JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MatFeature

Attende til Egypt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frukt og søte saker i fleng på buffeten i Sharm el-Sheik.

Alle foto: Dagfinn Nordbø

5093
20220909
5093
20220909

Eg har tidlegare så vidt nemnt egyptreisa mi her i spalta. Nyleg kom eg over hundretals bilete eg tok under opphaldet, så no skal eg fortelje litt meir. Oppglødd over den såkalla arabiske våren drog eg av garde på impuls. Naiv som eg var, trudde eg opptøyane var starten på ei demokratisk utvikling. Feil. Det gjekk eitrande gale.

For meg innebar reisa likevel ei endring, om enn banal nok – av di eg for fyrste gong oppdaga kva lukke det er for ein velvaksen mann å gå i arabiske mannsklede. Ti drakter kjøpte eg den gongen, og no, ti år etter, går eg sjeldan i anna utandørs når vêret er varmt. Innandørs brukar eg djellabah heile året. Eg har cirka 30 forskjellige i garderoben no, sydd for meg i mange land.

Ein lærer alltid noko nytt når ein reiser langt. Min lærdom var denne gongen at det kanskje ikkje er så smart å sette seg til på balkongen nattetid og hyggje seg med godsaker frå taxfree alt fyrste natta. Det var ei på mange måtar rusande natt. Grashoppene surra i timen før soloppgang, og så fekk eg frå muezzinen i nærleiken høyre morgongrybøna, fajr, som eg synest er den aller vakraste.

Lågt, nesten heilt umerkeleg, smyg ho seg innpå deg, bøna skal byrje halvannen time før soloppgang og må slutte like før sola står opp. To netter sat eg oppe for å høyre, og Mohammed, fred vere med han, tilgir vel at eg skjenkte meg nokre gode glas rom til underhaldninga – eg er jo ein kaffir (vantru) uansett.

Då eg gjekk til lunsj tredje dagen, var det ein norsk sjukepleiar som blei uroa over nokre raude prikkar ho kunne sjå på beina mine. Eg blei overtydd om at det måtte ha vore småkryp i senga på rommet, noko resepsjonisten sa militært og hardnakka nei til. Sjukepleiaren meinte eg måtte ha lege, og slik blei det.

Inn på rommet mitt skreid snart hotellets eigen doktor Nasser, sjølve sinnbildet på ein hotellege med diger brun skinnkoffert, kraftig mustasje, pedagogisk haldning og gebrokken engelsk. Han tok berre et kort overblikk og proklamerte at eg var myggstukken. Saka var ifølge dokter Nasser at eg heilt tydeleg hadde fått ein allergisk reaksjon mot den lokale egyptiske myggen, som han kalla egyptian culex. Han forklarte at denne myggsorten er så smart at han held heilt kjeft der han flyg. Myggen summar ikkje. Difor la eg heller ikkje merke til at eg blei stukken, og tett i tett raudprikkete nedover begge beina.

Dokter Nasser forsynte meg med to vaksne sprøyter, ei i kvar flanke. Innimellom formana han meg om at eg ikkje måtte gjere som andre turistar, nemlig klyve opp på ein kamel utan å ha på meg sokkar og sko, for då ville eg få lopper og lus: «You see, the camel is a filthy animal, and look – your women ride it in a bikini!»

Dokterens medisin verka, og eg hadde uansett ingen planar om å klyve opp på nokon kamel – med min monumentale høgdeskrekk vågar eg ikkje eingong å stige opp på andre trinnet på ein gardintrapp. Eg var meir interessert i god mat og drikke, som eg alt hadde betalt for.

All inclusive, det er tingen for ein matmons som meg. Matsalen var staden for overdådige oppsatsar og buffear med kvitt brød, frukt, grønsaker og salatar av ymist slag. Varmrettar med kjøt, fisk eller egg blei laga for meg på staden, hummar blei gratinert mens eg venta, og kaker og dessertar i lange banar stod der til alle måltid. Etter slike måltid var det freistande å berre gå ut til bassenget og tinge ein times massasje.

Ein lystig danske fekk ein dag for seg at det kunne vore ein morosam prank å knipse bilete av meg mens eg låg der på magen på massasjebenken. Han drog til og med ned handkleet. Biletet viste han fram under humring og lått til dei typisk altfor joviale danske turistvenene sine.

Dårleg humor, spør du meg – enkelte menn blir jo aldri eldre enn åtte år i hovudet. Eg spurde han om å få sjå bileta, sidan dei tydelegvis var så morosame. Han gav meg kameraet, den tosken – og då gjorde eg sjølvsagt det einaste rette: Heiv kameraet resolutt ut i svømmebassenget.

Dansken tok ikkje fleire bilete den ferien.

Dagfinn Nordbø er satirikar
og tekstforfattar.

Pyramiden

I Egypten bodde egypterne
for lenge, lenge siden.
De bygget så høyt, egypterne,
og vet du hvordan egypterne
fikk bygget pyramiden?

De tenkte som så, egypterne:
«Av stener bygger vi den.
Vi samler sten: først én, så én,
og enda flere siden,
og legger sten på sten på sten,
så har vi pyramiden!»

Men der tok de feil, egypterne,
ja, skammelig feil, egypterne,
for stenen var så tung og svær
at ingen kunne få lagt den der,
nei, ikke engang egypterne!

Da var det at en av egypterne,
den klokeste mann av egypterne,
fikk en idé. Han sa: «Vi vil
forsøke det med fløytespill,
så får vi pyramiden til!»
Det sa han til egypterne.

Så spilte de fløyter egypterne,
ti tusen fløyter, egypterne,
og stenene gikk
for full musikk
til værs: først én, så én, så én,
og enda flere siden,
og la seg flyvende sten på sten
og ble til pyramiden!

De fikk det til, egypterne,
med fløytespill, egypterne,
engang i egyptertiden.
Nå vet du hvordan egypterne
fikk bygget pyramiden.

André Bjerke

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

All inclusive, det er tingen
for ein matmons som meg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

ReportasjeFeature

Å stira diskret

Kvifor er det flautt å sjå?

May Linn Clement
ReportasjeFeature

Å stira diskret

Kvifor er det flautt å sjå?

May Linn Clement
Gjennom foto og tekst dokumenterte Maria Gros Vatne eit annleis liv på bloggen Wildandfree.no. Ho og mannen Nik Payne forlét bylivet og trygge jobbar til fordel for økologisk gardsbruk og heimeskule. Her ser me sonen Falk.

Foto: Maria Gros Vatne

FilmKultur
Mona Louise Dysvik Mørk

Frå draum til sorg

Ukjent landskap vinn den eine prisen etter den andre. No er den å finne på lista over filmar som er kvalifiserte til vurdering av Oscar-akademiet i kategorien «Beste dokumentarfilm».

Peter Flamm (1891–1963) var ein tysk lege med jødisk familiebakgrunn som i 1926 gjorde furore med debutromanen.

Foto: Otto Kurt Vogelsang / Ullstein bild

BokMeldingar
Oddmund Hagen

«Jeg? er ein djupt fascinerande og høgst moderne tekst om sinnsforvirring og dobbelt­gjengeri»

Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.

Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Kven har makt over kven?

Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.

Krevjande buksering i tronge norske fjordar; her kjem taubåten til sin rett. Éin taubåt sleper framme, medan to mindre båtar er kopla til sidene i fall dei kjem for nære land. Bakarst er ein fjerde og siste taubåt i standby dersom lekteren treng å bremse opp.

Foto: Svein Egil Økland

ReportasjeFeature

Taubåten – den maritime arbeidsgampen

For somme sjøfolk er livet på ei ferje eller eit cruiseskip ikkje variert eller spanande nok. Då er kan hende løysinga å hoppe over på tug-en – ein jobb der kvar dag er garantert å vere ulik den førre.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis