JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2716
20170929
2716
20170929

ANBOD

Då muren mellom Aust- og Vest-Tyskland fall for snart tretti år sidan, såg meg verkeleg skilnaden mellom eit samfunn tufta på konkurranse og eit samfunn tufta på kontroll. Då hadde kommunismen skapt bilen Trabant, medan kapitalismen hadde skapt Mercedes. Anbod i offentleg sektor er ikkje «eit naudsynt vonde», slik journalist og kommentator Siri Helle skriv i siste nummer av Dag og Tid, men ein moglegheit for politikarar til å gje innbyggjarane gode tenester til lågast mogleg pris.

Eg trur alle er samd med Helle i at det finns ei rekkje negative sider knytt til Lov om offentlige anskaffelser og korleis anbodsreglane vert nytta i offentleg sektor. Men at konkurranse i seg sjølve skulle vere eit vonde er eg ikkje med på. Konkurranse fungerer framifrå på dei fleste områda i samfunnet. Konkurranse syner oss dei reelle kostnadane ved å produsere varar og teneste gjennom prismekanismen. Konkurranse gjer det mogleg for politikarane å prioritera friare kva dei skal nytte skattepengane til, Konkurranse skapar innovasjon og nyskaping, og gjev makt til konsumentane om dei veit å nytta denne på ein god måte. Det gjer ikkje alltid offentlege myndigheiter, det har Helle heilt rett i.

Dei aktuelle sakene ho refererer til er gode (eller kanskje me må seie dårlege) døme på kor gale det kan gå om ikkje bestillingane frå offentlig sektor hjå private aktørar er gode nok. Ofte er dei lange og kompliserte – slik Helle syner frå Indre Østfold Renovasjon IKS, men utan at dei definerer behova tingarane i realiteten har. Mykje er òg styrt av byråkratiske reguleringar og standardkrav i slike tingingar. Men det største problemet er når tingarane trur dei får det beste tilbodet frå dei billigaste aktørane. Å lyse ut anbod kor pris tel 75-80 prosent på prosjekt med høg grad av arbeidsinnsats og tilsvarande risiko, som i renovasjonsbransjen, vil mest sannsynleg vere dømde til å mislukkast.

Konkurranseutsetjing i offentleg sektor kom til Noreg gjennom det som har vorte kalla New Public Management (NPM) omtrent då den ovanfor nemnde muren fall. Målet var å effektivisere offentleg sektor med hjelp av styringsprinsipp frå privat sektor. Slikt vart det bråk av når me ikkje er vande med å tenke på tvers av privat og offentleg sektorer i ein velutvikla velferdsstat, men òg om me ikkje forstår at for å få til ein fri og effektiv konkurranse i ein marknad treng me kontroll. Løysinga ligg difor ikkje i å skrota anbodsreglane, men å gjere dei enklare og meir fokusert på det dei er til for: å skape ein sunn og innovativ konkurranse i offentlig sektor.

Jan Erik Grindheim er
førsteamanuensis på
Høgskulen i Søraust-Noreg
og statsvitar i Civita.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis