JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Agurkkommentariatet

Ekspertar spekulerer, slik alle ikkje-ekspertar kunne ha spekulert, og kommentatorane tolkar spekulasjonane, slik alle ikkje-kommentatorar kunne ha tolka dei.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Agurktida er her, og Eigersund kunne til nyleg skilta med den største.

Foto: Ingve Aalbu / NTB scanpix

5007
20170630
5007
20170630

Kommentar

arild.pedersen@ifikk.uio.no

I gamle dagar, la oss seia for førti år sidan, ville vi no, like etter jonsok, nærma oss agurktida. Det vil seia den ferietida på året då avisene ikkje hadde anna å skriva om enn agurkar, særleg storleiken og dei merkelege formene deira. Altså heilt uvesentleg spaltefyll. Men i dag vert agurkane dyrka fram heile året, særleg innafor det store drivhuset som heiter TV. Til dømes las eg i dag at ein agurk, nei, kva er det eg seier, ein stein, utanfor Egersund, med utsjånad som eit mannleg kjønnsorgan, har vorte broten.

Men annakvart år, om hausten, hender det garantert noko viktig som ikkje høyrer til planteriket, nemleg demokratiske val. Då kan alle media endeleg vera seriøse og venda attende til å utføra ei av kjerneoppgåvene sine: Journalistar formidlar ordskifte og utspel frå politikarar, i staden for å intervjua grønsakdyrkarar. Men i tillegg hyrer den fjerde statsmakta inn noko som vert kalla «ekspertar». Dei skal uttala seg om sanninga til det politikarane sa. Det vert kalla faktasjekk. Dinest kjem noko som vert kalla «kommentatorar» som uttalar seg om kva det eigentleg var politikarane sa, gjerne på bakgrunn av kva ekspertane sa om det, og ikkje minst kvifor politikarane sa det dei sa. Ikkje at ekspertar og kommentatorar ikkje uttalar seg elles i året. Men i valkampen er dei nesten meir hovudpersonar enn politikarane sjølve.

Ekspertkommentar

For å førebu oss i god tid på denne komande seriøse perioden utan agurkar, men med ekspertar og kommentatorar, skal eg her koma med ein ekspertkommentar om slike ekspertar og kommentatorar. La meg då først tilstå at eg sjølv har eit noko tvisynt tilhøve til både ekspertar og kommentatorar. Til dømes når det hender, både i og utanfor agurktida, at terroristar drep uskuldige menneske, noko som i seg sjølv er uhyggeleg nok, så har ikkje blodet størkna på fortauet før media vert fylt av ekspertar og kommentatorar. I slike situasjonar kjem ekspertane med spekulasjonar som eigentleg alle ikkje-ekspertar like godt kunne spunne ut, medan kommentatorane tolkar spekulasjonane, slik eigentleg alle ikkje-kommentatorar kunne ha tolka dei. Og dette sjølv om alle veit at betre svar vil koma om nokre timar. Men ein røynd ekspert og kommentator vil ta høgd også for dette ved å åtvara mot spekulasjonar, særleg frå ikkje-ekspertar og ikkje-kommentatorar.

På den andre sida må eg vedgå at eg sjølv godt kunne tenkt meg å opptre som ekte ekspert og kommentator, og ikkje berre som ein slik filosofisk ekspertekspert og kommentatorkommentator som eg opptrer som her. Eg skulle ha gode føresetnader for det. For det første er eg flink til å sjå alvorleg og bekymra ut, og eg kan få pannerynkene til å folda seg over kvarandre på aukande intelligent vis. Stemmen kan eg òg leggja ned ein oktav. Kva ville eg sagt om Djevelen hadde freista meg med absolutt makt til å fastsetja kva som er fake news, og samstundes gjeva meg fri tilgang til ei kommenterande twittermelding som alle måtte lesa: som om eg var Donald Trump? Kjenner eg ikkje avundssjuke når eg ser korleis Kim Jung-un går ikring og peikar, medan slavane hans noterer i små notisbøker alle ekspertkommentarane hans?

Antieksperten

Men nei. Eg svik ikkje Sokrates. Han var den første antieksperten. Ikkje berre var han like uvitande som ein gjennomsnittsekspert med livsløgn. Men i motsetnad til ein slik visste han at han var uvitande. For når ein ser bort frå utsegnene til ein ekspert som røyrleggjaren min, er alle ekspertutsegner tvilsame. Til dømes om ein ekspert frå Senter for Bygdeforsking påviser at livet er betre på bygda. Ekspert er ikkje en beskytta tittel. Det er noko ein vert utnemnd til i media.

Ein kunne berre drøymt om korleis eit ekspertintervju med Sokrates ville ha plaga ein gjennomsnitts TV-journalist. Derimot hadde han ein elev som heite Platon, som meir enn gjerne ville ha stilt opp. For Platon meinte at samfunnet skulle styrast av nettopp ekspertar, rett nok kontrollert av filosofar. Men det illustrerer hovudproblemet med dagens ekspert- og kommentarbruk. På 30-talet ville den amerikanske stjernejournalisten Walter Lippmann at samfunnet heilt skulle overtakast av ekspertar, utan demokratiske val, av di det var for komplisert for vanlege folk. Noko av den same haldninga ligg bak den veksande bruken av ekspertar og kommentatorar, særleg i ein valkamp: som om vi veljarar er så dumme at vi må forteljast korleis politikk skal forståast. Kva med å bruka meir ressursar på å formidla ordskiftet til politikarane i valkampen?

Og kva med å heller bruka ekspertar og kommentatorar til å uttala seg om agurkane, resten av året?

Arild Pedersen er professor i filosofi ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Når ein ser bort frå utsegnene til ein ekspert som røyrleggjaren min, er alle ekspertutsegner tvilsame.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis