Britisk politikk

«We want our country back»

Meir enn 100.000 britar deltok i ein demonstrasjon organisert av den polariserande
ytre høgre-aktivisten Tommy Robinson. Kvifor deltok folk, og kva står dei for?

Engelske og britiske flagg vaiar under «Unite the Kingdom»-demonstrasjonen i London 13. september 2025.
Publisert Sist oppdatert

Britisk protest

Ifølge politiet i London deltok 110.000 til 150.000 på ein demonstrasjon laurdag 13. september.

Demonstrasjonen vart organisert av Tommy Robinson, ein ytre høgre-aktivist som fleire gongar har blitt straffedømd.

Om lag 5000 deltok i ein motdemonstrasjon i ein annan del av London.

Høyr:

Laurdag 13. september marsjerte meir enn 100.000 britar gjennom Londons gater i den største demonstrasjonen organisert av ytre høgre på fleire tiår. «We want our country back!», «God bless Charlie Kirk» og «Get them out» stod det på nokre av plakatane og flagga.

Demonstrasjonen vart organisert av ytre høgre-aktivisten Tommy Robinson. Han ville samle folk i London til ein «Unite the Kingdom»-protest, eller ein «ytringsfridomsfestival», som hendinga òg blei kalla.

Kven deltok? Kva stod dei for? Kvifor var dei så mange? Desse spørsmåla vert debatterte i britiske aviser og medium. Høgre- og venstresida i britisk politikk tolkar demonstrasjonen ganske ulikt. Den venstreorienterte avisa The Guardian legg det fram slik

«Demonstrantar reiste til London med tog og buss for å delta i ein demonstrasjon som vart marknadsført som ein ‘festival for ytringsfridom’. Ved slutten hadde han likevel forsterka rasistiske konspirasjonsteoriar og antimuslimsk hatprat over heile Whitehall (regjeringskvartalet, journ.mrk.).»

I den konservative og høgreorienterte avisa The Telegraph skriv Allison Pearson ein artikkel med tittelen «Det anstendige fleirtalet i Storbritannia er ikkje rasistar, dei er berre livredde for å miste landet dei elskar». Ho meiner demonstrasjonen vart svartmåla som høgreradikal, «sjølv om berre nokre få opplevde vald i det heile, og menneske av alle rasar og religionar omgjekst fritt og uproblematisk».

Robinson

Demonstrasjonen vart organisert av Tommy Robinson, ein aktivist som står eit godt stykke lenger til høgre enn opposisjonsleiaren Nigel Farage. Robinson, som eigentleg heiter Stephen Yaxley-Lennon, har sidan 2000-talet vore ein del av ytre høgre-parti og -miljø i Storbritannia. I ein periode leidde han English Defence League (EDL), ein høgreradikal, islamkritisk organisasjon.

I 2013 trekte Tommy Robinson seg frå organisasjonen. Han ville då kjempe mot islamistisk ideologi «ikkje med vald, men med betre, demokratiske idear».

Robinson er dømd for vald, brot på offentleg ro og orden, bruk av falskt pass, bustadlånsbedrageri, trakassering av ein journalist og ærekrenking, og han har sete i fengsel fleire gongar. Sjølv har han blitt fysisk angripen ved fleire høve.

Tommy Robinson talar til ei forsamling på Parlament Square 29. mars 2019.

Dei største kampsakene hans er islamisme og innvandring. Retorikken hans er hard og omsynslaus. Han har blitt stengd ute av Facebook, Instagram, Snapchat, TikTok og Twitter, fram til Elon Musk sleppte han tilbake på plattforma X. Musk er ein viktig støttespelar for Robinson.

Då Nigel Farage forlét Storbritannias sjølvstendeparti (Ukip) i 2018, var det delvis som respons på at Robinson vart gjord til rådgjevar for partiet.

«Berre ideen om at Tommy Robinson skal stå i sentrum av brexit-debatten, er for forferdeleg til å tenke på. Difor, med tungt hjarte, og etter alle mine år med tru teneste for partiet, forlèt eg Ukip i dag», skreiv Farage i The Daily Telegraph i 2018.

Rasisme?

I ein tale til «Unite the Kingdom»-demonstrantane 13. september kritiserte Robinson avgjerder i britiske domstolar, som han meiner favoriserer papirlause immigrantar.

– Dei sa til verda at somaliarar, afghanarar, pakistanarar, alle desse, deira rettar har forrang framfor dykkar, den britiske ålmenta, folka som bygde dette landet.

Enten du vel å ty til vald eller ikkje, så er valden på veg til deg. Du må enten slå tilbake eller døy.

Elon Musk til britiske demonstrantar

Ytre høgre-politikarar og aktivistar frå andre land tala også under demonstrasjonen. Elon Musk, i ein videotale, var spesielt ekstrem i ordbruken:

– Enten du vel å ty til vald eller ikkje, så er valden på veg til deg. Du må enten slå tilbake eller døy.

Kva inneber Robinsons rolle i protesten? For nokre er det teikn på at deltakarane er rasistiske. YouTube-humoristen Niko Omilana, som var til stade på protesten, snakka med eit tital demonstrantar og fann eit par klare døme på rasisme.

Men haldningane til deltakarane er meir samansette enn som så, ifølge folk BBC har snakka med. Meir enn 700 av demonstrantane snakka med BBC om meiningane sine og kvifor dei deltok. Ekteparet Suzanne og Sam Philpott frå Wales var to av desse.

– Eg deltok ikkje fordi Tommy Robinson leidde det. Eg gjekk fordi eg gjennom samtalar med vener kunne sjå at dette kom til å bli ei stor hending, og at folk forsvarer det å vere britisk, sa Sam.

– Eg visste ikkje at det var ei «Unite the Kingdom»-markering. Eg trudde det var ein ytringsfridomsmarsj. Eg meiner det er viktig, ikkje berre for oss, men for framtidige generasjonar, sa Suzanne.

BBC spurde kvifor ho meinte at ytringsfridomen er trua, og på kva måte.

– Eg trur det kjem frå mange ulike hald. Eg trur ikkje det berre kjem frå ytre venstre eller ytre høgre. Eg trur det kjem frå grasrota, til dømes lærarar som seier at du må bruke dei rette pronomena for visse kjønn. Eg trur det kjem frå at folk får kjensla av at dei ikkje kan heise flagget sitt. Eg trur det berre sig inn over heile samfunnet vårt, eigentleg. Og vi kan ikkje alltid tilpasse oss alt, i vårt eige land bør vi kunne seie det vi vil.

Feil kjole

Som Philpott-ekteparet får fram, er ytringsfridom og forsvar av britisk kultur to viktige tema i demonstrasjonane. Ei 13 år gamal jente frå Warwickshire, Courtney Wright, er blitt det tydelegaste symbolet på dette. I juli i år møtte ho opp på «kulturdagen» til skulen sin i ein kjole med det britiske flagget, «Union Jack».

Skulen meinte det var uakseptabelt, og tok ho ut av klasserommet. Det var altså ikkje britisk kultur som skulle feirast den dagen. Far hennar la saka ut på sosiale medium. Der tok ho av.

Under «Unite the Kingdom»-protesten sa Courtney i ein tale at det var viktig å lære om andre kulturar, men at ein får kjensla av at å «vere britisk ikkje tel som ein kultur, berre fordi det er majoriteten».

Skulen til Courtney måtte stenge tidleg i sommar på grunn av hets og trugsmål mot skulen og tilsette.

Uroa for tilhøva til ytringsfridommen i Storbritannia har tilspissa seg i det siste. Då komikaren Graham Linehan vart arrestert tidleg i september, sa helseministeren Wes Streeting at regjeringa må sjå nærmare på lovene som gjeld for ytringsfridom på nettet.

Landet har to spesielt relevante lover: «Malicious Communications Act» frå 1988 og «Communications Act» frå 2003. Den første er retta mot usømeleg, støytande, trugande eller falsk informasjon, medan den andre gjer det straffbart å vere «grovt støytande» på alle «offentlege elektroniske kommunikasjonsnettverk».

Ifølge ein Economist-artikkel frå mai i år arresterer britisk politi over 30 menneske dagleg for nettinnlegg, meir enn dobbelt så mange som i 2017. Medan nokre står bak brotsverk som forfølging på nettet, er det fleire som berre har sagt noko på nettet som verkar støytande for andre, skriv The Economist.

Innvandring

Eit anna tema under demonstrasjonen var innvandringsmotstand. Sidan tidleg på 2000-talet har den utanlandsfødde delen av befolkninga i Storbritannia auka monaleg. Ifølge ei oversikt laga av Migration Observatory ved Oxford frå 2024 var 10,7 millionar, 16 prosent av befolkninga, fødd i utlandet, ein auke på 34 prosent sidan 2011. Heile 40 prosent av dei som bur i London, er fødde i utlandet, ifølge manntalet i 2021.

I ei bok frå 2017 om årsakene bak brexit og den populistiske reaksjonen, The Road to Somewhere, legg David Goodhart vekt på at ein stor del av den britiske befolkninga er skeptisk til raske endringar av samfunnet. Han skreiv: «I fleire år no har meir enn halvparten av britane vore einige i denne påstanden (og liknande): ‘Storbritannia har dei siste åra endra seg til det ugjenkjennelege. Av og til kjennest det som om landet er ein framand stad, og dette gjer meg ukomfortabel.’»

I kjølvatnet av brexit fann ei undersøking frå The Economist at i dei områda der innvandrarbefolkninga hadde auka mest i perioden 2005–2015, var det meir sannsynleg at folk stemte for brexit. Ein vitskapleg studie frå 2017 fann det same.

«Small boats»-problem

Sidan covid-19 har storleiken på nettoinnvandringa (langsiktig innvandring minus langsiktig utvandring) auka drastisk. Ifølge tal frå ONS, det britiske SSB, hadde Storbritannia ei nettoinnvandring på 860.000 i 2023. Året etter estimerer dei at nettoinnvandringa låg på 431.000. Dei fleste av desse kjem for å jobbe eller studere.

Samstundes har talet på immigrantar som vert smugla over Den engelske kanalen, auka monaleg etter 2018. Ifølge Migrant Observatory kom om lag 300 over Kanalen med små båtar i 2018. I rekordåret 2022 kom meir enn 45.000 med båtar. Ifølge tal fram til juli i år ligg 2025 an til bli eit nytt rekordår.

Ei meiningsmåling frå Ipsos frå april i år synte at to av tre britar meinte at talet på immigrantar bør reduserast. Kjensla av mangel på kontroll over eigne grenser frustrerer mange britar, ikkje berre dei som sympatiserer med ytre høgre.

Å trygge grensene

Denne frustrasjonen gjev vind i segla for Reform-partiet til Nigel Farage, som leier på meiningsmålingane. Farage har nyleg lagt fram drastiske planar for å gjere det vanskelegare for innvandrarar å få opphaldsløyve. Partiet hans vil også trekke Storbritannia ut av Den europeiske menneskerettskonvensjonen og andre folkerettslege forpliktingar, som dei meiner vernar ulovlege migrantar mot deportering.

Statsminister Keir Starmer har kalla planane til Reform «rasistiske». Sjølv har han nyleg sagt at regjeringa vil endre på korleis folkeretten «vert tolka», utan å trekke landet ut av folkerettslege forpliktingar. Shabana Mahmood vart nettopp utpeikt til ny innanriksminister. Oppdraget hennar er klart:

– Å trygge Storbritannias grenser er prioriteten min som innanriksminister, og eg vil utforske alle alternativ for å få tilbake orden i immigrasjonssystemet vårt, sa Mahmood for to veker sidan.

I mars 2023 skreiv Dag og Tid at dersom Det konservative partiet, som då regjerte, ikkje makta å gjere eigne veljarar tilfredse når det gjaldt migrasjon, ville dei ha få bein å stå på ved neste val.

Det klarte dei ikkje. No er det Arbeidarpartiet som prøver å overtyde veljarane om at dei kan få kontroll på grensene. Om dei ikkje lukkast, aukar sjansane monaleg for at Farage kan kome til makta ved neste parlamentsval.