Pater Kjell Arild Pollestad har lese boka mi, Eg slepper deg utan at du velsignar meg. Han ser det som naudsynt å kalle den trua eg slutta med for «usunn». Det kan verke som om eg ikkje hadde tenkt den tanken sjølv, men store delar av boka går nettopp med til å forklare kvifor trua mi var «usunn» for meg. Eg er ikkje åleine om ei slik tru. Eg trur Pollestad må lese tekstane til Mor Teresa, dei ho skreiv då gudsfråværet sette inn hjå henne. Då vil han sjå at katolske helgenar òg kan ha djup kjennskap til ei «usunn» tru. Og gjev det eigentleg meining å kalle trua «sunn» eller «usunn»? Eg er meir interessert i kvifor det vert slik at tru kan vere farleg for somme. Å klistre «usunn» på trua til eit anna menneske er enkelt. Det verkeleg interessante er kvifor eit menneske ikkje sluttar å tru, sjølv når det ser at trua ikkje er god for seg. Då må vi inn i religionspsykologien, ei dør som Pollestad ikkje går inn. Om han ikkje kan eller ikkje vil, er uvisst.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.