Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Det Vestnorske Teateret
Klas Abrahamsson:
E16 Dødsvegen
Omsett av Aslak Moe
Regi: Catrine Telle
Scenografi og kostyme: Lise Christensen
Koreografi: Hilde Sol Erdal
Lys: Arne Kambestad
Om E16, som endeleg er kommen inn på nasjonal transportplan, har det vore sagt og skrive mykje. Om dei mange dødsulukkene, dei hyppige rasa, kollisjonane og anna elende. No har vegen òg fått sin eigen revy, men tekstane som ligg til grunn for framsyninga, er ikkje av ein slik kvalitet at dei gir grunn til å heise flagget.
Det opnar med ein grei nok dødsvegvariant av «Millom bakkar og berg», og går rett over i ein Jon Fosse-satire med eit par som kjem køyrande gjennom ein mørk tunnel (Nokon kjem til å kome). Det Fosse-stykket har vore revyturnert i årevis, med betre tekstar enn denne, som berre verkar passé. Så følgjer ei latterleggjering frå og av departementstilsette inne i hovudstaden. Lettvint og uelegant. Det verkar ikkje som forfattar og regissør har gjort den minste freistnad på å lyfte teksten opp på eit skikkeleg nivå.
Det einaste originale innslaget, og det beste, er nummeret der ei kvinne må behandlast av psykolog fordi ho ikkje er redd for å køyre «Dødsvegen» og slik skil seg ut frå familien og alle naboane. Elles får velkjende fordommar breie seg.
Vi er vel etter kvart komne forbi det stadiet der «rare» rørsler og overdrivne fakter på scenen er identisk med godt revyspel. Slikt er det meir enn nok av i framsyninga, men substans og godt handterte poeng finst det langt mindre av. Trioen Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve gjer ein god innsats, der dei spring frå den eine rolla til den andre så å seie utan pause. Og Styve får syne at han også kan spele komedie.
Det må vere lov å krevje meir av eit profesjonelt teater.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?