JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

9685
20240503

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Pavo Petrisjenko, soldaten frå 59. brigade som skreiv ei bøn om forbod mot nettkasino den 29. mars i år, døydde i kamp 15. april. Den 16. april lova president Zelenskyj å ta omsyn til skrivet hans og lage ei eller anna form for kontroll over kasinoar på nettet.

No har eit nytt skriv dukka opp på nettsida til presidentkontoret med bøn om at sersjant Pavel Petrisjenko må få tittelen «helt av Ukraina» etter sin død. Det har alt motteke dei 25.000 støtteunderskriftene som krevst.

Heilt i starten av fullskalakrigen var ukrainarane gripne av heltegjerningane til militærflygaren Stepan Tarabalka, elles kjend som «spøkjelset frå Kyiv». Da han forsvara himmelen over den ukrainske hovudstaden dei to første vekene av krigen, skaut han ned temmeleg mange russiske jagarfly. Men Tarabalka døydde 13. mars 2022, i ein ujamn kamp over Zjytomyr-regionen. Det var ikkje naudsynt med noko bøneskriv til presidentkontoret for å få styresmaktene til å gjere han til «helt av Ukraina».

Tarabalka har òg blitt helten i ein teikneserie og blir framleis hugsa med takksemd av innbyggjarane i Kyiv og resten av Ukraina.

Nyleg slutta mor hans, Natalja Tarabalka, seg til gruppa av feltprestar.

«Eg bestemde meg for å bli feltprest etter at eg hadde ei personleg åndeleg oppleving og skaffa meg den kunnskapen som skal til for å vere feltprest. Eg ønskjer å vere til nytte, ikkje berre for min eigen familie, men òg for militæret og veteranar», sa ho.

No har det gått over to år sidan son hennar døydde. På denne tida har Natalja skipa «Varmen til ei sjel med venger» – eit helse- og rehabiliteringssenter for militært personell. Ho fekk til dette takk vere kompensasjonen ho fekk etter at sonen døydde, og mykje hjelp frå frivillige og lokale styresmakter. Det er ei støtte som varer ved.

«I 2023 vart det registrert om lag 315.000 private firma i Ukraina – fleire enn i noko anna år det seinaste tiåret!»

Under denne krigen har vi ofte høyrt om foreldre og andre nære som held fram arbeidet til døde born og ektefellar. Men av og til er det ikkje noko framhald, berre ein mørk og total stopp.

I byrjinga av våren slutta Kvilinskyj-hagen å eksistere. Det var eit hagesenter og gartneri i Poltava-regionen, grunnlagt for mange år sidan av familien til Jan og Olga Kvilinskyj.

Jan var kjend for å vere glad i roser. Dei ulike slaga han dyrka, finst i hagar i heile Poltava-regionen og vidare utover. I tillegg til roser likte han boksing og framandspråk. I byrjinga av krigen sende Jan kona og den vesle dottera deira til USA, medan han drog til fronten. I slutten av januar døydde han i Avdijivka.

«Kvilinskyj-hagen finst ikkje lenger.» Denne bodskapen, som vart sett inn på facebooksida til Jan, sjokkerte både kjenningar og ukjende.

Det er uvisst om kona og dottera kjem attende til Ukraina. Nyleg organiserte dei militære venene hans ein boksekonkurranse til minne om han, medan vener frå gartnarmiljø bad alle som har roser frå Kvilinskyj-gartneriet, om å minnast Jan når rosene blømer i hagane deira.

Når ein tenkjer på kor mange selskap og gardsbruk som er etterlatne utan eigar på grunn av den russiske aggresjonen, ville det vere logisk å tru at dette var ein katastrofe for små og mellomstore verksemder i Ukraina. Men statistikken fortel ei noko anna historie.

I 2023 vart det registrert om lag 315.000 private firma i Ukraina – fleire enn i noko anna år det seinaste tiåret! Dei fleste av dei er frisør- og venleikssalongar. Desse verksemdene er oftast opna av kvinner, truleg kvinner som har flykta frå utrygge til tryggare delar av landet.

Mange små byggjeselskap er òg starta. Det er ei logisk forklaring på dette: Mange entreprenørar og renoveringsekspertar har i mange år arbeidd etter eit «berre kontantar»-system, utan å vere registrert eller betale skatt. I dag har talet på private kundar som kan tilby desse firmaa arbeid, gått monaleg ned, men det er arbeid å få innanfor program for reparasjonar og restaurering av bustader som er øydelagde eller skadde i kamphandlingar. Dette er program som er sette i gang av lokale og sentrale styresmakter.

Berre offisielt registrerte byggjefirma kan søkje om å ta del i slike program. Difor er det absolutt gode grunnar til å registrere seg for å få tilgang til arbeid på dei hundretusenvis av raserte bygningane som kan halde byggjeselskap i gang i mange år framover.

Statistikken syner at sidan krigen starta, har litt over 200.000 private selskap blitt lagde ned kvart år – færre enn dei som blir starta opp. Men statistikken omfattar ikkje private selskap som kan hende ikkje har slutta offisielt, men som ikkje lenger fungerer på grunn av øydelagde lokale, evakuering, at eigaren er død, og så bortetter. Omfanget av dette er eit mysterium.

Den yngste sonen min har i fleire dagar freista få plass til å ta førarprøven. Enno har han ikkje lukkast. Alle plassar til førarprøven er tinga veker på førehand, og så å seie alle kandidatane er kvinner. Mange av dei er enkjer etter menn som har vore i militæret. Dei har bil, men ikkje førarkort. No finn desse kvinnene vegen til førarsetet.

Men det ukrainske samfunnet bryr seg ikkje så mykje om endringar i talet på små verksemder eller talet på kvinnelege sjåførar. Det viktigaste er spørsmålet om mobilisering. Dette spørsmålet har splitta samfunnet langt meir enn noka anna sak.

Lova om mobilisering, underteikna av president Zelenskyj, trer offisielt i kraft 18. mai, men nokre regjeringsavgjerder knytte til lova blitt offisiell praksis. Dette gjeld til dømes ordren frå utanriksdepartementet om å slutte å yte konsulære tenester til menn i tenestepliktig alder (18 til 60). Det inneber at statsborgarar av dette slaget ikkje lenger kan få dokument frå den ukrainske staten eller fornye passa sine. For å få det må dei vende attende til Ukraina og registrerast av militæret. Det er innlysande at dersom menn i «militær» alder kjem til Ukraina, vil dei ikkje få lov til å forlate landet att.

Rykte om at slike avgjerder var i kjømda, har sirkulert i lang tid, og det har blitt vanleg å sjå køar av menn som søkjer om nytt pass ved ukrainske konsulat i utlandet.

No er det slik at til og med menn som har lukkast med å skaffe alle nødvendige dokument for å få pass, får krav om å vende attende til Ukraina. Ukrainske pass for reiser til utlandet gjeld i ti år. Når passet ikkje er gyldig lenger, spøkjer det for statusen til innehavaren som bur i utlandet.

Ukrainske statsborgarar i Europa har hatt tilspissa diskusjonar med utanlandske journalistar. Vanlegvis seier dei at dei ikkje vil attende no, eller at dei har budd så lenge i Europa at dei ikkje har anna val enn å søkje om statsborgarskap i eit anna land.

«Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger.» Meldinga nokon la ut på Facebook-sida til Jan Kvilinskyj sjokkerte både kjende og ukjende.

Dei nye reglane kan ha negative følgjer for ukrainske familiar som flytta utanlands for mange år sidan, men aldri sa frå seg den ukrainske statsborgarskapen. For dei som er blitt statsborgarar i eit anna land, har avslutninga av ukrainske konsulære tenester ikkje så mykje å seie, men for dei som berre har ukrainsk pass, er dei nye reglane sjokkerande.

Den tyske regjeringa har alt kunngjort at utgåtte ukrainske pass ikkje vil endre statusen til ukrainske flyktningar. Ukrainarar med ugyldig ukrainsk pass vil få «grått pass» til reiser innanfor Europa – eit identitetskort som blir brukt av ikkje-tyske borgarar og folk som er statslause.

Representantar for dei polske styresmaktene har kome med ei liknande kunngjering, men dei seier samstundes at dei vil kunne hjelpe Ukraina med å returnere ukrainske borgarar slik at dei kan mobiliserast.

Den ukrainske regjeringa hevdar at sidan krigen starta, har om lag 600.000 menn i vernepliktig alder forlate Ukraina ulovleg. Nokre ekspertar meiner at talet ligg nærare ein million menn. Kor mange av dei som vil gå med på å vende attende til Ukraina frivillig, er eit heller retorisk spørsmål.

Den nye lova om mobilisering inneheld paragrafar som kan uroe ukrainske borgarar som aldri har forlate Ukraina, sjølv om slike paragrafar er typiske alle land i ein krigssituasjon. Det handlar om staten har rett til å konfiskere privatbilar – så vel personbilar og lastebilar som bygningar og bustader.

Trass i krigen var 2023 eit temmeleg godt år for ukrainske SUV-forhandlarar og for nybilsal i det heile teke. Denne suksessen vil ikkje halde fram i år, ettersom det etter 18. mai er mogleg at den nykjøpte bilen blir konfiskert til bruk for militæret. Når eg i fjor køyrde hovudvegen mellom Polen og Kyiv, la eg stadig merke til vogntog som frakta splitter nye SUV-ar frå Europa til bilforhandlarar i Kyiv, Dnipro, Zaporizjzja og andre byar. Men dei siste par vekene på den same hovudvegen har eg ikkje sett eit einaste eitt.

Kan hende vil den nye lova om mobilisering ikkje verke like mykje inn på eigedomsmarknaden. Prisane på eigedomar nær opptil grensene til Europa aukar snøggare enn andre stader, og eigedomar som ligg fem kilometer eller mindre frå grensa, er særleg etterspurde. Årsaka er at eigarane har rett til å opphalde seg i grensesona som no er stengd for alle andre for å få ned talet på folk som freistar ta seg illegalt inn i EU – noko som bringar oss rett attende til spørsmålet om mobilisering.

For ei vekes tid sidan vart ukrainsk grensepoliti forresten overraska over å ta to menn på svøm inn i Ukraina i ein freistnad på å kome seg illegalt inn i landet. Eg går ut frå at dei hadde bruk for nokre ukrainske dokument, og hadde planlagt å forlate landet same veg.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis