JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Den vesle øya med den store soga

PAPA WESTRAY: Øya er mindre enn Røst, men har lufthamn, ei kyrkje frå 700-talet og ein 6000 år gamal gard. Vegvisar er forfattaren Jim Hewitson. Han og Morag har budd her i 45 år.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
St. Boniface-kyrkja på Papay vart bygd på 700-talet. I bakgrunnen ser me nordenden av naboøya Westray.

16442
20220325

Øyrike
i vest

Del 3 – Orknøyane 1

Håvard Rem fer i vesterveg, til øyrika ytre Hebridane, Orknøyane og Shetland, ein gong norske, no skotske.
4. mars: Del 1. Ytre Hebridane 1

11. mars: Del 2. Ytre Hebridane 2

havard@dagogtid.no

Skodaen til forfattaren Jim Hewitson kjem humpande mot lufthamna på den uasfalterte bilvegen, den einaste på øya. Rullebanen er ei stripe i graset, lufthamna eit betongskur og eit uthus. I uthuset står brannbilen, ein raud pickup. På skuret heng skiltet: «All bagasje må vera sjekka inn ti minutt før flyavgang.»

Papa Westray skulle for lengst ha vore fråflytta, men har ferje- og lufthamn med daglege avgangar. I dag er ho den nest minste busette øya på Orknøyane. Kven vil vel avfolka ei øy der det var gardsdrift for 6000 år sidan? Husa står framleis.

Den fyrste kristne kyrkja på øya vart bygd av dei innfødde piktarane før langskipa kom hit sist på 700-talet, fylte av heidningar frå Vestlandet.

– Her fann dei den fyrste hamna i le på denne sida av Vesterhavet, fortel forfattaren Jim Hewitson og peikar mot bukta på austsida av øya. Jim kjenner øya. Han og kona Marog flytta hit frå Glasgow sist i 1970-åra, og han har skrive bok om øya, Papa Westray. Island at the Rainbow’s End (Edinburgh og London, 1996 og 2005).

Pentland Firth

For å koma hit, heilt ytst og nord på Orknøyane, flaug eg fyrst frå ytre Hebridane, «Sørøyane», til Inverness på fastlandet, og derfrå til Orknøy-hovudstaden Kirkwall på hovudøya Mainland. Båe ferdene gjekk med ein Saab 340, ein propelldriven 34-setar, før ein åttesetar skal ta meg vidare til Papa Westray.

Kring Inverness låg snø i høgda og is på fjorden, men av vinteridrettar er skottane best i curling. Ski- og skeiselauparar ser eg ikkje, men frå fly og på kart ser ein at Skottland er sett saman som eit puslespel av grunnfjell frå ulike kontinentalplater – ikkje berre øyrika, men fastlandet òg. Inverness-fjorden er byrjinga på ei glipe mellom Highlands i aust og Nordvest-Skottland. Det sistnemnde området har nær rive seg laus, som Hebridane.

Frå nordspissen av Skottland er det berre om lag ei landmil over til Orknøyane. Ferjene frå Thurso og fastlandet kryssar Pentland Firth. Som så mange stadnamn her er namnet norrønt, ei anglifisering av Petlandsfjörd.

Kvifor gav vikingane havstykket eit slikt namn? Det er ikkje ein fjord, men eit sund. Og Petland? Landet til petane, meir kjende som piktarane, den opphavlege folkesetnaden på Orknøyane, nemnde i antikke kjelder eldre enn vår tidsrekning, med eit utdøydd språk med røter i tida før indoeuropearane kom.

Orknøyane

Nord for Petlandsfjörd ligg Orknøyane. Ferda mi gjennom dei tre skotske øyrika har nådd det midtre, det som ligg nærast Skottland, og det eg fell for før flytrappa, medan eg sit i den vesle kabinen og kik ned på dei frodige, graskledde pannekakene med sauer og vindmylner som ligg og flyt i den blå sjøen, mellom oljeriggar og oppdrettsanlegg.

Orsak, ytre Hebridane, og tilgje meg, Shetland, men når eg flyg inn over Guds grøne enger i Vesterhavet, ser eg paradis, om ikkje på jord, så i nord – Orknøyane. Ved vindauga i sete 4A jublar eg inni meg over at så uvanleg vene landskap framleis finst å oppdaga.

Med skam å melda har eg aldri vitja dei skotske, ein gong norske øyrika. Sett den skotske kysten har eg, men aldri øyane. Rusla gatelangs i mellomalderske Edinburgh på austkysten har eg, men aldri kome meg til Lerwick på Shetland. Ete fisk tinga frå ein gælisk meny i dei landfaste indre Hebridane har eg, men aldri i dei ytre. Teke Harry Potter-toget frå Glasgow, gjennom dei kurva viaduktane, ut til vestkysten, for å sitja i øyrelappstolen ved den gamle jukeboksen i stova på eit heimsleg hotell der ein Incredible Stringband-song knitrar i lag med peisbålet i fiskarlandsbyen Mallaig, ja, det har eg, men aldri ved ein peis ute i øyrika. Køyrt så langt nord det lèt seg gjera i Skottland, gjennom Highlands, forbi Inverness, heilt til Thurso på nordspissen, for å få salta, tørka og røykt sild til frukost og noko lokalt til kvelds på ei kneipe i hamna der sjøulkane ynskjer seg eit nærare Noreg, det har eg, men aldri kryssa det smale Petesundet til Orknøyane.

Vestlandet utanlands

Når verda no opnar seg etter pandemien, er det fleire grunnar til å gjera nordmenn merksame på øyrika. Under nedstenginga har me lært at ei god ferd ikkje treng gå mot sør. Øyrika ligg på dei same breiddegradane me har søkt mot i feriane dei siste par sumrane. Ytre Hebridane ligg på høgd med Mandal, Orknøyane med Haugesund og Shetland med Bergen.

Er du vestlending, eller har du dei siste åra vitja Vestlandet, kan du halda fram med det når verda opnar seg, no utanlands. Det ligg eit Vestland på hi sida av Vesterhavet òg.

I geologisk alder er havstykket ungt. Skotsk og vestlandsk fjellgrunn låg ein gong i lag, fortel Det geologiske selskapet i Edinburgh, med kvar sine brotstykke av den kaledoniske fjellkjeda. Ho utgjer det meste av fjellgrunnen i Noreg, Langfjella, til dømes, men namnet kjem frå Skottland, Kaledonia på latin. Kaledoniarane var i antikken namnet på dei som budde der, men dei var meir kjende som piktarane då langskipa kom frå Vestlandet sist på 700-talet.

Istid og langskip

Snevrar me tidsvindauga inn til ikkje millionar, men hundretusentals år, har Skottland og Vestlandet framleis sams soge. Båe områda låg under isskjolda. Sams kaledonisk berggrunn vart gnura og skura av dei same breane, fram til for berre nokre titusen år sidan. Fjordar, fjell og dalar møter oss på båe sider av Vesterhavet.

Det me har sams med Skottland, vert ikkje mindre i nyare tid. Dei siste 1250 åra har Skottland og Vestlandet så mykje soge i lag at det har forma øyfolka. Dei har flagg som til forveksling liknar vårt, og på syttandemai nyttar dei det norske òg.

Sjølve vart me kring tusenårsskiftet for patrofobiske til å vedkjenna oss det norrøne medvitet, og dei mest kjenslevare fjerna likså godt langskipa frå logoane sine, som Hydro og Vårt Land ­– like før den internasjonale vikinginteressa voks til ei global bylgje i film, dataspel og litteratur. Her ute i øyrika er vikinginteressa ikkje ei bylgje, men ein permanent tilstand, som ein kaledonisk fjellgrunn. Det var jo frå Vestlandet dei kom, langskipa som endra livet til piktarane. Ja, kva hende med piktarane?

Til Westray

Piloten Colin McAllister tek meg vidare frå Kirkwall i eit tomotors propellfly. Med fem passasjerar er flyet temmeleg fullt. Colin slepper meg inn sist, så eg får det beste utsynet. Ved sida sit Ben, som i seks år har budd på Papay og livnært seg som fiskar, mest brunkrabbe og hummar, men no har fembarnsfaren gått i land og arbeider i bakeriet på naboøya Westray.

– Me trivst på Papay. Me har butikk og skule, ferje og fly, fortel han. Alle kallar øya Papay.

Me mellomlandar på Westray. Rullebanen er kvit av snø, men Colin opnar vindauga på pilotsida og syner med fingrane at nokre centimeter går greitt. Westray er om lag ti gonger så stor som Papa Westray, med kring ti gonger så mange innbyggjarar.

Av di Westray lufthamn ligg heilt aust på øya, og Papay lufthamn ligg midt på, er det i luftline berre tre kilometer mellom dei to rullebanane. Flyturen tek to minutt. På dei to minutta flyg me over vestsida av Papay der det ligg to særeigne oldtidsminne.

Til Papa Westray

Rullebanen på Papay er heilt snøfri, og heile øya grøn, i uminnelege tider kjend for særs god matjord. Ben og eg tek fatt på den einaste vegen, mot sør, busetjinga og butikken. Men så kjem Skodaen til Jim humpande.

Ben har handla ein god del i Kirkwall, så han vert med i bilen, han òg. Jim set han av ved butikken og køyrer meg over heile øya. Vegen er alt i alt ei halv mil lang, frå ferjehamna i sør til fuglereservatet på nordsida.

Til oldtidsminna kjem ein til fots, og det har ikkje Jim bein til, så fyrst køyrer han oss heim til huset der han og kona Morag bur. Det er kjekt å få besøk. Ein son bur på fastlandet og ei dotter bur i Australia, og det har vore pest i eit par år. Munnbandet frå flyet treng eg ikkje nytta, men me handhelsar ikkje når me møtest. Det gjer me fyrst når me skilst.

Dei er fødde sist i 1940-åra og møttest som unge i Glasgow. Morag var lærar og Jim journalist, men eventyrar òg. Han levde snøgt og uvørde som mange gjorde kring 1970, og fekk ein helseknekk og ei forsikringsutbetaling som opna døra til Papay.

Øya som overlevde

Morag var ikkje vond å be. Ho likar eit roleg liv. Dei kjøpte gamleskulen på øya og bygde han om til ein småbarnsfamilie. Jim tok fatt på forfattarskapen. I dag er huset ein god heim for to lesehestar som har halde saman i eit kvart hundreår. Eit barnerom har vorte skrivestove, eit anna musikk- og instrumentrom.

Ikkje langt unna ligg nyskulen som korkje er ny eller full no.

– Folketalet har auka sidan me kom, no er me nitti fastbuande, men skulen er inne i en dårleg periode, fortel Jim.

­–?Nett no er det berre to elevar. Det er heilt på kanten, legg Morag til.

­–?To, berre? Men Ben har jo fem små? spør eg.

­– Ja, men dei får heimeundervising, fortel Morag.

­– Det har vorte meir vanleg, men nett no hadde skulen trunge dei fem elevane, legg Jim til, og vil til å seia meir, men held inne.

– Men om folketalet har halde seg nokolunde stabilt, har det likevel vore ei stor demografisk endring, seier Morag så.

– Aldring? spør eg. Ho svarar:

– Ikkje fyrst og fremst. Andre øyar er nok verre råka av aldring enn Papay. Nei, den store utskiftinga er tilhøvet mellom innfødde og innflyttarar. Då me flytta hit sist i 1970-åra, trur eg åtti prosent av øyfolket var menneske med røter her gjennom fleire generasjonar, medan berre kring tjue prosent var innflyttarar.

– Og no? spør eg. Ho svarar:

– I dag er det nesten motsett. Om lag sju av ti er innflyttarar som me. Berre tre av ti er no innfødde.

Knap of Howar

For Jim er fortida vel så spanande. For meg òg. Til sjuande og sist var det Knap of Howar som førte meg hit. Husa der er tusen år eldre enn dei i den 5000 år gamle landsbyen Skara Brae på hovudøya, tre mil frå Kirkwall. Jim fortel:

– Heilt fersk og ikkje fagfellevurdert forsking tyder på at husa her er eldre enn 6000 år. Noko må ha vore her før òg, dei er jo bygde på ein motting.

Eg vert høgtidsam når eg kjem til husa. Dei ligg ved sjøen, vende mot Westray i vest.

Øya dei slo seg ned på, var ikkje ei rullesteinsøy, ikkje så herja av isbrear. Byggjematerialet som naturleg byr seg fram her, til hus og steingjerde, er flate steinheller, i dag som for 6000 år sidan. Byggjeskikken går att i heile øyriket. Med éin skilnad: Dei bygde ikkje i rette vinklar som me. Ytterveggene er boga.

Husa ligg der brenningane bryt i sjøen mellom Westray og Papay. Brenningane er restar av ei landtunge som danna ei skjerma bukt mellom dei to øyane. Som Jim fortalde meg:

– På Knap of Howar er det funne mykje østersskjel. Østers veks på grunt vatn. Eg trur dei sanka østers i vestbukta.

Dei levde elles av sjøfugl, av enkelt jordbruk og av fiske, av havfiske òg, som kravde fartøy, fartøya dei kom til Papa Westray med?

Piktarkyrkja

Sola glader. Eg riv meg laus og fylgjer ein stig attmed sjøen nordover. Han går parallelt med rullebanen og vegen. Etter ein kilometer kjem eg til ei kyrkje, ei av aller eldste på Orknøyane, aldri reformert, St. Boniface-kyrkja.

Namnet Papay har ikkje noko med frukta å gjera. Nei, ay er øy og papa prest, fader, pappa: Prestøya. Eller Papa Westray: Preste-Vestøy.

Kva for prestar? Kva møtte vestlendingane som kom hit sist på 700-talet? Piktarane budde her, men kven var dei då, sist på 700-talet?

Romanisering og kristning

Skal ein skjøna den store tidsskilnaden på kristninga av Dei britiske øyane på den eine sida og kristninga av Norden på den andre, må ein byrja med romersk erobring. Romersk-katolsk kristning kom som eit framhald av romaniseringa.

Romerske keisarar ynskte å erobra både England og Norden. England tok dei i 50 f.Kr., Norden freista dei å ta 60 år seinare, men då, utanfor Hannover i år 9, gjekk dei på det største militære nederlaget i den 700-årige erobringshistoria deira.

Av di England vart tidleg romanisert, før Kristus, vart dei tidleg kristna. Alt i 314 sende England tre biskopar til kyrkjemøtet i Arles. Norden fekk ikkje biskopar før kring år 1000.

Men som me veit: Ikkje før var Romarriket kristna, før det braut saman. Då romarane kring 400 trekte seg ut av England, vart England dels avkristna ­– erobra av heidenske nordeuropearar, anglarar og saksarar, som etter sigeren deira i år 9 ikkje vart romanisert og heller ikkje kristna ­­– ikkje før mot slutten av tusenåret.

Det keltiske Irland er eit unnatak i denne soga. Dei vart ikkje erobra av romarane, og heller ikkje av dei som erobra England etter romarane. Men kristna vart irane, og frå Irland breidde trua seg til det dels avkristna, dels aldri kristna Storbritannia, mellom anna til det som i dag er Skottland.

Der rådde piktarane. Dei var sterke i strid og stod mot romarane, som kring år 100 bygde Hadrianmuren som eit vern mot dei.

Kven var dei? 700 år seinare, då vikingane kom til øyrika og Skottland, rådde dei framleis grunnen.

Vestlendingane kjem

Som to venger bogar dei kvite brenningane ut frå kvar si side av Papay, om lag midt på øya, ein veng mot vest og Westray, ein veng mot aust og Holm of Papa, Prestholmen. Slik brenningane i vest ein gong var ei landtunge og ei skjerma bukt, var brenningane i aust det òg. Jim fortel:

– Austbukta var viktig i norrøn tid. Då vikingane kom austfrå, var austbukta den fyrste naturlege hamna dei kom til, der dei kunne liggja i le. Nord-Ronaldsey, som dei passerte fyrst, har ikkje ei slik hamn.

Me veit kven som budde på øyane då vikingane kom sist på 700-talet. Piktarane har vore framstilte som steinaldermenneske og omtala som «stammefolk», kjende for å måla og tatovera seg, ein skikk som kan ha gjeve dei namn, etter picturam (picture), latin for teikning.

Men det var ikkje steinaldermenneske vestlendingane møtte på Papay. Piktarane var kristne. Dei hadde jamvel bygd kyrkje på øya.

Piktarland strekte seg frå kring Glasgow og Edinburgh i sør til Shetland i nord. Kring 715 konverterte piktarkongen Nechtan 3. til kristendomen, og frå kring 725 byrja det opp å dukka opp kristne symbol på steinstøttene som piktarane er så kjende for.

Stadnamn og folkemord

Alle reisehandbøker og guidar gjer merksam på dei mange norrøne stadnamna i dei skotske øyrika. At det i store område er berre norrøne stadnamn, peikar mot ei mørk soge. Ein framståande forskar på feltet, skotsknorske Robert Ferguson, går djupt i soga i den framifrå boka The Hammer and the Cross. A New History of the Vikings (Penguin Books, 2016), som diverre ikkje er komen på norsk.

Ferguson drøftar tre mogelege forklåringar på at piktiske stadnamn brått forsvann, og vart erstatta av norrøne namn: 1) piktisk elite forsvann, og piktisk mål levde vidare som kjøkenspråk, 2) overlevande piktarar flykta til fastlandet, 3) piktarane vart utrydda.

Kva dei norrønt medvitne orknøyingane i dag feirar med alle vikingbutikkane og -produkta sine, er for alt me veit eit folkemord.

Piktisk språk, kva var det? Ei gåte er det framleis. Forskarane vert ikkje samde om språket er i slekt med gamle språk i området, som keltisk, eller om det som baskisk går heilt attende til tida før indoeuropearane kom.

Kor gamal var eigenleg kulturen vestlendingane øydela? Han endar med St. Boniface-kyrkja og dei norrøne åtaka på 700-talet, men kor langt kan ein fylgja han på den tusen meter lange stigen og dei mange tusenåra attende til Knap of Howar?

Oldtidsminna forsvinn i det fjerne når Douglas og eg set kursen sørover. På returen til Kirkwall er eg den einaste passasjeren. Piloten har mykje å fortelja, men så startar han dei to motorane, og då vert det uråd å prata.

Men i det eg skal til å forlata lufthamna i Kirkwall, kjem han med eit diplom: «Dette provar at Haavard Rem har floge mellom øyane Westray og Papa Westray, som Guinness World Records har verifisert som verdas kortaste ruteflyferd.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vart alle piktiske stadnamn erstatta av norrøne etter eit folkemord?

Orsak, ytre Hebridane, og tilgje meg, Shetland, men finast er Orknøyane.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis