Restaurering

I den snart Astrup-grøne bygda Jølster står to gamle hus som har fått ei ny framtid. Det eine er med på eit måleri av kunstnaren. Eigarane av begge seier dei har fått ein juvel i tunet. Begge går snart laus på ei ny vøle.

Astrup-motivet med det ferdig restaurerte huset til venstre. Det gule i midten og det raudmåla stabburet vert òg vølte.
Astrup-motivet med det ferdig restaurerte huset til venstre. Det gule i midten og det raudmåla stabburet vert òg vølte.
Publisert

På Ålhus, i Erketunet på Hegrenes, står enno nokre bygningar som var delar av eit klyngjetun. Tre av husa har same eigaren. Det eine, som truleg var reist tidleg på 1800-talet, har ein lafta firkant i den eine enden og eit grindbygd eldhus i den andre. Her står ei stor grue som var på nippet til å velte – fundamentet heldt på å svikte i eit hjørne. No står ho støtt. Ei tørkehelle for malt til brygging er der òg fundament til.

Under stovedelen er der kjellar med doble murar som det ligg svære steinheller over. På dei låg bjelkar under golvet i stovedelen. Desse stokkane hadde rotna i endane, og golvet var utslite av at huset i mange år var brukt som verkstad til ulike arbeid. Men veggane, sperrene og troet i denne delen er for det meste dei som var. Noko av murane måtte ned og opp igjen. Bjelkane er nye, og golvet – med 8–12 tommar breie bord, 5/4 tomme tjukke. Ei steinhelle under omnen ligg framleis ved sida av inngangen. To vindauge har spinkle innfatningar av bly. Dei trong litt oppstraming, men så hadde dei også stått i veggen kanskje bortimot 200 år.

Eldhusdelen var verre faren. Her er meir av treverket nye kopiar av det som var øydelagt. Delar av det gamle golvet i stova vart til tro. Heile torvtaket på huset er nytt, og det er i dag eit kostesamt tiltak for dei som må kjøpe både never, einekrokar og ròtesterke torvhaldsstokkar. Never kostar gjerne 130 kroner kiloet eller meir, og det går rundt tre kilo på kvar meter langs ufsa og på vindskiene. I dette tilfellet var torvtaket over troet kalkulert til over 100.000 kroner, med materialen som største delen. Kledningen er av nye bord; den gamle var delvis ei yngre utgåve med kvalitet som ikkje toler vêret i lengda, og dei eldste hadde gjort si langvarige teneste.

Før snikkarane kunne starte på det fagarbeidet som eigaren har leigd til, hadde Ellen Svidal ein svær jobb med å bere ut mykje gamalt som var stua inn gjennom mange år etter at huset gjekk ut av bruk, og å fjerne jord og anna som måtte vekk utanfor murane. Ei steintrapp og ei hellelagd flate kom til syne igjen framfor inngangsdøra. Huset fekk det fritt rundt seg og kom meir til sin rett.

Utgiftene til material og leigd arbeid vart rundt 250.000 kroner. Norsk Kulturminnefond gav eit tilskot på 160.000. No er planen å få skikk på dei to andre husa òg, ei sperrestove, som er ein del modernisert innvendig, og eit stabbur. Begge bygningskroppane har lite alvorlege skadar. Men eternittaka, som opplagt har berga bygningane, er ikkje lenger pålitelege. Bygda tykkjer vel om glansen av huset som er nytt utvendig, og dei to andre krev mindre innsats. Snart vil delar av motivet for det gamle Astrup-biletet vere restaurert.

Stabburet

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement