Framtidsorientert fuglekvitter
Ei luftig, men krevjande lyttaroppleving om ny kjærleik og gamle søksmål.
Den islandske musikaren Björk byr på eit komplekst, kompositorisk landskap.
Pop
Björk:
Utopia
One Little Indian Records
Björks førre plate, Vulnicura frå 2015, var ei heller dyster plate om samlivsbrot. Utopia er på si side ei forholdsvis lystig og håpefull plate om gryande kjærleik.
Plata inneheld mang ein ven, vakker og interessant musikalsk detalj, som til dømes dei hissige rovdyrsamplingane som blandar seg med dei rullande rytmane på låten «Body Memory», eller dei luftige fløyte- og synthtrillene som lurer seg inn mellom vokallinene på refrenget til «The Gate». Luft er eit nøkkelord på Utopia, spekka som plata er med fuglekvitter, islandsk fløyteorkester og luftige beatar – ved sida av Björks sedvanleg hese stemme og eit islandsk kvinnekor.
Men Utopia kan vere ei desorienterande lyttaroppleving, med blandinga av tidvis brutale elektroniske beatar, eksperimentelle akustiske kor- og fløytearrangement og vokal i mange, komplekse lag. Det er ikkje alltid vidare lett å finne retninga i dei komplekse kompositoriske landskapa Björk og den venezuelanske produsenten Arca har pusla saman, dette soniske kartet til Björks ideelle ikkje-stad. Eit effektivt navigasjonsinstrumentet er ei nærlytting medan ein les tekstane, som nokre gonger nesten er overdrive utleverande og private, andre gonger skarpt kritiske til dei dehumaniserande sidene ved Tinder-kultur og moderne nettdating, og på sitt beste, oppløftande og håpefulle – særleg på avslutningssporet «Future Forever».
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Pop
Björk:
Utopia
One Little Indian Records
Björks førre plate, Vulnicura frå 2015, var ei heller dyster plate om samlivsbrot. Utopia er på si side ei forholdsvis lystig og håpefull plate om gryande kjærleik.
Plata inneheld mang ein ven, vakker og interessant musikalsk detalj, som til dømes dei hissige rovdyrsamplingane som blandar seg med dei rullande rytmane på låten «Body Memory», eller dei luftige fløyte- og synthtrillene som lurer seg inn mellom vokallinene på refrenget til «The Gate». Luft er eit nøkkelord på Utopia, spekka som plata er med fuglekvitter, islandsk fløyteorkester og luftige beatar – ved sida av Björks sedvanleg hese stemme og eit islandsk kvinnekor.
Men Utopia kan vere ei desorienterande lyttaroppleving, med blandinga av tidvis brutale elektroniske beatar, eksperimentelle akustiske kor- og fløytearrangement og vokal i mange, komplekse lag. Det er ikkje alltid vidare lett å finne retninga i dei komplekse kompositoriske landskapa Björk og den venezuelanske produsenten Arca har pusla saman, dette soniske kartet til Björks ideelle ikkje-stad. Eit effektivt navigasjonsinstrumentet er ei nærlytting medan ein les tekstane, som nokre gonger nesten er overdrive utleverande og private, andre gonger skarpt kritiske til dei dehumaniserande sidene ved Tinder-kultur og moderne nettdating, og på sitt beste, oppløftande og håpefulle – særleg på avslutningssporet «Future Forever».
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?