Takk til Sveinung
Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.
Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.
Foto: Tiril Rem
Dag og Tid legg vekt på å ha ein stram og liten administrasjon der kvar og ein må ta eit eige ansvar. Då er det viktig å ha eit godt styre og ein god styreleiar som kan bidra med råd og rettleiing.
Sveinung har som styreleiar vore viktig for å sikra avisa ei sunn økonomisk drift som har gjeve grunnlag for redaksjonelle satsingar og årleg tingarvekst. Og han har vore avgjerande for å få til ei god plassering av eigenkapitalen til avisa og gunstige husleigevilkår for bladstova. Han har vore ambisiøs, samstundes som han har hatt ei realistisk tilnærming til kva som er mogeleg å få til i ei verksemd av Dag og Tids storleik.
Dag og Tid har vore i jamn, god vekst under Sveinung Lindaas som styreleiar, med eit opplag i dag på 14.500 eksemplar og ei omsetjing på 37 millionar, sett bort frå mediestøtta på 5,6 millionar kroner.
Som styreleiar har han sjølvsagt vore opptatt av alle sider ved drifta til Dag og Tid, og såleis vitja Dag og Tid- stølen kvart år.
Sveinung kjem frå Haugesund, er utdanna siviløkonom og arbeider som direktør for eigedomsforvaltinga i Storebrand. Han har vore aktiv i ungdomslagsarbeid både i Hordalaget, Rogalandslaget og BUL, og som fylkesleiar i Bygdelagssamskipnaden i Oslo.
Sveinung er ein ihuga naturfotograf. Då underteikna ringde han for å spørja om eit råd i februar, var han i eit kaldt kamuflasjetelt i Ungarn og tok bilete av oter, svarttraner, hjort og den fargerike isfuglen.
Sveinung har vore på 160 fjelltoppar i Noreg på over 2000 meter. Han har berre 70 att før han har vore på alle.
På vegner av alle i Dag og Tid vil vi takka Sveinung Lindaas for innsatsen han har lagt ned for avisa.
Svein Gjerdåker
Svein Gjerdåker er redaktør og dagleg leiar i Dag og Tid.
DeT NYE DAG OG TID-STYRET
Ny styreleiar er Åshild Mathisen, som kom inn i styret i 2019, og som frå 2020 har vore nestleiar. Mathisen er no partnar og rådgjevar i rekrutteringsbyrået Hodejegerne. Ho har lang medieerfaring, mellom anna som sjefredaktør i Vårt Land. Ho har også bakgrunn som politisk rådgjevar i Miljøverndepartementet og som kommunikasjons- rådgjevar for stortingsgruppa til KrF.
Grethe Gynnild-Johnson tek over som nest- leiar. Resten av styret er samansett av Christian W. Samuelsen og Audun Skjervøy, begge valde i år. Samuelsen har nesten 20 år bak seg frå Klas- sekampen og er no sekretariatsleiar for SV på Stortinget. Skjervøy er bonde og driv Språksmia. Han er tidlegare redaktør i Dag og Tid. Arild Finne Nybø held fram i styret. Representantar for dei tilsette i Dag og Tid er Sofie May Rånes og Christiane Jordheim Larsen (vara).
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.