JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Nokre spørsmål til anbodsnoreg

Det finst tilsynelatande ingen pris på konkurranse. Kva kostar anbodssamfunnet eigentleg?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5133
20170922
5133
20170922

«Lov om offentlige anskaffelser» har vore ein del av liva våre så lenge at vi stort sett tek henne for gitt. Anbod er eit naudsynt vonde, veit vi. Mon det. Medan vi ventar på endeleg svar på om bosset vårt vert henta til veka eller ikkje, lat oss lene oss attende og stille nokre enkle spørsmål ved ordninga vi har lært at vi ikkje kan klare oss utan.

Eitt eller fleire anbod?

Vi må alle betale renovasjonsavgift. Spørsmål 1 vert difor banalt: Kvifor vil ikkje kommunane hente bosset vi har betalt for? Veit dei ikkje, med utdanning i økonomi og administrasjon og administrasjon og leiing, korleis dei skal gjere det? Er det difor dei har laga interkommunale renovasjonsselskap? Men desse vil heller ikkje hente bosset vårt. Over halvparten av dei sel tenestene vidare ut til endå meir private selskap.

Kvifor dei interkommunale selskapa ikkje gjer jobben sjølve, vert litt tydelegare når eg byrjar å søke i Doffin, databasen for offentlege innkjøp. Å utføre ei teneste sjølv syner seg nemleg ikkje å medføre at du slepp å gjennomføre anbodskonkurransar. Det gjer berre anboda mindre – og fleire. Èin ting er at renovasjonsselskapa eig sine eigne bossbilar. Om dei ikkje vil tilsette eigne bilmekanikarar òg, må dei sette reparasjon og service på bilane ut på anbod. Vask av arbeidstøy, leige av kverning av park- og hageavfall, transport, pressing og balling av blåplast og kjøp av hjullastar er døme på andre anbod ein nett no kan by på. Renovasjonsetaten i Oslo gav i november i fjor selskapet Sopria Steria kontrakt på «lederstøtte i etaten». Kontrakten er verd 6,2 millionar.

Lønsame bossdunkar

Spørsmål 2: Er RenoNorden dårlege til å rekne, eller er det nokre av oss som har bossdunkar for langt frå vegen? Ifylgje dei sjølve er det elleve ulønsame kontraktar som har velta verksemda. Kva kontraktar veit vi ikkje. Men styreleiaren i eitt av selskapa som nytta(r) Reno Norden, Sunnfjord miljøverk, seier til avisa Firda at «det er klart at kreditorane vil vere opptatt av at dei delane som tener pengar skal drivast vidare utan avbrekk». Så då vil det jo vise seg.

Eller var det rett og slett meir lønnsamt å hente boss i nabolanda våre? Sidan den ubetalelege gjelda som slo selskapet konkurs, er om lag akkurat like stor som summen av det norske Reno Norden overførte til det nordiske konsernet i perioden 2011 til 2014?

Kva lærte vi av Oslo?

Spørsmål 3: Kva er det som bestemmer korleis kommunar lagar anbodskonkurransar? Dei kan lage tildelingskriterium med ulik vektingsgrad: kvalitet, oppdragsforståing, arbeidsvilkår, miljøprofil og pris, til dømes. I mars i år gjekk LO Medias nettportal frifagbegvegelse.no gjennom alle anboda på innsamling av hushaldningsavfall dei siste 15 månadene. Av 16 tildelingar var det berre éin kommune som ikkje hadde pris som hovudkriterium. I tre anbod var pris einaste tildelingskriterium.

Har dei som lyser ut renovasjon på anbod med 80 prosent vekting av pris og 20 prosent vekting av kvalitet, dårlegare råd enn dei som vektar 60/40? Eller meiner dei berre at det ikkje er så store skilnader på eit godt og eit dårleg tilbod? Etter Veireno-skandalen i Oslo i vinter har nettopp den høge prisvektinga fått delar av skulda. I dette anbodet var pris vektlagd 75 prosent, medan oppgåveforståing hadde fått 15 prosent og miljø 10 prosent.

Spørsmål 4 nærmar seg kjernen, trur eg: Kor mykje kostar anbodskonkurransar samfunnet i dag? I boka En snekkers dagbok skriv snikkar Ole Thorstensen om kva konkurransar det løner seg å delta i, og kor mykje dei kostar han. Han nyttar eit døme på ein målejobb til 26.000 kroner ekskludert moms. 5000 kroner vert materialutgifter. Åtte firma hadde rekna på jobben. Altså må kvart av dei rekne åtte anbod for å få ein jobb. Kostnaden ved alle dei operasjonane reknar Thorstensen til 14.000 kroner. Då har ein 7000 kroner att til å gjere jobben.

Rekningsbetaling

Vi betaler for at folk sit og reknar prisar. Dei som reknar på kor billeg dei kan hente bosset i øykommunen Solund versus snøtunge Stange, skal ha betalt, dei òg. Det same skal byråkraten som har sete i andre enden og skrive utlysinga. Konkurransegrunnlaget i anbodet om transport og biologisk handsaming av matavfall for Indre Østfold Renovasjon IKS er tolv sider langt. Eventuelle tilbydarar må fylle ut ein kravspesifikasjon, eit tilbods- og prisskjema og tre eigenerklæringar: èi for HMS, èi for løns- og arbeidsvilkår og ei forpliktingserklæring med tanke på underleverandørar. Alle desse må byråkraten igjen lese – og ikkje minst – kontrollere. Noko anna vi skal ha lært av Veireno, er nemleg at kjøparar ikkje kan ta tilbod for god fisk. Tilboda må sjekkast.

Med det renn minutta, timane og kronene. Det siste spørsmålet vert då kven vi helst vil betale for: mannen i bilen, kvaliteten på drivstoffet på tanken eller kalkulatortrykkaren på konsernkontoret? Hovudinntrykket mitt er nok at når konkurransen står på spel, spelar ikkje prisen særleg rolle.

Siri Helle er journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi betaler for at folk

sit og reknar prisar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis