Eit kunnskapsvakum
Barbara Krause vart fråteken medaljen frå VM i 1978. Då det var påpeika at dei kvinnelege symjarane hadde blitt grovare i målet, skal ein Øst-tysk trenar ha svara at dei var her for å symje, ikkje for å synge.
Foto: Rob Bogaerts /Wikipedia
Ordet doping stod for fyrste gong i den engelske ordboka i 1889 og tydinga var ein slags opiumblanding som skulle få hestar til å springe raskare. Sidan den gong har all slags urter og remedie vart prøvd ut. Fyrst langt utpå 1900-talet gav doping verkeleg effekt. Då kunne ein lage effektive smertestillande og kunstige variantar av naturlege verkestoff, som til dømes hormon. Bra for dei med diabetes, men vitskap om at muskelstyrke og uthald blir regulert av hormon, var også utgangspunkt for nye metodar å dope seg på.
DDR si dopinghistorie på 70-talet er spesiell. Då det vart gjort funn som viste at mannlege kjønnshormon gav fysisk effekt på kvinner, vart stoffet gitt til jenter heilt nede i 13-årsalder. Tablettar vart systematisk blanda ut i drikkeflaskene, nokre gonger utan at jentene viste om det. Kunstige hormon i kombinasjon med trening og kvile gjorde at jentene la på seg enorme muskelmassar. Det uheldige var at også biverknadane kunne vere enorme.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.