Mat
Raust i Granada
Granada, byen ved foten av Sierra Nevada.
Foto: Kim Hansen / Wikimedia Commons
Granada er provinshovudstaden i Andalucía – arabarane døypte området al-Andalus – og har ei historie verd å utforske. Maurarane sin okkupasjon av det sørlege Spania og Portugal, som varte i fleire hundre år, sette spor som framleis ligg heilt opp i dagen. Ikkje minst på det kulinariske feltet, der du i fleire av signaturrettane kjenner att den nordafrikanske kjærleiken til spisskum, koriander, muskat, kanel, rosiner, mandlar og honning.
I Granada kan du mellom mykje anna oppleve det makelause Alhambra – eit slott og ei festning med særs rik historie. Alhambra er framleis under konservering. Byen ved foten av Sierra Nevada har hagar, parkar og arkitektur som kan få den mest blaserte globetrotter til å måpe.
I 2021 skil Granada seg ut som ein av dei siste stadane i Spania der appetittvekkarar – tapas – framleis blir servert gratis når du kjøper noko å drikke. Den sørgjelege finanskrisa gjorde slutt på denne flotte tradisjonen i andre delar av landet, men Granada held stand.
Praksisen kan variere: Somme serveringsstader lèt deg velje sjølv, andre gir deg tapas frå ein fast meny. Vi blei svært imponerte over hugsen til servitørane, for dei visste nøyaktig kva for ein tapa vi hadde ete, slik at vi ikkje fekk den same to gongar.
På min første tur til Granada hadde vi, som trauste nordmenn, planar om å ete middag, men så måtte ein jo ut og forfriske seg litt først. Varmegradar gjer jo slikt naudsynt, men etter å ha praktisert den populære Granada-sporten ir de tapas, der ein går frå bar til bar og et tapas, var vi så stappmette at middag blei uaktuelt.
Og dette er ein livleg by, ikkje minst på grunn av dei 82.000 studentane som gjer sitt for at energien er på topp. Det er ei liberal stemning, ja, faktisk så liberal at bartenderen bak disken fyrte opp ein solid trompet av ein joint mens han tappa ølet vårt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.