JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

3155
20240426
3155
20240426

Drama

Regi: Christopher Zalla

Radical

Med: Eugenio Derbez, Daniel Haddad, Jennifer Trejo, Danilo Guardiola
Kinofilm

Matamoros, 2011: Den mexikanske grensebyen slit med kriminalitet, og ungar ned i barneskulealder vert rekrutterte. Skulen Jose Urbina Lopez er gamaldags og lite engasjerande, heilt til den nye læraren Sergio (Derbez) dukkar opp i klasserommet. Lutfattige Paloma (Trejo) anar at trass i formaningane frå faren så er det faktisk lov å drøyma om ei betre framtid.

Good Will Mexicana

Det er freistande å avskriva Radical som typisk tårepersedrama som Lean on me (1989), Dangerous minds (1995) og Good Will Hunting (1997): fantastisk inspirerande lærar kjem inn i trøblete klassemiljø og klarar å snu elevane med sin alternative pedagogikk, særleg den eine eleven som mot alle odds stikk seg ut som potensielt geni. Den skildringa er faktisk nesten tullete presis, men hoi, hoi – Radical er basert på ei sann historie! Det er nesten som det automatisk gjev filmen ein ekstra dimensjon, også fordi filmen faktisk er mexicansk. Viss ikkje det kjem ein Hollywood-versjon snart, så blir eg overraska.

«Skodespelarane gjer sitt til at eg engasjerer meg.»

Du skal leita lenge etter ei betre og sannare solskinshistorie enn denne. Så skal det seiast at ein del av dei berande karakterane er samanslåingar av ulike elevar og ikkje ekte personar, så ein må jo seia at her er det nok skapt ekstra lag av drama som gjer at filmen blir i nærleiken av akkurat så søtlåten som slike filmar gjerne er. Eg tilhøyrer ofte kategorien som fnyser av det på papiret, men som i kinosalen sit med ein heilt annan type papir for å ta unna tårer og snott.

La stå

Men Radical er mykje meir enn dette. Vel så mykje er han ein viktig påminnar om at vårt eige skulesystem heller ikkje hadde hatt vondt av ein Sergio eller to. «Verda har endra seg, men det har ikkje skulen», seier Sergio til sin allierte, rektor Chucho (Haddad).

Der våre skular er fulle av nettbrett og skjermar, lengtar Sergio etter datamaskiner, noko som stadig uteblir på den fattige skulen. Eg tvilar derimot på at han hadde vorte imponert over implementeringa av teknologi i dei rike nordiske landa. Det er inspirerande å sjå romantiseringa av den frie læreprosessen, filosofien, det å tenkja sjølv, at kunnskap er ei gullgruve, og at me alle kan nytta oss av dette gullet.

Kva pedagogikk han eigentleg nyttar seg av, veit eg ikkje, men at det liknar meir på eit Steiner-opplegg enn den norske statsskulen, vil eg tru ikkje er kontroversielt å peika på. Jaget etter å tilfredstilla nasjonale og internasjonale prøvar med snevert pensum trumfar lærelyst. Sjølvsagt vil ein ikkje at det skal vera slik – det må jo vera slik som på film!

Og på film, som i Radical, skjer det spennande og uventa ting, og skodespelarane gjer sitt til at eg engasjerer meg og kjenner stor sympati for det det er meininga eg skal sympatisera med. Nøkkelordet for å enkelt skildra filmen er nok nettopp dette: sympatisk.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Radical

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis