🎧 Eit besøk hos dei dyraste smakane
Kan eit måltid vere hundre gongar betre enn eit anna?
Segnomspunnen matsal utan vindauge – her vert ingenting overlate til tilfellet: Dagslyset får ikkje forstyrre innelyset.
Segnomspunnen matsal utan vindauge – her vert ingenting overlate til tilfellet: Dagslyset får ikkje forstyrre innelyset.
Her er det berre å hoppe i det, trur eg, og servere poenget med ein gong: I kveld skal kjærasten min og eg bruke 10.000 kroner på å ete middag. Middagen skal vi ete på restauranten Maaemo – den einaste restauranten i Noreg nokosinne som har hatt tre Michelin-stjerner. Dette er såleis ikkje ei kvardagsleg hending eller ein kva som helst slags middag. Men det set tankar i sving: For den summen kan eg få ein rett nok gamal og rusten, men likevel fullt fungerande bil. Eg kan betale renter og avdrag på huslånet mitt i tre månader eller kjøpe poliovaksinar nok til 2304 born via Unicef.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.