JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Ta den ring og la den vandre

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ringorm er ein svært vanleg og smittsam sjukdom hos storfe.

Foto: Wikimedia Commons

4897
20210820
4897
20210820

Sopp som angrip huda, er vanleg hos både dyr og menneske over heile verda. Desse soppane høyrer til ei soppgruppe som blir kalla dermatofyttar. Du finn dei både i jord, på dyr og på menneske. Fleire kan smitte mellom ulike dyreartar og nokre frå dyr til menneske (zoonosar). Infeksjon med slike soppar gjev ofte sirkelforma område med hårtap og utslett, noko som har ført til det folkelege namnet ringorm.

Her i Noreg var det i 1970-åra vanleg med infeksjon av soppen Trichophyton verrucosum hos storfe. Vaksinering og aktiv kamp mot smittespreiing førte til at denne typen ringorm var nesten utrydda her i landet i 2010. No spreier sjukdommen seg på nytt, særleg i kjøttfebesetningar i Rogaland.

Smittsamt

Storfe kan bli smitta av andre artar av dermatofyttar frå både hest og katt, men i Noreg er det storfevarianten (T. verrucosum) som er vanlegare og meir smittsam, og det er ein meldepliktig sjukdom.

Symptoma er hårtap og dei karakteristiske ringforma utsletta med skorper og flassing. Soppen spreier seg som annan sopp, med sporar. Direktekontakt mellom dyr på fellesbeite og ved sal av livdyr er kjende smittevegar. Under gunstige forhold kan sporane òg overleve mange år i miljøet, spesielt i gamle fjøs med veggar og innreiing av tre.

Korleis infeksjonen med slike dermatofyttar går føre seg, er komplisert å forklare, men dei er det vi kallar keratinofile – eller med andre ord: Dei trivst best på hud og hår. Og soppen kan berre angripe hår, negler og intakt hud der han kan slå seg ned utan å komme i kontakt med immunforsvaret til verten.

Etter å ha etablert seg på overflata skil soppane ut enzym som bryt ned hornlaget og endrar den naturlege pH-en i huda frå svakt surt til basisk. Etter det kan soppen spreie seg nedover i vevet. Hårsekkene blir ofte øydelagde, og det er gjerne der det òg blir sekundære bakterieinfeksjonar. Ringorm på menneske angrip helst ungar, og merkeleg nok fleire gutar enn jenter, og som ved andre soppinfeksjonar er det ofte ein føremon (for soppen) at immunforsvaret til verten på eit eller anna vis er svekt på førehand.

Skabbskolt

Frå gamalt har ringorm av ulike typar vore ein svært vanleg sjukdom hos menneske, særleg hos barn – der dei mest alvorlege symptoma var hårtap saman med sekundære infeksjonar og byllar oppe på hovudet. Då ein mangla kunnskap om årsaka og ikkje hadde effektiv medisin, spreidde dette seg raskt på skular og der ungar budde tett. I England på 1800-talet var det rekna som stor skam å vere ein «skabbskolt».

Liknande tilhøve finn vi òg i dag, til dømes i India, der talet på sjuke er aukande og mange får store plager på grunn av sein diagnose og mangelfull eller feil behandling.

Ein meir spesiell smitteveg er via sveitte matter i gymnastikksalar eller på treningssenter. Særleg skal dei som trenar bryting, ha stor risiko for å bli smitta.

I ein fransk studie av ringorm hos menneske i tida frå 2004 til 2016 fann dei meir ringorm dei siste fire åra. I materialet deira var det ein sterk samanheng mellom å ha ringorm og å ha hatt direkte eller indirekte kontakt med storfe – og forskarane undra seg over at det verka som sjukdommen var meir utbreidd i år med høg temperatur og mykje regn. Ringorm kan vere ei av dei mange plagene som kjem til å trivast godt med dei menneskeskapte klimaendringane.

Ringormens herre

For 25 år sidan vart det funne ringorm i fleire tusen besetningar kvart år i Noreg. I enkelte område var alle besetningane smitta, i tillegg var ringorm ein vanleg diagnose hos folk. Frå 1979 vart det sett i gang systematisk vaksinering. Vaksinen verka så effektivt at mykologar ved Veterinærinstituttet kalla han ringormens herre. Saman med behandling og nedslakting av smitta dyr gjorde vaksinen det mogleg å slå ned smitten, og i 2010 var sjukdommen nesten utrydda.

Men der sjukdommen vart utrydda, har dei slutta med vaksinering, og sidan 2018 har ringormen spreidd seg på nytt i storfebesetningar på Vestlandet, særleg blant dei som driv med kjøtfe.

I november i fjor var det raud smittealarm i Sør-Rogaland, og all omsetning av levande dyr vart forbode, med mindre dyra var vaska med jod og undersøkte av veterinær. Med kjøtfe er det eit problem at dei ofte manglar dei typiske hudlesjonane, og smitta dyr har få, atypiske eller ingen skadar på huda. Då er det vanskeleg å plukke ut dei individa og dei stadene på kroppen som skal undersøkjast. Men ein ny metode der dei børstar dyra for å samle prøvemateriale, ser ut til å gje betre resultat.

Ringorm, eller rettare dermatofyttar, er ein type sjukdomsagens som vil vere vanleg hos både menneske og husdyr i all framtid. Kunnskap om verdien av god smittehygiene og om samanhengen mellom sjukdom hos folk og dyr (ei helse) er naudsynt for å unngå meir sjukdom og meir medisinbruk.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Ringorm kan vere ei av dei mange plagene som kjem til å trivast godt med dei menneskeskapte klimaendringane.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis