JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Verken forklaringar eller løysingar er enkle

Det må vere behageleg å vere så sikker i si sak at ein ikkje eingong kan sjå ein liten sprekk i verdsbiletet sitt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Folk kjem for å sjå staden der festivaldeltakarar vart drepne og bortførte under Nova-festivalen 7. oktober 2023.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

4744
20240503
4744
20240503

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Midtausten

Kjære Morten A. Strøksnes

Takk for eit svært langt svarmitt svar på kritikken frå deg (Dag og Tid 12. april). Eg tillèt meg å skrive litt kortare her.

Det må vere behageleg å vere så sikker i si sak at ein ikkje eingong kan sjå ein liten sprekk i verdsbiletet sitt. Det er elles her lyset kjem inn, som salig Leonard Cohen formulerte det.

Sjølv har eg det slik at eg gradvis berre kan sjå motsetningar og komplikasjonar når eg observerer Midtausten. Men det kan ikkje du, for deg er alt soleklart: Israel er bøddelen, palestinarane offer, både i går og i dag. Du må sjølvsagt skrive akkurat som du har lyst til, men du gjer ikkje mange lesarar klokare når du køyrer nedover den einsretta vegen din. Her kjem Israel (og før Israel, handlingane til dei jødiske innvandrarane og flyktningane) alltid først, medan dei arabiske og palestinske reaksjonane, mellom anna antisemittisme og vald mot israelarar og jødar, alltid vert reduserte til «følgjeverknader». Ja, det er nettopp det ordet du nyttar: følgjeverknader.

Igjen, du må få skrive som du vil, men eg oppmodar deg om å sjå litt nærare på den arabiske og palestinske antisemittismen som har røter i den islamismen som oppstod i Egypt i 1920-åra. Du kunne samtidig studere den sekulære arabismen som på same vis inneheld ein sterk antisemittisme, og kan hende granske ålmenta i den arabiske verda, som er svært antisemittisk.

«Det må vere behageleg å vere så sikker i si sak at ein ikkje eingong kan sjå ein liten sprekk i verdsbiletet sitt.»

Er det berre følgjeverknader?Eg er samd med deg i at den brutale israelske okkupasjonen sidan 1967 har hatt svært destruktive følgjer for den fredelege palestinske fridomskampen. Det skriv eg langt og detaljert om i boka mi. Eg er, som du veit, ein sterk motstandar av den israelske okkupasjonen. Det har eg skrive i 25 år, så det er litt vanskeleg for meg å sjå på meg sjølv som ein som har ei «politikarrolle på vegner av Israel», som du skriv.

Men det verkar merkeleg at du er så blind for den ideologien som driv Hamas. Den er elles lett å støyte på om ein har vore i Iran, Libanon, Syria eller i mange golfstatar. Når Iran går til åtak på Israel direkte eller gjennom Hizbollah, meiner du då òg at det åleine kjem av Israels okkupasjon? Så vidt eg veit, har Iran (eller Libanon) ikkje noko territorialt uteståande med Israel, og likevel meiner prestestyret i Teheran og stråmannshæren deira i Libanon at «Jerusalem må frigjerast» og «den vesle satan knusast».

Når eg skriv at du burde interessere deg litt meir for europeiske – under dette norske – jødar, som lever med politivern, så kjem det nettopp av denne ideologien. Du synest nok det er ubehageleg, men det er eit faktum at antisemittismen, også den som kjem frå Midtausten, er eit større fenomen enn den 57 år lange okkupasjonen som Israel står bak. Eller er du kan hende sikker på at trugsmålet mot jødiske skular og barnehagar vil forsvinne når Israel gjev opp okkupasjonen? Det er dessverre ikkje eg.

Du har nok òg lagt merke til at kritikken av Israel på store delar av den vestlege venstrefløya ikkje lenger avgrensar seg til okkupasjonen av palestinarane etter 1967. No er heile «busetjar-sionismens» over 100 år lange historie problemet.

Martin Krasnik (t.v) og Morten Strøksnes (t.h)

Foto: Weekendavisen / Dreyers Forlag / Baard Henriksen / Oktober

At studentar ved universitet i USA vil skuve ut «sionistar», burde vere urovekkjande for dei fleste, men kan hende ikkje for deg? Du peikar på at du berre interesserer deg for Gaza og difor ikkje er «forplikta» til å skrive om anna, verken trugsmåla mot europeiske jødar eller den stadig meir problematiske debatten om Israel. Og du dreg til og med inn den europeisk-jødiske historia i teksten din. Du ignorerer berre det som ville føre til nyansar og breiare perspektiv.

Det må vere behageleg å kunne ta imot kritikk i ein så forferdeleg konflikt «med knusande ro», som du skriv. Sjølv blir eg svært uroleg når eg blir kritisert i desse månadene, for verken forklaringar eller løysingar er enkle.

Les også: Alt dette var ikkje nødvendig

Eg er heilt samd med deg i at Israel må stoppe «okkupasjonen, undertrykkinga, apartheidsystemet og koloniseringa» av palestinarane. Eg er berre frykteleg usikker på om det inneber at Israel så vil kunne eksistere i fred med naboane sine: Iran, Libanon, Syria – og Palestina.

Påstår ein at det ikkje bør vere ei påtrengjande uro, har ein ei svært dårleg kjensle for historia og aktuelle utfordringar i Midtausten.

Martin Krasnik er sjefredaktør i Weekendavisen og forfattar av boka En smal bro over avgrunnen. 7. oktober, jødene og palestinerne, krigen og håpet.

Omsett frå dansk av Dag og Tid-redaksjonen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis