Ja takk, Çatak
Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.
Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.
Foto: Selmer Media
Drama
Regi: Ilker Çatak
Lærerværelset (Orig. tittel: Das Lehrerzimmer)
Med: Leonie Benesch, Eva Löbau, Leonard Stettnisch, Michael Klammer
Kinofilm
Alt er som normalt på skulen og i klassen til Carla (Benesch), heilt til pengar vert stolne. Stemninga både på lærarrommet og i klasserommet endrar seg då Carla set opp ei slags felle for å ta naskaren ved å gjera skjult opptak. Carla, då, kva tenkte du på?
Veritabel trøbbel
Alt frå starten stig pulsen. Musikken byggjer seg opp der Carla kvardagsleg ruslar gjennom gangane på den veldig skulete skulen før ho kjem inn i klasserommet lyftar hendene som ein dirigent, med eit crescendo i musikken før elevane tek over med taktfast kom-til-ro-klapping, eit ritual kan henda meint for mindre ungar.
«Dette er rett og slett ein av dei beste filmane eg har sett i år.»
Ingenting er tilfeldig. Kor mange problemstillingar kan ein filmskapar få inn i ein film på rett over halvannan time? Fasiten får du i Lærerværelset. Regissør og manusforfattar Ilker Çatak er ukjend for meg, men etter dette skal eg finna fram til det som måtte vera tilgjengeleg her til lands, som eg mistenkjer ikkje er for lett, sidan han både er tysk og har minoritetsbakgrunn. Arg.
Dette er rett og slett ein av dei beste filmane eg har sett i år, så tettpakka med spenning og moralske dilemma og eit skred av motstridande sympatiar. Det er liten tvil om at Carla er ein omsorgsfull, entusiastisk lærar, men kan dei rettskafne sidene hennar slå feil ut? Aber natürlich.
Mobbing
Så kan ein djupast sett seia at Lærerværelset handlar om samfunnet vårt i fleire overførte tydingar? Tja, det å ta for seg skulevesenet og korleis ein handterer elevar og tilsette, særleg i ein slik situasjon, det er innlysande djupt nok i seg sjølv, men ja, ein kan sjølvsagt tolka dilemmaa i haugevis med metaforar: overvakingssamfunnet, mediemakt, kriminalitet og lojalitet.
Carla Nowak (Leonie Benesch) er ein dedikert lærar som hamnar i sentrum av eit drama då ein av elevane hennar blir skulda for tjuveri.
Foto: Selmer Media
Sjølv får eg smått ubehagelege tilbakeblikk på min eigen skulegang og måten me kunne rotta oss saman mot lærarar på utan tanke for at dei var sårbare menneske som til tider kunne få så hard medfart som ingen fortener. Ungar kan vera brutale i sin naivitet, og ein vaksen lærar kan stå ganske nådelaust åleine mot ein mobb av i utgangspunktet lydige elevar.
Men kor går grensene? Eg trur ikkje moralen til sjuande og sist er «pass dine eigne saker», men gud hjelpe så mykje enklare det gjer alt. Sanninga skal fram, ærlegdom er ei dygd, men kva som eigentleg er den fulle og heile sanninga, kan ein ikkje like lett svara på. Dei fleste sanningar har fleire sider, og Lærerværelset får det uttrykkeleg godt fram. Skodespelarprestasjonane er imponerande. Nemnde eg at eg verkeleg, verkeleg likte denne filmen?
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?