JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Eit etisk og moralsk ansvar

Olje- og energiminister Terje Aasland synest ikkje at opningsprosessen for mineralutvinning har gått spesielt fort.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Oslo, Norway 20230524.   Energiminister Terje Aasland Lien (Ap) under Stortingets muntlige spørretime onsdag.  Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

4138
20230623
4138
20230623

peranders@dagogtid.no

– Havbotnminerallova vart vedteken i 2019. Så har vi hatt ei konsekvensutgreiing der vi fekk inn ulike synspunkt, og no har vi lagt fram ei opningsmelding. Dette er ordinær forvaltningspraksis for ny aktivitet på norsk sokkel, seier Aasland.

Meldinga er ikkje eit løyve til utvinning, understrekar han.

– Opningsprosessen er berre startpunktet. Vi treng meir kunnskap, og den får vi ved å starte leiteaktivitet. Selskapa som skal leite etter mineral, må dokumentere at dei tek omsyn til miljø og berekraft.

– Ei rekkje forskarar og andre fagfolk meiner prosessen har vore prega av hastverk?

– Vi synest ikkje det har vore unormal fart i denne prosessen. Høyringa gav oss ein god del innspel, og prosessen i regjeringa førte til endringar i opningsmeldinga, med større omsyn til føre var-prinsippet og berekraft.

– Konsekvensutgreiinga dykkar fekk uvanleg hard medfart i høyringsrunden, også frå sentrale faginstitusjonar?

– Vi treng sårt fleire mineral til det grøne skiftet. Vi har sett konsekvensane av at Europa var avhengig av russisk gass, og bør ikkje kome i same situasjon med det grøne skiftet slik at vi hamnar i lomma på Russland og Kina. Noreg har eit etisk og moralsk ansvar for å undersøkje om vi kan hente ut mineral frå havbotnen på berekraftig vis.

– No spør eg om høyringsrunden. Der kom mellom anna Miljødirektoratet og Havforskingsinstituttet med svært hard kritikk.

– Verken Miljødirektoratet eller Havforskingsinstituttet har nokon klar strategi for å få inn kunnskap om berekraftig utvinning av havbotnmineral. Da må vi basere oss på samspel mellom styresmakter og selskap.

– Men har OED teke inn over seg innhaldet i denne kritikken i arbeidet med stortingsmeldinga? Eller meiner de vurderingane til MD og HI er feil?

– Regjeringa meiner at prosessen gjev grunnlag for å ta avgjerd om opning og etablering av ein strategi for forvalting av havbotnmineralressursane. Vi skal vera verdsleiande på fakta- og kunnskapsbasert forvalting av ressursane. Det er nettopp eit betre kunnskapsgrunnlag vi legg til rette for no. seier Aasland.

– Konsekvensutgreiinga viser at leiteverksemd har liten påverknad på miljøet. Før utvinning eventuelt blir aktuelt må rettshavar godtgjere at utvinninga kan gå føre seg forsvarleg og berekraftig.

– Fagdirektør Peter M. Haugan ved HI meiner prosessen har vore uforsvarleg, og kallar opninga ein skandale.

– Det får stå for hans rekning. Eg er totalt usamd. Vi følgjer opp god forvaltingspraksis på norsk sokkel. Stortingsmeldinga set tydelege krav til miljø, berekraft og kunnskap. Til dei som er negative, vil eg seie: Korleis vil de bidra til at at vi skal få kunnskapen vi treng for å seie om dette er rett eller ikkje? Vi legg til rette for finne ut om dette er drivverdig, og om det finst teknologi som kan løyse oppgåvene.

– Kven er selskapa som skal leite og utvinne? Equinor er ikkje interessert. Gruveselskapet Loke Minerals har fem tilsette.

– Dei er jo ikkje i gang med aktivitet enno. Loke har solide miljø bak seg, mellom anna Wilhelmsen og Technip FMC. Og Noreg har store kompetansemiljø som ser høve her, og kan finne ut om dette er teknisk mogleg å gjere på ein god måte.

– I mange andre land er det stor skepsis til gruvedrift på havbotnen. EU-kommisjonen tilrår eit moratorium?

– Men kva kan EU-kommisjonen om havbotnmineral? Vi må sjå på kompetansen Noreg sit på. Norske fagfolk har gjort banebrytande utviklingsarbeid innanfor olje og gass.

– Noreg har profilert seg internasjonalt med berekraftig forvalting av havet, mellom anna gjennom Havpanelet. No blir det vanskeleg for UD å selje ideen om Noreg som ein ansvarleg havnasjon som set berekraft høgt?

– Nei, det blir ikkje det. Det er nøye vurdert korleis vi kan gå fram frå opning til ei eventuell utvinning av havbotnmineral. Om nokon kan gjere dette på ein god måte, er det Noreg, med den kompetansen vi har, seier Terje Aasland.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Men kva kan EU-kommisjonen om havbotnmineral?

Terje Aasland,
olje- og energiminister

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis