Sport
Det geniale handikapet
God stemning i Bærum golfklubb i 1993. Kanskje takka vere eit godt etablert handikapsystem?
Foto: Nasjonalbiblioteket
Ein sein kveld på Svanen trefte eg ein kar som ikkje kunne slutte å snakke om golf. Eg, som nett hadde sagt at eg var idrettspedagog, måtte jo høyre etter. Og poenget hans var ikkje så dumt: Golf er den beste sporten fordi ein kan drive med han heile livet. Kva med tennis, spurde eg, der ein også kan spele på teknikk versus fysikk. Motargumentet var bra: I tennis treng ein alltid ein motspelar på same nivå – og korleis finn du det i ein alder av 80 år?
I golf kan du takka vere handikapsystemet (HCP) alltid finne ein motstandar som passar ditt nivå, det vere seg bestemor eller barnebarn. Ein nybyrjar startar med 54 i HCP som gjer at han får fleire mottekne slag per hòl, i motsetning til ein med lågare HCP. Dess betre spelaren blir, dess lågare HCP. Dette er så inkluderande og pedagogisk at ein skulle tru sporten var utvikla av ei kroppsøvingslærar på 2020-talet.
Handikaprekninga var derimot i gang alt på slutten av 1600-talet, ifølgje gamle dagbøker funne i Scotland. Dei som ikkje var så gode, fekk ekstra slag. Systemet utvikla seg, men det gjorde også misnøya. Eit problem var at systemet då ikkje tok omsyn til kor vanskelege dei ulike banane var.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.