Juleramen
Ramen med soyamarinerte egg.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
Recipetineats
På Recipetineats.com finn du oppskriftene på både ramen og pho og nesten alt som er godt i den heile vide verda.
Du kan òg søke på ingrediens. Om du til dømes har kylling, oksekjøtt eller reker, skriv du det i søkefeltet – så får du massevis av lekre forslag.
Denne bloggaren er òg veldig flink til å fortelje kva du kan gjere når du har laga for mykje mat, med forslag til kva du gjer med restane.
I hennar oppskrift på pho ga skal det vere berre 150 gram kyllingkjøtt til fire personar – kva gjer ein då med det som er til overs?

Så vart det jul og nyttår i Noreg likevel. Eg som skulle til kunstnarbustad i Berlin i to veker, sitje på halvskitne kneiper med interessante og rare folk eg aldri hadde møtt før, ete saftige snitslar eg kunne skryte av i ei smal nynorsk kulturavis – slik blei det ikkje.
Det er liten vits i å dra til Berlin når det meste ein kjem til å oppleve, sannsynlegvis er å stå i ubehagelege køar på flyplassar med mann brann, høne pøne, gasse vasse og åtte skrikarungar, vel framme å måtte rømme unna antivaksarar og nynazistar som går berserk i demonstrasjonstog, og så bruke opp resten av reisekassa på munnbind og hurtigtestar.
For oss som elskar å reise, er denne situasjonen drepen, sjølv om det finst eit alternativ: Eg kan sjølvsagt late som eg reiser. Eg treng jo forandring, så eg kan alltids flytte ut frå soverommet og reie opp i stova. Så kan eg om morgonen ta på meg ein frakk og ei alpelue eg ikkje har brukt på mange år, reise med trikken til ein stoppestad eg aldri går av på, og handle i ein butikk eg ikkje har vore i. Men det blir ikkje heilt det same. Det gjer ikkje det.
Sidan det ikkje blei berlinske julemarknader med currywurst og glühwein, tenkte eg å føre vidare den ganske nye tradisjonen med å servere sønene mine ramen til jul. Denne japanske favoritten har begynt å ta av også her i landet, og det som alltid skjer når det nærmar seg jul, er at eg må sjekke om eg har ingrediensane.
Ofte står det som trengst i skapet, men ein skal ikkje alltid stole på den flaska med soyasaus ein kjøpte for eit år sidan, sjølv om ho ifølgje datoen held til 2022. Heller ikkje fiskesausen, som gjerne blir full av saltkrystallar etter ei tid. Og det å gå på ein velfylt asiatisk supermarknad er jo ei heil oppleving i seg sjølv.
Eg drog av garde og kom heim med fangsten, som blei avbilda og lagd ut i såkalla sosiale medium. Ikkje lenge etter fekk eg ein spydig kommentar: «Ramen med risnudler? Du skal nok heller lage pho!»
Eg var avslørt. Og ikkje gadd eg endå ein tur til byen, så då fekk det heller bli pho, nærare bestemt pho ga, vietnamesisk kyllingsuppe. Når eg lagar asiatisk, støttar eg meg alltid på ein matbloggar som held til i Australia. Bloggen finn du på Recipetineats.com, dama er av asiatisk byrd og byr på ei veritabel skattkiste av oppskrifter på mat frå heile verda. Freistande, kreativ, grundig og informativ.
Dessutan har ho full forståing for lesarar som ikkje får tak i alle ingrediensane, og tips om kva du kan erstatte med eller klare deg utan. Alle vi som les eksotiske oppskrifter, støyter jo på minst eitt punkt som er umogleg å skaffe: Til dømes «ein 2 cm bit av mor Teresas bønnering, finmalen», «4,3 gram jau-jau-nøtter, grovhakka» eller «1/2 cl av jomfru Marias tårer frå miraklet i Nazaré».
Løyndomen ligg sjølvsagt i å halde kjeft om at du ikkje har alle ingrediensane. Å lage pho av kylling er dessutan ein god del enklare enn å lage ramen. Du startar med å svi (ja, svi!) fire halve laukar og nokre skiver ingefær i brennheit olje. Så legg du i kyllinglåra (eller heile kyllingen) saman med kraftingrediensane koriander, stjerneanis, kanelstong, nellik, korianderfrø, fiskesaus, sukker og vatn. Etter halvannan times putring er krafta ferdig til å silast og etterkrydrast, og kyllingen er kokt til perfeksjon. Så skal det heile toppast ved bordet med vårlauk, fersk koriander, thaibasilikum, chili og chilisaus.
Det einaste eg saknar med dette, er dei fantastiske soyamarinerte egga, som ofte blir serverte med ramen, men det får bli neste jul.
Så, dagen før dagen då sønene skulle kome på middag, slo det inn med covidsmitte og karantene for ein av dei. Dermed måtte heile sulamitten lagast ferdig, leggjast i frysaren og vente til seinare i romjula. Kyllingsuppa blei då servert mellom anna til ei dame med filippinsk bakgrunn, som åt ein gigantisk porsjon og takka for maten med å seie: «You have made authentic Asian food!» Eg var så stolt som ein hane.
Godt nytt år til alle!
Dagfinn Nordbø
er tekstforfattar og satirikar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ikkje gadd eg endå ein tur til byen,
så då fekk det heller bli pho.
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.