Sideblikk

Hans Majestets lojale opposisjon

«Samling i bånn» var ikkje eit uttrykk for nederlag, men for dristig satsing og optimisme.

Stortingssalen då det 164. ordentelege storting vart opna av Kong Harald onsdag denne veka.
Stortingssalen då det 164. ordentelege storting vart opna av Kong Harald onsdag denne veka.
Publisert

TRONTALEDEBATTEN blir vakkert kalla «opposisjonens debatt», og første talar er alltid opposisjonsleiaren. Det er Jonas Gahr Støre, fordi Arbeidarpartiet er størst, men han har vore ein forsiktig og forliksvillig hærførar for Erna Solbergs og Hans Majestets lojale og opposisjon. Småpartia til venstre og Senterpartiet har stått fram meir kraftfullt og storsnuta. Etter kommunevalet har dei fått nytt pågangsmot, og Senterpartiet har vore ute og stole ordførarar.

Elles er frontane litt flytande, for det er eit forvitneleg faktum at der tre eller fire parti er samla i same regjering, er opposisjonen midt iblant dei – frå den brunbeisande Abid Raja til den lettkrenkte og sniksiviliserte Per Willy Amundsen.

LANDSSTYRET i Arbeidar­partiet har slikka sine sår og trøysta seg med fleire ordførarar i storbyane, men det var dei andre partia «på vår side» som sikra det. Meiningsmålingane etter det dårlege valet tyder på at dei ennå ikkje har nådd botnen: Samling av fløyer og fiendar er ikkje lett når krybba er tom og hestane bitest. Etymologisk ligg giske nær «å gisa»: den gisøygde har eit lurt og listig, fnisande, fnysande og hånleg blikk.

Etter valnederlaget skal Støre skjerpa seg og bli hardare i klypa for ikkje å bli medskuldig i regjeringas upopulære sentraliseringspolitikk. Men kamp­ropet «stø kurs framover» kan bli eit narrespel når ulike miljø eggar til strid og stakar ut retningar som er på kollisjonskurs.

«SAMLING I BÅNN» er eigenmeldinga. I politikken blir det brukt om parti som ligg nede for teljing av promillar og prøver å reisa seg etter å ha døyvt tunge tider. Det er rimelegvis oftast brukt om Venstre.

Bjørn Sortlands gutebok Samling i bånn er den fjerde i serien om Bønna og B-laget som blir forfølgde av ein nifs nerd på veg til fotballens heimland, England. I fotballen prøver elles lag som kjempar mot nedrykk seg først med å sparka trenaren. Om det ikkje går bra, tyr dei til «samling i bånn», men når klubbane er kjøpelag utan vilje til å blø for drakta, er det heller ikkje lojalitet å henta hos tilskodarklanane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement