Adventsfuglen
Den vesle, runde dompapen er ein mangfaldig figur.
Dompapar – hannen med raudt bryst som ein raud pionblom, hoa med gråbrun fjørdrakt.
Foto: Éric Roualet
Her nord prydar dompapen julebileta, hannen med sinoberfarga bryst, hoa med langt rolegare gråbrun fjørdrakt. Når snøen har lagt seg, kan ein iblant, anten ein vandrar i byen eller går ein skitur, sjå sinoberbrystet til hannen melde seg som eit innskot i det kvite landskapet. Ved fôringsbrettet kan ein av og til sjå at det er hoer som styrer tilgangen. Dei blir omtalte som dominant i parforholdet, året igjennom.
I hekketida held dompapar seg skjult, så lågmælte og godt gøymde i det tjukke lauvverket at folk lenge trudde at dei flaug bort, lenger nord, om våren. Sjølv etter at ein hadde skjønt at dei var der, berre stille for jordbundne menneske, blei det ikkje særleg lettare å finne reira deira og å observere dei i hekkesesongen.
Lokale dompapar flest synest å opphalde seg i Noreg året rundt og viser seg gjerne i dei kalde månadene.
Det norske namnet dompap kjem frå lågtysk og viser til likskap mellom fjørdrakta til hannen og eit utbreitt plagg hjå embetsmenn i den katolske kyrkja (Dompfaffen). Sånn sett lyder nemninga pussig i Noreg, der protestantismen så raskt fann fotfeste.
Sjølv Luther skal ha gått bort frå nett den raude prakta som hadde funne vegen inn til kyrkja, i form av karmin – det raude pigmentet dei rike brukte, utvunne frå skalet til ei lita skjoldlus.
Og i landet der kong Sverre, tre hundre år før reformasjonen, talte Roma midt imot, fekk ordlyden i ordet dompap ei anna kopling, mellom dom og dum. Det er på altså på grunn av språklyden, ikkje åtferdstrekk, dompapen kan ha blitt assosiert med dumskap i daglegtale.
Den vesle, runde dompapen er ein mangfaldig figur. Denne frø- og knoppetaren nøler sjølvsagt ikkje med å forsyne seg frå frukttre. Nokre stader på Vestlandet var det skotpremie på arten før i tida.
På engelsk viser namnet bullfinch til den kraftig bygde kroppen, som har gjeve assosiasjonar til ein okse. Den same assosiasjonen ligg til grunn for det franske namnet, bouvreuil pivoine, som vidare fortel at den okseforma hannfuglen har same farge som ein raud pionblom.
Dompapen har faktisk litt av begge delar – på den eine sida sterk som ein okse, på den andre delikat som ein blom. Ringmerkarar veit at han kan bli sett ut av å bli fanga, og må handterast med omhug.
Det vitskaplege artsnamnet Pyrrhula pyrrhula tyder «flammefarga» på latin, avleidd frå gammalgresk. Utbreiingsområdet for arten er vidt og strekkjer seg mellom dei vestlege ytterpunkta i Europa, Portugal og Irland, og Japan. På Island og i Nord-Amerika opptrer han stundom og er blant dei sjeldne artane. I skrivande stund er ti underartar anerkjende.
Også i Japan har dompapen vore ein viktig skapning for menneske: Namnet på fuglen og ordet for løgn er det same, uso. Under shinto-seremonien usokae shinji, som går føre seg i byrjinga av januar, går trefigurar av dompap frå hand til hand blant deltakarane. Fargelegginga etterliknar den lokalt vanlege underarten griseiventris, som berre har raudt i hakeregionen.
Namnet på festivalen tyder «(ut)veksling av uso», det vil seie utveksling av dompapar eller løgner. Verna av den særs ærlege Sugawara no Michizane, ein lærd poet som levde på 800-talet og blei til guddom i shinto-panteonet, blir løgnene til folk, uttrykte som dompapar, veksla i ei velsigning.
Om vinteren synest ikkje dompapane å syngje, men dei ytrar ei rekkje lydar – mellom anna flukt- og kontaktrop. Ropa og songen blir skildra som enkle og sørgmodige.
Mellomeuropeiske fugleoppdrettarar – anten dei var bønder eller forskarar – opplevde at unge dompapar dei alte opp i fangenskap, kunne byrja å plystre dei same songane som menneske, av og til sjølv om dei levde i lag med artsfrendar òg.
I den vitskaplege litteraturen kan ein finne ei forteljing om ein hanndompap fostra opp av kanarifuglar. Han lærte seg sjølvsagt kanarisong, og songen blei vidareført, nærmast uendra, fram til dompap-oldebarnet hans.
Med spennvidda i utbreiingsområdet, fargane, den gode hugsen og evna til å halde på løyndomar er dompapen ein framifrå adventsfugl – i stand til å opna luker mellom ulike plassar og tidsepokar. Sjå og høyr etter han, helst begge delar, om du kan!
Ein gong tidleg i mars månad besøkte eg ein ornitologven i Nittedal. Vårtrekktida hadde byrja, ei tid då ein kan venta mangt, både av gjensyn og møte med sjeldne fuglar. Men denne dagen kom den største overraskinga frå dompapane.
Fyrst var det dompaplydane, dei kjende – ein gjentakande, mjuk, men tydeleg utskoren pjuh-pjuh. Så kom songen, meir lågmælt, bablande og mangfaldig. I kva grad skulle fyrst bli tydeleg då eg fekk ta på meg hovudtelefonar kopla til ein parabolmikrofon.
Slike opptakarar blir brukte av feltornitologar og spionar: Dei kan fanga til og med svake lydar frå langt hald og eignar seg godt til å lage kvalitetsopptak. Denne songen frå ein usynleg dompap lydde som ei innhaldsrik kviskring, frå nokon som hadde mykje å seie – med ei mengd lydar, glatte og fresande, metalliske og rufsne, nokre latteraktige. Så viste fuglen seg: Det var ei hoe.
Dompapen var med på å undergrave førestillinga om at det nesten berre er hannar som syng blant hekkande songfuglar i Europa. Denne forteljinga kan sporast tilbake til Darwin, som med rette la merke til at hjå trekkfuglar var det hannane som pla kome før hoene til hekkeplassane. Der blei det òg tydeleg at song hadde med etablering av revir og tiltrekking av make å gjere. Sånn sett trong ikkje hoene syngje, dei skulle «velje».
Korleis denne forteljinga i seinare tid har vore rokka ved, er ei lang og levande soge. Adventsfuglen dompap er ein del av den soga. Det handlar om å lytte vidare.
Naïd Mubalegh
Naïd Mubalegh har bakgrunn i evolusjonsbiologi og arbeider som omsetjar og lærar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø