Jentene gjer opprør
Beatrice Salvioni skildrar hardt pressa ungjenter i Førkrigs-Italia i romanen Den fordømte jenta.
Beatrice Salvioni blir samanlikna med forfattar som Elena Ferrante og Natalia Ginzburg.
Foto: Vittoria Bernini
Roman
Beatrice Salvioni:
Den fordømte jenta
Omsett av John Grande
Gyldendal
Beatrice Salvioni brakdebuterte med denne romanen, som er seld til minst 32 land. Ein kan mistenke forlaga for å håpe på ei ny Ferrante. Den fordømte jenta har nemleg svært mange likskapar med historia om dei to briljante venninnene i Napoli-området. Salvionis bok står støtt på eigne bein. Likevel har plottet noko velkalkulert og liksom polert i all sin råskap, noko som gjer at romanen ikkje skapar så sterke spor i meg som eg kanskje venta.
Dramatikken er på plass frå byrjinga, og forfattaren held grepet gjennom dei vel to hundre sidene som romanen varer. På ei elvebreidd ligg ein tolv år gamal jentunge under ein mann som har forsøkt seg på overgrep, men som har måtta bøte med livet. Korleis hamna dei der? Det er den soga vi får fortalt gjennom dei neste drygt 200 sidene.
I Mussolinis tid
Vi er i Monza, nord i Italia,. Året er 1936, og den italienske fascismen gjennomsyrer samfunnet stadig meir. «Il Duce» skal hyllast i kyrkja, på gater og torg, og av skulebarna. Det historiske bakteppet er vesentleg. Miljøskildringane sit godt og verkar ekte, Salvioni må ha gjort grundig research. Francesca er tolv år og står på terskelen til livet som ung kvinne, ho får sin første menstruasjon i løpet av handlinga. Familien høyrer til den litt lågare delen av borgarskapet. Faren er forretningsmannen som ikkje likar Mussolini, men som ikkje tør seie det høgt – i frykt for å miste kundar. Dobbeltmoralen gjennomsyrer dette samfunnet på mange plan, og gjer særleg kvinnelivet vanskeleg. Menn med pengar sit med nesten uinnskrenka makt. Dei kan gjere som dei vil, og gå ustraffa frå illgjerningar.
«Den fordømte jenta er stramt komponert og effektivt fortald.»
Det er Francesca som fortel, men den eigentlege hovudpersonen er Maddalena, eller «Djevelungen». Eit anna sterkt trekk i miljøet er nemleg overtru. Djevelen er ei høgst konkret og levande kraft for mange. Den uheldige Maddalena har fått det svarte stempelet etter at bror hennar døydde som baby og rykte byrja gå om at det var ho som hadde dytta han ut av vindauget. Mange meiner også at ho med sine vonde ynske tok livet av far sin. Men Maddalena er ein overlevar og rører seg i bymiljøet med trass og villskap, ho nektar å skjule seg. At folk er redde, utnyttar ho til å skape forvirring og frykt – til dømes for å kunne naske i butikkane. Ho tøffar seg på skulen, blir isolert og til sist utvist. I dag ville vi kanskje kalle ho eit løvetannbarn, ei som sprenger seg opp og fram, trass i vonde oppvekstomstende.
Litt for velsmurt
Venskapen med Maddalena opnar nye verder for den uskuldige Francesca. Ho må vise at ho tør litt av kvart, for å få vere med i gjengen. Først er det leik, men snart blir det alvor, og til sist farleg. I dette miljøet lyt ein bli vaksen lynfort. Klasseskilja er knivskarpe, og Maddalenas familie høyrer til dei med mindre ressursar.
Ei eldre syster blir gravid med ein rikmannsson som slett ikkje vil ta på seg noko ansvar, men tvert imot heng den gravide ut som «hore». Ein bror døyr i krigen. For dei fattige kan livet oppsummerast slik: «Det gode (…) varer aldri. (…) Det tar slutt, og så sitter man bare igjen med ettersmaken.»
Ved hjelp av den snarrådige og modige Maddalena bergar Francesca både helsa og æra. Og då meiner eg ikkje den kvinnelege «æra» som er så viktig i dette dobbeltmoralske samfunnet (og i andre, dei finst framleis over heile verda), men den æra som gjer at ein kan løfte hovudet og sjå rakt på den eller det ein har framfor seg, utan frykt eller skam.
Den fordømte jenta er stramt komponert og effektivt fortald. Likevel har eg ei kjensle av at noko manglar. Det heile er liksom er litt for smart og velsmurt, som komponert etter ei suksessoppskrift, som det jo også har blitt. Vi kjem liksom ikkje heilt innpå dei to jentene trass i all dramatikken. Det eg vil ta med meg vidare, er kanskje den skarpe miljøskildringa og samfunnskritikken, meir enn lagnaden til dei to jentene.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.