JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkFeature

Eit spørsmål om vilje

Magnus Carlsen jaktar framleis gullmedaljar med den same intensiteten som før. I Moskva lukkast han med alt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jamvel ein «bad guy» som Hikaru Nakamura ser ut som ein uskuldig skulegut når han sit overfor Carlsen i omspelet om gullet i lynsjakk.

Foto: wrbc2019.com

9948
20200103

Carlsens motstandarar runde for runde i lynsjakk (3 minutt på partiet + 2 sekund per trekk):

1. Predke, Russland (siger)

2. Belov, Russland (siger)

3. Salem, Emirata (siger)

4. Jakovenko, Russland (siger)

5. Wojtaszek, Polen (siger)

6. Abdusattorov, Usbekistan (remis)

7. Andrejkin, Russland (tap)

8. Mamedjarov, Aserbajdsjan (siger)

9. Jobava, Georgia (siger)

10. Socko, Polen (siger)

11. Nakamura, USA (remis)

12. Artemjev, Russland (siger)

13. Matlakov, Russland (siger)

14. Nepomnjasjtsjij, Russland (remis)

15. Vachier-Lagrave, Frankrike (remis)

16. Dubov, Russland (siger)

17. Duda, Polen (remis)

18. Kramnik, Russland (siger)

19. Firouzja, FIDE (siger)

20. Grisjtsjuk, Russland (remis)

21. Yu, Kina (remis)

Sluttstillinga i lynsjakk open klasse:

1. Carlsen, Noreg 16,5 av 21 poeng

2. Nakamura, USA 16,5

3. Kramnik, Russland 15

4. Grisjtsjuk, Russland 14

5. Vachier-Lagrave, Frankrike 14

6. Firouzja, FIDE 13,5

83. Tari, Noreg 11

90. Christiansen, Noreg 11

(206 spelarar)

Omspel Carlsen–Nakamura 1,5–0,5.

Jekaterina Lagno frå Russland vart verdsmeister i lynsjakk for kvinner (122 spelarar).

VM i hurtigsjakk og lynsjakk. Moskva,
26.–30. desember 2019.

Carlsens motstandarar runde for runde i hurtigsjakk (15 minutt på partiet + 10 sekund per trekk):

1. Utegalijev, Kasakhstan (siger)

2. Melkumjan, Armenia (remis)

3. Savtsjenko, Russland (siger)

4. Mamedov, Aserbajdsjan (remis)

5. Sjimanov, Russland (siger)

6. Wang, Kina (remis)

7. Rakhmanov, Russland (remis)

8. Laznicka, Tsjekkia (siger)

9. Zubov, Ukraina (siger)

10. Le, Vietnam (siger)

11. Vachier-Lagrave, Frankrike (remis)

12. Aronjan, Armenia (siger)

13. Mamedjarov, Aserbajdsjan (siger)

14. Dominguez, USA (remis)

15. Nakamura, USA (remis)

Sluttstillinga i hurtigsjakk open klasse:

1. Carlsen, Noreg 11,5 av 15 poeng

2. Firouzja, FIDE 10,5

3. Nakamura, USA 10,5

4. Artemjev, Russland 10,5

5. Aronjan, Armenia 10

6. Dominguez, USA 10

133. Christiansen, Noreg 7

177. Tari, Noreg 5,5

(204 spelarar)

Humpy Koneru frå India vart verdsmeister i hurtigsjakk for kvinner (121 spelarar).

Ein kan tykkja at Carlsen er barnsleg. Han er 29 år gamal og spelar brettspel som om det stod om livet. Han har vunne alt som er å vinna – fleire gonger – men vil aldri kunna gje den vesle nevøen sin ein siger på hytta i ludo. Men det er òg difor vi elskar å sjå Carlsen spela i time etter time. Ikkje noko er jo so keisamt som å spela brettspel når motstandaren ikkje vil vinna. Men Carlsen er ekstrem. Han gjer brettspelet til noko større enn det er. Soleis får han kommentatorane og sjåarane til å flykta frå livet – og inn i spelet, fem dagar i romjula.

Dei over tre hundre spelarane som var samla i Moskva, ville alle vinna. Men jamvel ein «bad guy» som Hikaru Nakamura ser ut som ein uskuldig skulegut når han sit overfor Carlsen i omspelet om gullet i lynsjakk. Carlsen har elleve VM-gull på CV-en, Nakamura har ingen. Men det er Carlsen som har det djevelske blikket, intensiteten undervegs og den for sjakken utradisjonelle, kraftfulle sigersgesten etter partiet. Nakamura forlèt brettet roleg, medan russiske journalistar og fans samlar seg rundt Carlsen.

Bronsevinnaren Vladimir Kramnik, veteranen som eigenleg har lagt opp, må smila: «Eg skjønar ikkje korleis Carlsen framleis finn motivasjon etter alle desse triumfane.» Kan henda var han ekstra motivert no i romjula etter kongressbråket i sumar, den manglande nominasjonen på idrettsgallaen for året 2019, eller mest av di han ville setja eit skikkeleg punktum for eit eksepsjonelt tiår. Eg trur det siste.

Carlsens tiår

Lat oss gå 11 år attende. 18 år gamle Magnus Carlsen er i ferd med å erobra sjakkverda. Han får juryens ekstrapris på idrettsgallaen i januar 2009 jamvel om sjakken ikkje er med i idrettsforbundet. I november 2009, framleis 18 år gamal, vinn Carlsen sin fyrste VM-tittel i Moskva etter 42 (!) rundar lynsjakk. Han kjem heile tre poeng føre Anand, som igjen er tre poeng føre Karjakin. Den gongen var det ikkje nokon verdsmeisterskap i hurtigsjakk, eller noka rating i fartsdisiplinane. Så kjem det nye tiåret. Den 1. januar 2010 toppar den no 19 år gamle nordmannen den klassiske ratinglista for fyrste gong.

Fram til desember 2019 vinn Carlsen fire klassiske VM-kampar, to VM i hurtigsjakk og fire VM i lynsjakk. Men han er svolten på meir.

Ein god, treg start

Carlsen har ikkje vunne det fyrste partiet i eit hurtigsjakk-VM sidan 2014, det historiske året då han tok tre VM-titlar. Men andre juledag 2019 vann han dronninga mot ein kasakhstanar på lågt stormeisternivå. Spelet fyrste dag, mot relativt veik motstand, var likevel ikkje særleg imponerande, jamvel om Carlsen var i strålande humør: Han tok fire av fem poeng og visste at han ville spela betre etter kvart som motstandarane vart betre. Slik er han: Motivasjonen kjem fyrst når det verkeleg står noko på spel.

Dag to var betre. Lynsjakkverdsmeisteren frå 2013, vietnamesaren Le, såg ut som ein amatør då Carlsen valsa over han og vann runde 10 og avslutta dagen på ny med fire av fem poeng.

Tarrasch à la Dubov

Eit nykelparti kom i runde 12, den tredje speledagen, då Carlsen var svart mot geniet frå Armenia, Levon Aronjan. Carlsen spela aggressivt frå start. Han valde opninga til den tyske meisteren dr. Siegbert Tarrasch (1862–1934), mannen som meinte at om ein ikkje torde spela Tarrasch-opninga, der svart får ein isolert (einsleg) bonde i sentrum, kunne ein like gjerne gje opp sjakkspelet. Men sanninga er at verdseliten ikkje har våga spela som Tarrasch dei siste 35 åra. 21 år gamle Garri Kasparov var den siste store Tarrasch-spelaren, men han la opninga på is då han skulle utfordra Anatolij Karpov om VM-tittelen i 1984.

Dei to som fekk liv i gamle Tarrasch (1.d4 d5 2.c4 e6 3.Sc3 c5), var AlphaZero (forskingsprosjektet til Google i kunstig intelligens) og den unge russaren Daniil Dubov. Den no 23 år gamle Dubov vann hurtigsjakk-VM i St. Petersburg i fjor og var sekundanten til Carlsen under VM-kampen mot Caruana. Han får mykje av æra for den nye, dynamiske stilen til Carlsen i opninga og midtspelet.

I Tarrasch-opninga mot Aronjan spela Carlsen «Dubov–AlphaZero-trekket» h7–h5! Bondetrekket på kanten – randbonden to steg fram – er ein gamal resept frå den legendariske dansken Bent Larsen (han som tapte 0–6 mot Bobby Fischer). Larsen meinte at ein skulle gå på med randbonden om ein ikkje fann nokon plan i midtspelet. Men denne gongen var trekket mykje djupare – Carlsen ofra rett og slett randbonden. Slik spelar elles berre AlphaZero og Dubov.

Aronjan gjekk seg vill og nytta mykje tid, så mykje at partiet enda i ein tragisk bukk:

Aronjan–Carlsen (hurtigsjakk).

Det er pinleg å seia det som det er, men Aronjan miste dronninga i eitt trekk då springaren hoppa frå d8 til b7 (0–1).

I runden etter var Carlsen nådelaust effektiv med kvit mot aserbajdsjanaren Sjakhrijar Mamedjarov. Nok ein gong fekk Carlsen ein stjernespelar til å sjå ut som om han spela i B-klassen i ei lokal norsk klubbturnering. Som Tarrasch sa det alt for hundre år sidan: «Det er ikkje nok å vera god, du må spela godt òg.» Motstandarane til Carlsen kollapsa éin etter éin under intensiteten og vinnarviljen til nordmannen.

Carlsen kunne avslutta turneringa med ein snøgg remis mot Hikaru Nakamura, eit resultat som sikra VM-gullet eit heilt poeng føre den 16 år gamle sensasjonen Alireza Firouzja, som tok sølvmedaljen.

Mot ungdomen

Kan ein prestera på topp fire dagar på rad? For dei fleste av oss går det opp og ned. Om vi har to–tre gode arbeidsdagar, er nedturen like om hjørnet. Carlsen må òg kjenna på det problemet. Om ikkje anna må han gira seg opp, slik at han ikkje fell ned på nivået til motstandarane. I lynsjakken, den fjerde dagen, byrja han med fem sigrar. Det gjorde òg 15 år gamle Nodirbek Abdussatorov, eit heilt uvanleg talent frå Usbekistan. Oppgjeret deira i 6. runde vart intenst. Like etter at Carlsen fekk overtaket i midtspelet, bukka han ein bonde. «F***!» sa verdsmeisteren og kom med ein gest med handa. Carlsen fekk overtaket på ny, men den unge usbekaren berga seg nok ein gong, og partiet enda remis.

Det største dramaet kom i runde 19, mot ein annan tenåring. Persaren Firouzja har brote med det iranske sjakkforbundet som ikkje lèt han ta del i turneringar med israelske spelarar (til dømes VM). I Moskva spela han difor under FIDE-flagg, men det er venta at han melder overgang til Frankrike. Firouzja er i dag like god som Carlsen var på same alder. Om utviklinga held fram, har han potensial til å verta verdsmeister i generasjonen som skal ta over etter Carlsen (men det same har ein sagt om mange andre stjerner som har slokna på vegen).

Kor som er, Firouzja pressa Carlsen i Moskva og fekk opp følgjande stilling med kvit:

Firouzja–Carlsen (lynsjakk). Sluttstillinga.

Trass i tre ekstra bønder til kvit er stillinga teoretisk remis då svart har ein blokade på dei svarte felta. Det er likevel ikkje tvil om at Carlsen var sveitt då den unge (eks-)iranaren velta kongen sin … og tapte på tid! (0–1). Reglane er klåre, eit tidstap er eit tap også i ei stilling der svart berre kan vinna om ein konstruerer ein «hjelpematt» (til dømes kvit konge på h8, kvit laupar på g8, svart konge på h6 og svart laupar på g7).

Firoujza protesterte til inga nytta. Då han ikkje fekk remis av den greske hovuddomaren som tok fram regelboka på direkte TV, leverte han inn ein protest mot at Carlsen tidlegare i partiet skulle ha nytta eit norsk skjellsord på «f» då han bukka to bønder.

Publikum fekk det dramaet dei ville ha, men denne gongen skulle vi få meir enn vanleg: Amerikanaren Hikaru Nakamura var i form og følgde Carlsen heilt inn til mål etter 21 parti. Dei måtte ut i omspel for å kåra ein vinnar. Her var Carlsen nådelaus.

Atle Grønn

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Han får kommentatorane og sjåarane til å flykta frå livet – og inn i spelet,
fem dagar i romjula.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis