JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Ny glans over 1800-talstun på Setskog

Dei har funne sin plass på jorda, Victoria Brand Munthe-Kaas og Lars Munthe-Kaas. Staden er garden Skjeggenes på Setskog i Aurskog-Høland. Etter nokre omflakkande år er dei no komne heim – til eit tun dei ikkje visste om før i 2017.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hovudhuset frå oppgangstida på slutten av 1800-talet ligg ope og fritt til. Nytt stakittgjerde er på plass, og ein stor hage rundt huset er under oppbygging på nytt.

Alle foto: Erik Solheim

9502
20201211

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Vi ønskjer tips om gamle hus og bygningar som er restaurerte, og som vi kan skrive om i Dag og Tid. Alle typar byggverk kan vere av interesse.

Send tipsa til erik.solheim@enivest.net

Lytt til artikkelen:

Dei ville ha ein gard – mannen ville vere bonde og køyre traktor. Og dei fann han. Tunet ligg litt for seg sjølv, og frå ein nybygd veranda har dei utsyn til innsjøen Setten. Begge er meir enn vanleg interesserte i gamle hus, og på Skjeggenes fekk dei nok å gjere med vøling. Interessa er yrket deira, begge er bygningsantikvar, med rikeleg tilgang på oppdrag.

Victoria vurderer restaureringsobjekt, lagar rapportar og gjev råd om historiske interiør og fargar. Ho er òg den einaste i landet som kopierer gamle tapetmønster for hand. Lars er utdanna restaureringssnikkar og stadig på farten. Begge har verkstad i låven heime. For Victoria er fargar viktig. Ho skrapa og leitte til ho fann nokre små flekkar med den originale målinga ute på hovudhuset – sandsteingrå vegger, okerfarga lister rundt vindauga og brune vindaugsrammer. Tunet, som er romslegare enn vanleg, hadde tidlegare ein stor og velstelt hage som dei nye eigarane er i gang med å dyrke opp att. Husa har mangla folk ei tid og hadde sine skadar. Hussopp og stokkmaur hadde forsynt seg av treverket her og der.

Sopp og maur

Dei nye eigarane flytta til garden og slo seg til i kårbygningen, reist rundt 1850. Først bygde Lars ei dokkestove, før jenta deira vart for stor. Fremst i rekkja etterpå stod hovudbygningen, eit sveitserhus frå 1888, som dei no bur i. Her oppdaga dei hussopp i golv og vegger i gangen. I kjellaren under var alle opningane for lufting tetta igjen. Treverket over vart fuktig. Det var å rive og brenne alt som var infisert. Nye veggstokkar ber no huset, og på nye bjelkar ligg nye golvbord.

Det store spørsmålet var om dei kunne gjere noko dei hadde lyst til: å byggje ein ny veranda i full høgde på motsett side av hovuddøra, ut mot Setten. Ville tilbygget bli for stort, ei for grov endring av heile huset? Etter lang tids nøling vart svaret «ja, vi byggjer veranda». Mal for byggjemåten og utskjeringane hadde dei i utbygget over hovudinngangen. Men kven kunne levere god nok material, og kven kunne setje i hop konstruksjonen med tapping etter gamal skikk – utan limtre og skruar? To lokale verksemder, eit sagbruk og ein snikkarverkstad, tok på seg oppgåvene. Dei kresne eigarane er godt nøgde med resultatet, ikkje minst fordi det nye er henta nesten rett ut av skogen nokre få kilometer vekke, av utvalde tre.

Naturvenleg handling

For Lars og Victoria er restaurering ikkje berre eit spørsmål om stil og antikvarisk utsjånad. Å setje i stand og nytte gamle og velbygde hus er ei naturvenleg handling, ein veg vekk frå overforbruk og sløsing. Byggjeteknikken og materialbruken hadde nådd store høgder før fallet starta i 1950-åra, med dårlegare treverk og kunstige materialar i lite varige konstruksjonar.

Vasstett måling er rask å kline på, men får ofte kledningsborda til å rotne i staden for å verne dei. Vatn som trengjer inn, og det gjer det alltid, slepp ikkje ut att. Om isolasjon av mineralull vert utsett for væte, gjev det varig gode kår for organismar som lever av treverket; det smuldrar fort. Ofte er svaret etter slitasje og kortvarig elde å rive og byggje nytt. Materialane – og pengane dei kosta – endar på veksande avfallshaugar. Energikostnadene til slik praksis er enorme.

Byggjesektoren står bak 40 prosent av klimagassutsleppa i verda. Betong, mineralull og gips er dei materialane som kostar mest fossil energi å framstille. Mange tonn vert frakta over store avstandar til alle nybygg. Ingeniør- og arkitektfirmaet Asplan Viak kom fram til, i ein rapport til Riksantikvaren, at det totalt sett går 50–60 år før eit nytt, moderne og hyperisolert bustadhus kostar mindre energi enn eit eldre og lett opprusta hus med same volum. Det hjelper ikkje at fyringskostnadene med det nye er litt mindre. Etter 60 år, når energisparinga startar, er det usikkert om det nye huset framleis står.

Ombruk

Ombruk av treverk og andre delar er ein automatisk tanke når Lars driv restaurering – eller byggjer nytt. I verkstaden vøler han gamle vindauge, dører og kva det måtte vere, til hus både heime og vekke. Det som er handlaga av utvalde materialar og har tolt vêr og vind i hundre år eller meir, held seg framleis mykje lenger enn det industrien leverer i dag. Dei husa som har stått lengst i landet, er bygde med øks. Brukte trematerialar, glasruter, gamle spikrar og slikt som er til overs éin stad, kan høve ein annan stad.

I bustaden på Skjeggenes har dei moderne hjelpemiddel på kjøkken og bad. Men all anna innreiing er gamle møblar som dei har arva eller funne i bruktbutikkar. Eit nytt brygghus har Lars sett opp, på tufta av det som var der før. Det nye er eit stavhus med berande material frå ein bygning som vart riven ein annan stad. Dører og vindauge har òg vore i bruk før. Inne skal det komme ein steinmura bakaromn.

Komposisjonsmåling

Skadar av moderne og dårleg husmåling har begge sett rikeleg av. Ofte har veggene rotna tidlegare med måling enn dei ville gjort utan. På Skjeggenes bruker dei linoljemåling og komposisjonsmåling. Den siste er ei blanding av rugmjøl kokt i vatn og tilsett pigment, jarnvitriol og litt olje. Alle kan lage slik måling av rugmjøl sjølv, men på Skjeggenes kjøper dei henne ferdig frå Sverige. Råvarene er billege og blandinga tek godt vare på treverket. Det er ikkje uvanleg at målinga held seg i 30 år, om klimaet ikkje er for vått. Ho slepper vatn gjennom i regnvêr, men etterpå tørkar borda raskt.

Mest vanleg var komposisjonsmåling på uthus, og slik vert det på Skjeggenes, også på bua (stabburet) frå 1880, og kårbygningen. Dette huset vart i 1934 flytta lenger bak i tunet og fekk eit meir moderne preg, med storruta vindauge. No har huset fått inn att gamle og brukte småruta glas.

På låven har dei eit stort arbeid. Der har det vore brukt ukjend måling tidlegare, så her må det bli noko som er basert på olje.

– Generelt er det uråd å seie kva som kostar minst, å restaurere eit eldre hus eller å byggje nytt, seier Victoria Brand Munthe-Kaas.

Det er eit spørsmål om kva som skal med i reknestykket. Men for dei som er ute etter like god material som i dei fleste eldre hus, er ho ikkje i tvil: Det løner seg å restaurere. For naturen og klimaet er det viktig å halde forbruket av material og andre naturgode nede.

Hamskiftet

Med den romslege hovudbygningen frå 1888 og den store låven frå 1909 meiner Victoria at tunet er representativt for det som vart bygt på gardane på Romerike mot slutten av 1800-talet. Dette var ei oppgangstid for jordbruket. Dette første hamskiftet, som perioden vert kalla, gav bøndene ny teknikk; drifta vart mindre arbeidskrevjande og meir lønsam. Handelsjordbruket var på frammarsj.

På Skjeggenes hadde dei, som på mange andre eigedommar i området, store skogvidder attåt jorda. Tømmeret vart ettertrakta då treindustrien sør i Østfold kom i gang. Skogane sør i fylket var tynne etter eksporthandel i lang tid. No lysna det òg i viddene lenger nord. I 1849 hadde Soot-kanalen ferdig sluser for å fløyte stokkane frå Mangen-vassdraget, som endar i Sverige, over ei høgd til Haldenvassdraget. Eit år drog dei meir enn 18.000 tylfter tømmer gjennom slusene.

Sveitserstilen

I denne oppgangstida, frå rundt 1850, kom sveitserstilen frå Tyskland og vart svært populær i trehuslandet Noreg. Arkitektar og byggmeistrar teikna fasadar med mykje dekor og utskjeringar. Dei berande delane skulle vere synlege og gjerne utheva med eigen farge. I reindyrka form var stilen mest vanleg i villaer for byborgarane og i turisthotell og stasjonsbygningar for tog.

Eit gjennomgåande trekk er store takutstikk – med mønekross og spir i ramen – og større vindaugsopningar og meir lys i romma. Ute i bygdene vart utforminga ofte enklare. Men så populært var det nye at også gamle, brune hus kunne få kvitmåla kledning og pynt med sveitserpreg. Dei berande veggene i nye hus var framleis ofte lafta, som på Skjeggenes, med ståande og måla paneling inne. Utvendig er kledninga ståande eller liggande, stort sett etter det som før hadde vore skikken i området.

Dette var ein moderne stil då, eit symbol på optimisme og framstegstru. I bygdene sette sveitserstilen sitt preg mest på gardar med mykje jord og med tømmer å selje. Då Skjeggenes fekk ny låve i 1909, var det med dyrerom og fôrlager under eitt tak, eit utslag av den nye rasjonaliteten. Tunet vart i vesentleg grad annleis enn under den eldre ordninga med fleire og mindre hus, eitt til kvar funksjon.

Tradisjon

På Skjeggenes står tunet frå slutten av 1800-åra, då dei dreiv med hestekraft og handemakt, framleis tenleg og til glede for dei som bur der. Gardsdrifta er no ein liten del av arbeidet. Men den tradisjonen som bygde for at husa skulle vare, held familien Munthe-Kaas fast ved.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis