JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

– Eg likar kaffi fordi det gir meg illusjonen om at eg
kanskje er vaken

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5598
20200214

Kaffi

1. Kaffiens verknader blei oppdaga av ein etiopisk gjetar. Han observerte at geitene vart meir energiske etter å ha ete kaffibær, og dei sov heller ikkje om natta. Gjetaren fortalde om oppdaginga til lokale munkar, og etter å ha laga ein drikk av kaffibæra kunne dei halde seg oppe heile natta for å be. Det er ikkje undersøkt om det er same verknaden som er ynskst i norske bedehus, som ofte har kaffikjelar på storleik med ei folkevogn. Ein veit enno ikkje om kaffi fører til tungetale.

2. Irish coffee blei oppfunnen i 1942. Eit fly på veg til Newfoundland stod forseinka på Keflavik flyplass på grunn av dårleg vêr, og passasjerane fraus. Purseren Joe Sheridan fann då på å helle irsk whisky i kaffien for å varme dei opp. Den originale oppskrifta på irish coffee har ikkje piska fløyte: Fløyten skal berre ristast tjukk. Ein klok mann, Alex Levin, sa: «Irish coffee inneheld alle dei fire viktige næringsstoffa: alkohol, koffein, sukker og feitt.»

3. I Colombia og Brasil er heile økonomien basert på kaffi. Brasil produserer halvparten av all kaffien i verda. I 1932 hadde ikkje Brasil råd til å finansiere turen til USA for dei brasilianske OL-deltakarane. Regjeringa sette då utøvarane om bord i eit skip fullt av kaffi, som blei seld på turen. Men er kaffi sunt? Berre i USA blir det drukke 400 millionar koppar kaffi kvar dag. Verdas eldste katt blei 38 år, ifylgje Guinness rekordbok – han heitte Creme Puff og drakk kaffi kvar morgon heile livet.

Kjelder: Mobile-cuisine.com, Boredpanda.com, Agiboo.com

Orda er henta frå Lewis Black, ein av USAs vittigaste menn. Han har også sagt: «Trump trur The Flintstones er ein dokumentarfilm.» Har du omlaup i hovudet som herr Black, kan det tyde på at du drikk mykje kaffi. Sjølv skriv eg aldri noko som helst utan ein rykande kaffikopp på bordet. Det funkar.

Mitt fyrste møte med kaffi var bisarre saker. Mor og far, med røter på Vestlandet, hadde ein spesiell måte å unngå matsvinn på. Dei kokte kaffi og hadde i mjølk. Så dyppa dei tørre brødskalkar i brygget til dei var heilt gjennomtrekte og smurde på ein dugeleg klatt meierismør. Så gjekk det inn i munnen i ein jafs. Eg var fire år og syntest det var himmelsk godt. Eg lèt meg ikkje forundre over at dei tilbyr kaffi med smør i avanserte kaffipalass. Italienarane dyppar jo biscotti i kaffi, og franskmannen Marcel Proust skreiv sju tjukke bind om å dyppe madeleine i te.

Mjølk i kaffien har no blitt markør for at ein har tatoveringar, bur på Grünerløkka, er under tretti år og elles ikkje anar noko om realitetane i verda. Realitetar finst som kjent ikkje i hovudstaden. Men kaffi og mjølk er ein match skapt av Vårherre. Sjølvsagt ikkje den tynne misjonskaffien som vert servert i bibelbeltet, det er ei av protestantismens største ufyser, kokt for å førebu dei truande til lidingane i skjærselden. I Noreg i dag drikk folk kvar dag kaffi som like godt kunne vore kveldsurin frå forstandarinna i kyrkjelyden. Ingen ville smakt forskjell.

Ein dobbel espresso derimot, med nok bitterheit, blir olympisk god saman med søtleiken og feittet frå kumjølk. Den lokale bakaren min kunne sikkert kjøpt seg ein Ferrari for dei pengane eg har brukt på dobbel kaffi latte gjennom åra. Det er i orden for meg. Det er større sannsyn for å døy av å køyre Ferrari enn av å drikke kaffi. Kaffiforskinga er forresten den mest komiske av alle: Annankvar dag er kaffi livstruande, neste dag gir han deg fem år ekstra levetid.

Kaffi er ein utmerkt smaksgivar til lammekjøt. I den neste lammegryta du lagar, ha i ein kopp espresso og ein bit 80 prosent sjokolade. Du vil ikkje angre. Bitterheit er ein god ting når det er mat det handlar om. Andre typar bitterheit finn du lettast i politiske sjølvbiografiar.

Før eg vart frelst på kaffi med mjølk, drakk eg det italienarane kallar americano: espresso blanda med litt kokheitt vatn. Ved eit av dei fyrste besøka i det som skulle bli stambaren min i Sør-Frankrike, tinga eg ein morgon ein dobbel americano. Servitør Yves himla litt med auga, men gjekk inn for å ordne tinginga. Ut kom han omsider med eit digert stettglas, fylt med like delar Campari og søt vermut, isbitar og appelsinskive. 15 euro. Ikkje det eg vanlegvis drikk om morgonen.

Ingen kan nekte for at kaffi er eit underverk som passar saman med ei rekkje andre råvarer. Berre spør irane, som fann opp irish coffee. Hugseregelen for perfekt irish coffee er å aldri, aldri tinge det på bar. Ingen kan lage han ordentleg, dei rotar det til med krem på sprayboks og sugerøyr og skvipkaffi frå termokanne. Eg lærte det av hotellkelneren min mellom slaga under okseløpa i Pamplona: Bruk store krus eller glas. Kok krutsterk kaffi. Varm opp god whisky til 30 gradar, men bruk temperaturmålar, elles går du glipp av moroa. Legg i ei raus matskei brunt røyrsukker. Rør til sukkeret er heilt oppløyst i whiskyen. Hell i kaffien. Rist kald kremfløyte tjukk i kartongen eller eit glas med lokk, og lat han renne varsamt ned på ei lang teskei du har bøygd til 90 gradar. Fløyten skal leggje seg som eit centimetertjukt lokk. Drikk så herlegdomen gjennom fløyten. Sugerøyr er strengt forbode.

Sidan nasjonalismen er på moten att, vil eg tipse Trygve Slagsvold Vedum om den heidundrande norwegian coffee. Den lagar du som eg nettopp har forklart, men whiskyen byter du ut med Gammel Opland. Krydderet og urtene i akevitten gjer drinken mykje meir spennande enn irish coffee. Men det må du aldri seie til ein ire.

Dagfinn Nordbø

Dagfinn Nordbø er tekstforfattar og satirikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mitt fyrste møte med kaffi var bisarre saker.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis