Sideblikk
Skreddarøkonomane har ete Siv
Finansdepartementet veit kva som er best. Derfor legg dei premissane for politikken.
Finansminister Siv Jensen (Frp) då ho heldt finanstalen i Stortingssalen i samband med regjeringsframlegget til statsbudsjett for 2020.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
FINANSDEPARTEMENTET er det gjævaste av dei kongelege departementa, og finansministeren er statsråden med størst makt. Formelt har utanriksministeren vore nummer to i regjeringa etter statsministeren, men det er protokollært. I røynda er det FIN, som dei kallar seg, som rular. Saman med Sosialøkonomisk institutt på Blindern og forskingsavdelinga i Statistisk sentralbyrå var dei den økonomiske jerntriangelen, men Noregs Bank har meldt seg på som reserve etter at universitetsøkonomien blei meir esoterisk, medan sentralbanken blei meir sjølvstendig og fekk oljemilliardar å rutta med.
DEN ØVSTE embetsmannen i Finansdepartementet ber tittelen «finansråd». Slik eksklusivitet er det elles berre departementsrådane i utanriks og forsvar som har historisk hevd på – til depråden ved statsministerens kontor i 2001 blei omdøypt til «regjeringsråd». Alle er like, men nokre er likare enn andre: Det hadde ikkje vore same schwung over «landbruks- og matråd» eller «barne- og familieråd».
ALLE STATSRÅDAR skjelv i buksa når dei møter til budsjettkonferanse med framlegg om løyvingar til gode og naudsynte saker i sin sektor. Der må dei bryna seg på finansministeren, og mang ein statsråd har gått gråtande frå slike seansar.
Mange statsrådar kjem ikkje eingong så langt at dei får gjennomslag i sitt eige departement, som veit at FIN er bøygen. Då må dei ta ein Varmann for veljarane sine, som er lova både dette og hint: «Eg vil, men departementet vil ikkje.»
Dette veit Byråsjefen mykje om. Han meiner at ingen annan del av forvaltninga er så dyktig til å vaksenopplæra, sosialisera og assimilera statsrådane sine som embetsverket i FIN. Same kor dei kjem frå, politisk og geografisk, går det ikkje lenge før nye finansministrar har lært seg faglege omgrep og den bekymra tonen frå Finansdepartementets salmebok. I innhald lyder dei som talerøyr for departementets perspektivanalysar, også på hedmarksdialekt.
FINANSDEPARTEMENTET har dei glupaste og mest sjølvmedvitne folka i statsbyråkratiet. Alle i økonomiavdelinga fekk Særs godt til eksamen som cand.oecon., og dei er aldri i tvil om at dei veit best og alltid er opptatt av landets, økonomiens og heilskapens beste – mot sektorinteresser og laussleppte politiske løfte. Derfor er det berre rett og rimeleg at dei drar opp rammene og legg premissane for den økonomiske politikken – same kva farge statsråden har, og same kva som står i partiprogrammet. Deira motto er tillagt Eivind Erichsen: «Man kan ikke både holde og love; det får holde med å love.» Han var finansråd i 28 år (1958–1986) og tente under 14 ulike finansministrar. I eit intervju i VG i 1999 lét han seg lokka til å seia at dei beste var Erik Brofoss, Trygve Bratteli, Per Kleppe og Rolf Presthus.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.