Film
Snipp, snapp, snut
Av og til held det å variera oppskrifta ørlite. Eg er ikkje så kravstor.

Ein kokainhandel i New York går over styr då Michael (James) og kumpanen hans vert ferska av politiet. Dei stikk hals over hovud, men Andre (Boseman) og kollegaen frå dopavsnittet, Frankie (Miller), gjer alt dei kan for å fakka dei, døde eller levande. Helst levande, men det er visst ikkje så farleg om dei døyr heller.
Bruer?
Ingen køddar med detective André Davis. Han følgjer i fotspora til faren som døydde i teneste. André vert skulda for å vera lett på avtrekkjaren, men er det eigentleg berre ettermælet til faren som følgjer sonen? 21 Bridges etablerer kjapt kven me heiar på, både purk og skurk. Michael, kokainranaren, er eigentleg berre ein god gut som har hamna på skråplanet, så også han heiar me på. Om nokon er bad cop her, er det politiet sjølv, som driv med forhasta aksjonar og ugjennomtenkte reaksjonar. Det gjer jo straks dette actiondramaet meir engasjerande. Tittelen spelar på bruene Manhattan har som kryssar over til øya på ulike stader. Eg hadde kanskje forventa noko meir utnytting av dette, men her finst knapt ei biljakt, ei klatrescene eller ein bombetrussel mot bruer som gjev nokon god grunn til at filmen heiter 21 Bridges. Men noko må ein jo kalla alle dei mange actionfilmane som skal rulla over kinolerreta i løpet av eit år.
Pang!
Eg skulle gjerne talt kor mange skot som vert avfyrte i denne filmen. Kanskje eg ikkje ser nok actionfilmar, men det er nesten så ein må ha høyrselsvern i enkelte sekvensar. Regissør Brian Kirk er irsk – kunne han ikkje lagt dette til Dei britiske øyane, så hadde det vore svusjinga frå batongane me hadde høyrt i staden?
Tempoet er det uansett ikkje noko å seia på, og det er fengande utvikling utover, så kjedeleg er 21 Bridges ikkje. Ein dose augehimling over skot som aldri treffer heltane og alltid treffer skurkane, må vel berre til. Kven har sagt at amerikanske actionfilmar skal vera realistiske? Det viktigaste er at dei gode vinn, og filmen er som sagt eit godt hakk meir nyansert enn eg er van med, så alt i alt er ikkje dette det verste ein kan sjå om ein vil ha ein god popkornkveld på byen.