JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Journalisten som farleg stinkdyr

Den russiske journalisten Julia Latynina vart utsett for eit giftattentat etter å ha skrive om kontakten Donald Trump jr. hadde med russarar i fjor.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Politisk journalist Julia Latynina saman med viseredaktør Andrej Lipskij (t.v.) og sjefredaktør Dmitrij Muratov i Novaja Gazeta.

Foto: Alexander Zemlianichenko / AP Photo / NTB scanpix

7056
20170804
7056
20170804

Heilt nytt bakgrunnsmateriale om møtet Donald Trump junior hadde med ein russisk advokat i New York i juni i fjor, var å finna i den russiske avisa Novaja Gazeta 14. juli. Seks dagar seinare vart journalisten, Julia Latynina, utsett for eit giftattentat. Ho kom ikkje til skade.

Detaljane i artikkelen hennar gjorde det lett å skjøna at mektige folk, både i Moskva og Washington, vart irriterte. For den russiske avisa er ikkje det noko nytt: I møtesalen i redaksjonen er bakveggen dekt av portrett av sju medarbeidarar i heilfigur. Det er ein gravlund: Alle vart drapsoffer.

Latynina fortalde om attentatet i ein artikkel 20. juli, og ho seier at ho ikkje vil melda saka til politiet. Men sjefredaktør Dmitrij Muratov, som ikkje har fleire å mista, skreiv eit brev til statsadvokaten i distriktet og kravde gransking. For Latynina fekk ei bøtte med menneskeavføring i hovudet i fjor, da ho køyrde bil i Moskva. Det vart inga etterforsking.

– Metoden frå i fjor tykte eg betre om, skreiv ho.

For denne gongen, i forstaden Peredelkino, brukte attentatmennene eit giftprodukt av amerikansk fabrikat. Det heiter «Skunk» (stinkdyr) og ber namnet med rette: To born som var i huset, vart sjuke, det same vart grannane, og den 77 år gamle mora til Latynina vart uvel og kvalm.

– Men eg skjønar kva dei ville melda, skriv ho: 1) Vi veit kvar du bur, og kanskje brukar vi kuler neste gong. 2) Du er eit stinkdyr.

Dessutan hende det på fødselsdagen til far hennar, ein kjend lyrikar. Mora er litteraturkritikar.

I Putin-krinsen

Personane som Latynina dreg inn i Trump-saka, høyrer til i krinsen rundt president Vladimir Putin. Persongalleriet er omtrent like stort, og like komplisert, som i ein russisk roman frå 1800-talet. Det som no kjem, er eit sterkt forenkla samandrag, jamvel om det kanskje ikkje ser slik ut.

Ein av hovudpersonane er – eller var – Sergej Magnitskij, ein advokat som døydde i fengsel i Moskva i november 2009. Han var rådgjevar for den amerikanske kapitalforvaltaren Bill Browder, soneson til Earl Browder, som leidde det amerikanske kommunistpartiet i Roosevelts og Trumans tid. Browder fann ut at mange av dei russiske yrkesbrørne hans var korrupte. Da han kunngjorde det, vart styresmaktene interesserte i han og i milliardane hans. Han kom seg ut or Russland og bad advokatane sine reisa, dei òg. Alle gjorde det, men ikkje Magnitskij:

– Eg er advokat, og meg rører dei ikkje, sa han.

Han tok feil. Han vart arrestert og sikta for finansakrobatikken han hadde avdekt. I fengselet vart han sjuk, og han fekk ikkje medisinsk hjelp. Han vart 37 år gamal. Saka hans var ikkje slutt med det: Som lik vart han stilt for retten og dømd til fleire års fengsel – ein heller uvanleg rettspraksis.

Browder hadde kontaktar i Kongressen i USA og vart drivkrafta bak den såkalla Magnitskij-lova, med forbod mot at dei som hadde hatt noko med saka å gjera, skulle nektast innreise i USA og Storbritannia. (Browder hadde like gode kontaktar i London, der han bur.)

Interessant rulleblad

Den russiske advokaten som Donald Trump junior fekk møta, Natalia Veselnitskaja, arbeidde for finansmagnaten Pjotr Katsyv. Han har eit interessant rulleblad: Fem millionar dollar er sperra i Israel (kvitvasking av skitne pengar), seks millionar i Sveits, av same grunn. Sonen, Denis Katsyv, som bur i New York, var tiltala for å ha sikra seg 230 millionar dollar, dei same pengane som avlidne Magnitskij vart dømd for å ha svindla til seg. Veselnitskaja hadde oppdrag for Katsyv, og saka i New York vart avgjort ved forlik i mai i år. Katsyv betalte seks millionar dollar utan å vedgå skuld. Den kongresskomiteen som granskar president Trump og kontaktane hans med russiske finansfolk, har skrive eit brev til det amerikanske justisdepartementet med svært mange spørsmål. Vi kjem attende til Katsyv senior.

To finansfolk med russisk opphav var òg med på møtet med Trump junior. Den eine, Rinat Akhmetsjin, er velkjend i Washington som kontaktmann mellom russiske finansfolk og amerikanske bankar. Den andre, Ike Kaveladze, har ordna med oppretting av 2000 amerikansk-russiske firma, og både han og Akhmetsjin har kanalisert fleire milliardar dollar til USA. Desse operasjonane er lovlege, for selskapa held til i delstatar som Nevada, Wyoming og Delaware, som har svært strenge lover om diskresjon og hemmeleghald.

Statsadvokaten i New York, Preet Bharara, hadde sett i gang gransking av nokre av desse pengeplasseringane i eigedomsmarknaden på Manhattan. I mars fekk han sparken på dagen av president Trump.

Trump junior og svogeren hans, Jared Kushner, har forklart at møtet med Veselnitskaja var tull og tidspille, og at ho berre ville snakka om adopsjonsproblem. Da Magnitskij-lova vart vedteken, vart Putin så irritert at han la ned forbod mot at amerikanarar kunne adoptera russiske born. Men det er ikkje kjent kva Kaveladze hadde som bidrag. Han kan ha vore tolk, Veselnitskaja snakkar ikkje engelsk. Men ho har sagt at ho ikkje har noko med Putin å gjera. Derimot har ho hatt nær kontakt med den russiske riksadvokaten, Jurij Tsjajka. Og ho har vore talskvinne for ein film om Magnitskij (vist i Noreg tidlegare i år), der Browder vert skulda for å stå bak Magnitskijs død. Denne veka vart det kjent at president Trump «redigerte» svaret som sonen gav til New York Times, og strauk opplysninga om at det var Magnitskij-lova ho ville snakka om, og innreisesanksjonane som har heimel der.

God for ein milliard

Så attende til Denis og Pjotr Katsyv. I mange år var senior nestsjef for dei russiske jarnvegane. Sjefen der frå 2005 til 2015 var Vladimir Jakunin, som i åra 1985–1991 var stasjonert ved den sovjetiske FN-delegasjonen i New York. I 1996 kjøpte Jakunin seg inn i ein luksuskoloni nord for St. Petersburg, Ozero, saman med viseordføraren i byen, Vladimir Putin. Jakunin junior, Andrej, er finansmann i London og har britisk statsborgarskap. I fjor stifta far hans ein tenketank i Berlin, DOC, Dialog mellom sivilisasjonar. Professor Johan Galtung er ein av dei faste konsulentane. DOC skal ha eit fredsforum på Rhodos 6. og 7. oktober.

Det amerikanske finansmagasinet Forbes meiner at Vladimir Jakunin er god for om lag ein milliard dollar. I juni vart han intervjua i BBC om påstandane om at russarane hadde blanda seg i det amerikanske presidentvalet med datatriksing.

– Kvifor skal eg tru på slike grunnlause påstandar? spurte han.

Det er kartlegging av dette persongalleriet den spesialoppnemnde granskaren Robert Mueller no er i gang med i Washington – dersom president Trump ikkje legg for mange kjelkar i vegen for han. Men Trump har sitt å stri med: Søndag kravde Putin at staben ved amerikanske diplomatiske stasjonar i Russland skal skjerast ned med 755 personar – fleirtalet av dei er russarar.

Per Egil Hegge

Per Egil Hegge er journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Personane som Laty-

nina dreg inn i Trump-

saka, høyrer til i

krinsen rundt Putin.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis