Når kulturlandskapet blir rydda av vegenNorske vegar blir stadig breiare og lengre. Det trugar kulturlandskap og verneverdige naturområde.
Norske vegar blir stadig breiare og lengre. Det trugar kulturlandskap og verneverdige naturområde. – Det finst ingen nasjonal debatt om kulturminne som går tapte på grunn av vegutbygging, seier kulturhistorikar Sjur Harby.
Konflikt knytt til vegutbygging og dyrka mark er synleg mange stader i landet. Her blir åkrar lagde under asfalt ved utbygging av ny E6 ved Halden.
Foto: Samfoto/NTB scanpix
«Han kjøre’ E6, den strakaste vei’n», syng Bjarne Brøndbo i D.D.E. I songteksten, som er skriven av Idar Lind, handlar det for ein trailersjåfør om å koma seg så raskt som råd heim til Bodø, til kjærasten som er i gang med å føde. Difor «bruke’ han gasspedal’n» på E6 i songen, for «E»-en i bilvegen garanterer nettopp snøggleik. «E» står for Europaveg. Det finst ulike slag vegar i Noreg, riksvegar og fylkesvegar. Men Europaveg er vegen for dei som vil fort fram.
Europaveg er ein gjennomfartsveg med høg fartsgrense for tungtrafikk og trafikk over store avstandar. Vegen har få svingar og eit minimum av vegkryss. Men den strake vegen kan for andre vera den verste vegen. I alle fall når han går gjennom dyrka mark, kulturlandskap eller verneverdige naturområde. Og nett i dag er det større grunn enn tidlegare til å rope varsku.
I vår gav Stortinget grønt lys for nye vegplanar. Nasjonal Transportplan (NTP) har opna opp for 140 nye vegar og togliner i Noreg. Ein NTP blir lansert kvart fjerde år. Planen som samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen lanserte i år, overgår planane frå førre år i omfang: Dei neste 12 åra skal det byggjast veg for 933 milliardar i Noreg. I tillegg kjem bompengane som skal brukast på vegutbygging. Mange av vegprosjekta vekkjer lokal og regional debatt.
Åkersvika
Vi gjer som i D.D.E.-songen, vi tek òg E6 nordetter. Ein skal ikkje køyre langt på E6-en før ein støyter på konfliktar mellom vegvesen og vernestyremakter.
Åkersvika naturreservat ligg ved Hamar, og over dette reservatet skal den nye motorvegen gå. Åkersvika er eit internasjonalt verna reservat for hekkefuglar. Den nye E6-en inneber ein firefelts motorveg gjennom dette våtmarksreservatet. Prosjektet vekkjer stor lokal motstand. Våtmarka er verna gjennom den såkalla Ramsarkonvensjonen – ein internasjonal avtale for vern og berekraftig bruk av våtmarker.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.