Geita som stakk av
Etter at eg har lese meg opp på geitestell, kjøpt inn mjølkeutstyr og henta fire mjølkegeiter, skulle alt vera klart for ein fin stølssesong.
Geita er tilbake på Dag og Tid-stølen etter tre dagar på rømmen. Hjelpesmannen Mats Mandelid tømmer juret for mjølk. Heldigvis hadde ikkje geita får jurbetennelse.
Foto Svein Gjerdåker
Dag og Tid-stølen
Dag og Tid driv støl på sjette året.
Stølen ligg på Remlo på Voss og er eigd av Bjørn Mjølsnes.
Stølen har kyr, geiter og grisungar, og vi mjølkar, ystar og ryddar kulturlandskapet.
Kyrne er på Selheim om vinteren. Geitene er frå Berstad på Osterøy.

Lytt til artikkelen:
For ein nedtur, seier eg høgt til meg sjølv der eg går våt og trøytt på leit etter ei forsvunnen geit. Det kjennest nyttelaust. Det er uråd å finna ei einsleg geit i dette landskapet. Det er for mykje skog og for mange haugar og høgdedrag. Og no, fleire dagar etter at ho stakk av, kan ho ha kome langt av garde. Eg snur og traskar nedstemd tilbake til stølen.
Tidlegare i veka drog eg, ivrig og oppglødd, saman med stølsdrengen Anders Møn Mjelde til Osterøy og stølen til Lars Tyssebotn for å henta geiter. Fire flotte dyr. To godt vaksne på ti og åtte år, og to fyrste års mjølkegeiter. Ein liten flokk som Lars meinte ville gå godt i lag. Eigenleg skulle vi hatt dei fire geitekillingane som vi hadde i fjor, men to av dei var slakta, og Lars meinte at det beste var å ta fire nye.
Rytmen på stølen til Tyssebotn er fast. Mjølking av dei 80 geitene klokka sju om morgonen og seks om kvelden. Etter kvar mjølking lokkar Lars flokken eit stykke på veg, før dei går åleine ut på beitet. Der har dei fem–seks ulike trakk, eller ruter, dei kan gå. Og ut frå kvar rute har dei to–tre variantar. Kva rute dei vel, er ofte avhengig av vêret. Er det høgtrykk, trekkjer dei oppover. Er det sol og dei vel ei lågtliggjande rute, kjem det ofte regn.
Kvar rute er opptil fire kilometer lang. Dei kviler nokre timar om natta og kjem att i sekstida om morgonen. Det er fasinerande å sjå heile flokken koma inn mot stølen etter beiting. Dei går roleg utan å mekre, legg seg ned, drøvtygg og ventar på stølsvollen til dei skal mjølkast. Det burde vore langt fleire slike flokkar i fjellet om sommaren.
Når Lars ropar på geitene, strøymer dei mot fjøsdøra. Han slepper dei inn puljevis, og geitene hoppar opp på mjølkestallen, der dei får kraftfôr og vert mjølka av Lars og kona Berit. Ein god time tek det å maskinmjølka 80 geiter. Kvar geit mjølkar tre liter per dag. Ein del av mjølka blir kokt til brunost. Resten køyrer Lars ned til bygda og mjølkebilen kvar tredje dag.
Eg får med meg ein brunost. Han er som snop. Og hadde eg kunna laga skikkeleg mat, er eg sikker på han hadde høvd godt i sausar. Lars har ikkje spesielle triks som gjer at han får osten så god. Kvaliteten kjem av røynsla han har opparbeidd seg som geitebonde og ystar sidan 1971. Han kjenner mjølka til kvar tid og veit intuitivt når ein skal ha i fløyten, når ein skal slutta å koka, og når og korleis ein skal elta osten. Eitt til to tonn lagar han kvart år.
Om kvelden er Anders og eg klar for fyrste mjølking. Men det har ikkje gått som planlagt. Då vi kom frå Osterøy, tok vi geitene rett inn i fjøset for at dei skulle gjera seg kjende og få smaken på kraftfôret i krybbene før dei blei sleppte ut. Men no nektar geitene å gå inn att i fjøset, same korleis vi prøvde å lokka dei.
Eg må ta skulda sjølv. Då vi kom til støls, burde eg og Anders vore åleine og brukt den tida det måtte ta å lokka dei inn i fjøset. I staden var vi for mange til stades, det vart for mykje styr, og det gjekk for raskt ved at vi motviljug leidde dei i band inn i fjøset og opp på mjølkestallen. Det vart ingen god start.
No må vi betala prisen. Anders og eg må sitja ute i regnet i full oljehyre og mjølka dei. Og geiter likar ikkje regn, og Anders og eg er nybegynnarar i handmjølking av geiter.
Geiter er i utgangspunktet greie å handmjølka. Dei gjev lett nedi, som ein seier, og det heile burde kunna gå unna på nokre minutt per geit. Den klassiske måten å mjølka på, og som er avbilda på mange postkort, er å stå over skrevs over ryggen på dyret og bøya seg ned og mjølka med mjølkebytta under juret.
Det kunne eg berre gløyma. Det vart for slitsamt for ryggen. Eg måtte difor sitja på bakken og mjølka ein og ein spene. Det kunne gått greitt, men geitene er nyfikne og skulle heile tida snu seg for å sjå kva som gjekk føre seg, og stod knapt stille. Resultatet vart mykje bos i bytta, og eg brukte meir enn fem minutt per geit, for å seia det slik. Men vi var likevel optimistar. Det ville gå seg til.
Eg har dei siste månadene lese meg opp på stell av mjølkegeiter. Eg kunne hatt dei i tjor. Før hadde mange mindre gardsbruk nokre geiter på denne måten. Tjoret var helst ein solid kjetting på tre meter. I begge endane var det ein «sving» for å hindra at kjettingen surra seg saman, og tjoret var festa i ein kort, solid påle på 30 centimeter som var driven ned i jorda. Geita lærer fort å gå festa og unngå å verta ståande fast i kratt eller buskar.
Men geitene skal ikkje gå i tjor. Planen var å kjøpa såkalla «nofence», ein GPS-klave som gjev frå seg lyd og elektrisk støyt om dei går utanfor eit definert område på GPS-en. Men koronasituasjonen har ført til leveringsproblem frå produsenten. Eg kjøpte difor inn to GPS-sporarar som eg festa på dei to eldste geitene, for dei yngste vil halda seg med dei eldste. Såleis vil vi kunne finna alle fire om dei ikkje kjem tilbake frå beitet om kvelden.
Dei fyrste dagane stilte kona Ingvild opp som gjetar og sytte for at dei heldt seg i lia over stølen. Dei to eldste geitene heldt tempoet nede, og alt gjekk strålande. Geitene åt, kvilte og såg ut til å lika seg.
Best likar geita seg der det er eit mangfald av plantar, kratt og buskar, gjerne teigar der det er rydda for lauvtre og nye knoppar skyt opp. Dei et det meste, men er kresne, et lite av kvart slag og et ikkje der dei har gått før.
Om kvelden dei to fyrste dagane sat eg ute med dei. Dei låg roleg og drøvtogg. I ei bok eg har om geiter, står det om dei trivelege, oppvakte og feminine andleta til geitene – og augo klåre og gløgge. Og det same slår meg når eg sit og ser på dei. Sjølv den eldste på 10 år er kvikk i oppsynet. Ho går seint, men klarer seg. Lars vil ha ho så lenge ho mjølkar som ho gjer.
Ho ryk fyrst om ho ikkje maktar å hoppa opp på mjølkerampen eller får for dårlege tenner. Geiter har tolv jekslar og åtte framtenner. Dei fremste jekslane fell i toårsalderen, og i åtteårsalderen er dei ofte nedslitne, kan brotna og falla ut. Då vert geita slakta.
Tennene til unggeita som ligg ved sida av meg, er fine. Ho ser ut til å vera ei god premiegeit og høver godt med ideala lista opp i geiteboka mi. Store og levande auge, brei mule, lang og smekker hals. Også kroppen er lang, med den rette pæreforma – djupare og breiare bakover. Beina og hasane er rette og juret stort, langt og breitt. Her er det ikkje noko flaskejur, der juret liknar to flasker som heng opp ned. Einaste minuset er at eine spenen er litt for liten, slik at han er vanskeleg å handmjølka.
Hadde eg budd lageleg til og hatt eit uthus eller eit skur, ville eg hatt nokre geiter. Dei skaper trivnad og er nøysame. Ifylgje boka Geitehold i det små: Tjoregeita frå 1947 kunne eg ha fôra dei vinteren gjennom på høy, turka lauv, bar, kvist, lyng, tare og rotfrukter. Og dei hadde ete kjøkenavfallet. Fiskeavfallet kunne eg ha kokt og tilsett litt salt.
Då klokka nærma seg kveldsmjølkinga den andre dagen, tok vi til å lokka geitene mot stølen. Men dei synte liten vilje til å fylgja oss. Vi prøvde å møta dei slik ein gjer med kyr og sauer, men til ingen nytte. Dei ikkje ville ikkje ned til stølen att, men ville beita meir.
Kva som var den utløysande grunnen, har eg aldri skjøna, men brått sprang ei av dei to unge geitene rett opp lia og mot fjellet ovanfor og var ute av syne.
Vi trudde ho ville halda seg i nærleiken og koma ned att. Men det gjorde ho ikkje. Hadde eg visst betre, skulle vi teke det heile med ro, og så hadde ho kome tilbake av seg sjølv. Men vi gjekk for å leita etter ho og må ha skremt ho endå meir. Seinare på kvelden såg vi ho att i eit lite dalføre lenger borte, men ho sprang frå oss og kom ikkje att den kvelden.
Heller ikkje dagen etter var ho å sjå, same kvar vi leitte. Likeins dagen deretter. Eg gjekk fleire turar i fjellområdet utan resultat. Det heile var ugreitt og sette ein dempar på humøret. Eg tala med Lars på telefon. Han var roleg og trygg på at ho ville koma tilbake, men eg vart ikkje overtydd og vart uroa for at fleire geiter skulle stikka av. Dessutan tok arbeidet med dei for mykje tid når ein måtte gjeta dei heile dagen, i tillegg skulle Dag og Tid-kyrne til støls om to dagar. Eg køyrde difor dei tre geitene heim att til Osterøy, før eg gjekk nye turar på leit etter den bortkomne geita – utan resultat.
Dagen etter hadde eg vitjing av Sigmund Midttun, gamleredaktøren i lokalavisa på Voss. Han kan lite om geiter, men han har vore fink til å lata som om han har greie på sauer. Då han var journalist, dekte han den årlege smaleutstillinga – sauesjået som starta opp i bygda i 1919 og vart til ei kulturmønstring med referat i lokalavisa kvart år.
Då vi kjem ut frå selet etter ein kaffikopp, ser eg noko kvitt som rører seg mellom nokre tre og steinar lenger oppe i lia. Eg er kjapp og hentar kikkerten. Og der ser eg ho tydeleg. Ho står i ro og ser ned mot oss.
Eg har no lært at eg ikkje skal gå ho i møte. Eg ber gamleredaktøren fylgja med på ho medan eg ringjer Ivar Haug. Han er ein entusiastisk gjetarhundeigar og har for tida ni gjetarhundar saman med sambuaren Kristina Jordalen. Ein knapp time seinare er dei på stølen med kvar sin hund, Martin og Tess, border colliar på to og tre år.
Opplæringa startar når hundane er eitt år gamle. Ein gjetarhund er på topp i femårsalderen. Ivar og Kristina sel opptrena gjetarhundar. Er du interessert, kostar ein klasse 1-hund på eit og eit halvt til to år 30.000–35.000 kroner. Då har du ein gjetarhund til han er 12–13 år gamal.
Border collien er ein ideell sauehund. Enkel å samarbeida med og fødd med eit samleinstinkt som gjer at han spring ut og rundt sauene. Då går han i gjetarposisjon med halen ned. Og med ein krypande sein gange går han varsamt mot sauene som så trekkjer mot eigaren. Om ikkje sauen lystrar, har hunden fleire teknikkar. Nokre klappar med kjeften framfor nasa til sauen, andre nappar i bringa eller legg kjeften over snuten på dei.
Geita har no lagt seg ned og er på same staden som før. Etter tre dagar på rømmen er ho sliten og har mjølkespreng. Kristina og Ivar tek kvar sin hund og går i ein stor boge rundt til dei kjem godt på oppsida av geita. Så går dei på kvar si side nedover. Ivar fører hunden sin ned mot geita, Kristina eit stykke ifrå. Hunden hennar skal vera i reserve om geita stikk av.
Når geita oppdagar hunden, spring ho, men han er raskt rundt ho og stoggar ho. Geita spring så andre vegen. Men den same skjer på nytt. Når så Ivar nærmar seg geita, står ho still. I valet mellom hunden og Ivar vel ho mannen. Det heile er over på nokre minutt, og eg kan koma opp og ta ho i band ned til fjøset.
Eg angrar no på at eg har køyrt heim att dei tre andre geitene. Eg var for rask. Rømminga var eit uvanleg uhell. Eg hadde kjøpt organ og utstyret som trengst for å mjølka dei med mjølkemaskina til kyrne. Dette heile ville ha gått seg til.
Men no er det for seint. Før kvelden er omme, er rømmingsgeita tilbake og saman med resten av flokken til Lars og Berit på Osterøy. Det er ein nedtur å koma tilbake til stølen utpå natta.
Svein Gjerdåker
Svein Gjerdåker er stølsdreng og redaktør i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Etter tre dagar på rømmen er ho sliten og har mjølkespreng.
Fleire artiklar
Keith Jarrett har med seg bassisten Gary Peacock og trommeslagaren Paul Motian.
Foto: Anne Colavito / Arne Reimer / Jimmy Katz / ECM
Peiskos på første klasse
Keith Jarrett byr på fleire perler frå Deer Head Inn.
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement