldig. Jones memorerte dei kompliserte computeranalysane sine og sette Carlsen på prøve. Kva hadde verdsmeisteren å syna fram? Ingenting. Carlsen vart frustrert.

Han hadde ikkje nokon plan, tenkte på ulike trekk, men ingen av kandidattrekka fungerte slik han ville. Nærast etter eliminasjonsmetoden slengde han ut eit heilt anna trekk. Men det var ein gigantisk tabbe, ein offisersbukk som ville ha fått amatøren til å krympa seg på stolen.

Carlsen–Jones: Carlsen spela bonden til g4, og Jones svarte med bonden frå f5 til f4. Svart trugar no lauparen på e3 med bonden og hesten på g5 med dronninga.

Ellen Carlsen kommenterte undervegs frå TV-studio og fekk vondt av veslebroren, som heldt blikket ned medan «gribbane» – dei andre konkurrentane – flokka seg rundt bordet til verdsmeisteren. Alle ville dei sjå bukken.

Men så var rollene snudde. No var Jones favoritten, og Carlsen hadde ikkje noko å tapa. Det var eigenleg ikkje mogleg, men Carlsen byrja spela som eit geni med offiser under. Ingen kunne heilt skjøna kva som skjedde då vørdsame Jones på engelsk maner «bukka» attende.

«Ja vel, så Carlsen er ein offiser betre enn oss andre», kommenterte Anish Giri. Ein hugsar Fischer som sa han kunne slå verdsmeisteren for kvinner med ein hest mindre. «Vel, Fischer er Fischer, men ein hest er ein hest», sa den jødisk-lativske verdsmeisteren Mikhail Tal som kjende dei sterke georgiske sjakkdamene.

Perfeksjon

I det neste kvitpartiet etter sigersdramaet mot Jones spela Carlsen endeleg slik ingen i verda gjer etter han. Mot amerikanaren So, som vann turneringa i fjor, ofra Carlsen tidleg ein bonde. Han hadde sett ein konstruksjon langt inni sluttspelet der han ville vinna attende to bønder. Då han kom dit, ofra han så ein laupar for tre bønder, og vi fekk følgjande tekniske sluttspel:

Carlsen–So: Svart har ein laupar ekstra, men maktar ikkje å stogga dei kvite fribøndene.

Partiet var perfeksjon frå start til slutt, eit av dei beste verdsmeisteren har spela. Før dei tre siste rundane fredag til sundag er Carlsen i delt leiing med heimefavoritten Giri og Mamedjarov, aserbajdsjanaren som nesten umerkeleg har klatra til nummer 2 på verdsrankinga.

Atle Grønn

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis