JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå bridgeverdaKunnskap

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

1980
20240503
1980
20240503

Ein fotballspelar kan brenne ein straffe, eit frispark, ein sjanse. Ein bridgespelar kan brenne ein utgang, ein slem, og det er det same: Ein går glipp av ein sjanse til vesentleg gevinst.

Du store min, kor morosamt vi hadde det med å lage vitsar kring nettopp dette, den gongen brannalarmen gjekk og vi alle måtte forlata bridgebordet og gå ut. Det var mai og godvêr på Dombås; vi spela den tradisjonstunge Dovre-cupen i eit møtelokale på Dombås hotell. Vi rekna med at det var falsk alarm, så vi la velvillige ned korta og såg på det heile som ein kjærkomen pause frå den intense spelinga. Så stod vi der ute på plenen og lo av dei dumme vitsane våre, med utsyn mot lysegrøne åsar og blåkvite fjell.

Stor var overraskinga vår då det byrja sive røyk ut av bygget, og flammar snart kom til syne. Sanneleg brann det til grunnen, det ærverdige, den gongen 90 år gamle trehotellet på Dombås.

Akkurat dette er ingenting å le av, naturlegvis. Men bridgespelarar er gjerne muntre – iallfall så lenge dei slepp å spela bridge – og medan brannen gjekk sin gang, spaserte vi bort på legendariske Frich’s kafeteria (apostrofen får stå for Frichs eiga rekning) for å ta nokre glas. Det slo meg då eg sat der, at jakka mi hang att inne i flammehavet. Men alt i alt var eg og turfellane mine heldige, for vi var sjølvsagt altfor gjerrige eller fattige til å ha tinga oss hotellrom for helga: Nei då, vi budde på campinghytte, der stod bagasjen vår trygt, og der kunne vi sitja utover natta og spela trøystebridge.

Endå betre vart det neste morgon, då vi fekk vita at Dovre-cupen mot alle odds kunne halde fram: Takk vera ein snartenkt tevlingsleiar vart mykje av bridgeutstyret berga ut av hotellet i tide, og alternativt lokale vart funne nokre mil lenger sør, i overetasjen på Dovre Bensin, Kro og Motell – eit anna landemerke langs E6. Dette bygget står enno i dag, så vidt eg veit.

Erlend Skjetne

Erlend Skjetne er tidlegare juniorlandslagsspelar i bridge.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis