Navhengig
3. april stengde Nav-kontora dørene for brukarar som møtte opp utan avtale.
Slike opningstider ser du ikkje meir, når NAV kuttar drop-in-tilbodet.
Foto: NTB scanpix/Morten Holm
Slike opningstider ser du ikkje meir, når NAV kuttar drop-in-tilbodet.
Foto: NTB scanpix/Morten Holm
– Du har kome til Nav, kva kan eg hjelpe deg med?
Damestemma er så overdrive blid at eg nesten kan høyre kaldsveitten i panna hennar, etter brukarar i harnisk i telefonkøen før meg. Eg har nesten gløymt kva eg skal med denne telefonsamtalen. Smartskjermen har vore klistra mot øyret så lenge at humøret mitt står til den utgåtte mjølkekartongen i kjøleskapet. Eg skal berre søkje om hjelp til å ta billappen. Teoriprøven er i boks, men på grunn av ei funksjonshemming i armen får eg ikkje køyre hos køyreskule utan tilrettelegging. Det skal Nav hjelpe meg med, får eg vite.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.