Endefram harselasmusikk
Komikar samlar utvitydig opprørsrock skrive i harnisk.
Rock
Tim Heidecker:
Too Dumb For Suicide: Tim Heidecker’s Trump Songs
Jagjaguwar
Tim Heidecker er kjend for ei kompromisslaus form for antihumor, tufta på lag på lag med ironi. Ved sida av TV-seriane Tim & Eric Awesome Show og Check It Out! with Dr. Steve Brule (laga i samarbeid med Eric Wareheim og John C. Reilly) iscenesette han nyleg ein farse av ei teatersportsrettssak der han sjølv var både tiltalt og forsvarar. Brutal inkompetanse åleine gjorde at den drapstiltalte komikaren ikkje blei dømd. Heidecker er òg ein kompetent musikar, og Too Dumb For Suicide kan kan hende òg seiast å handle om inkompetanse og ansvarsløyse.
Mykje av Heideckers komikk er absurd, og har eit preg av mørk, intern pokerfjeshumor som kan skape tvil hjå uinnvigde. Trump Songs er derimot ganske utvitydig: Platetittel og omslag driv openbert harselas med presidenten. Songane, som gjerne har eit sterkt preg av amerikansk folkrock, er skrivne hurtig i harnisk – «with the blood still boiling from whatever indignity or absurdity had popped up on my newsfeed that day» – og er greie korkje med Trump, kvit makt-forkjemparar eller alt-right-internettroll. Det er sjeldan subtilt, og det er trass alt på sin plass. Som Heidecker har uttalt: «Let’s hope I don’t write any more of these, but I probably will.» Heldigvis er songane ganske fine, inkludert «MAGA», der Heidecker læt nett slik Trump truleg ville ha høyrdest ut som revyartist, og avsluttingssporet, framført av Father John Misty.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Rock
Tim Heidecker:
Too Dumb For Suicide: Tim Heidecker’s Trump Songs
Jagjaguwar
Tim Heidecker er kjend for ei kompromisslaus form for antihumor, tufta på lag på lag med ironi. Ved sida av TV-seriane Tim & Eric Awesome Show og Check It Out! with Dr. Steve Brule (laga i samarbeid med Eric Wareheim og John C. Reilly) iscenesette han nyleg ein farse av ei teatersportsrettssak der han sjølv var både tiltalt og forsvarar. Brutal inkompetanse åleine gjorde at den drapstiltalte komikaren ikkje blei dømd. Heidecker er òg ein kompetent musikar, og Too Dumb For Suicide kan kan hende òg seiast å handle om inkompetanse og ansvarsløyse.
Mykje av Heideckers komikk er absurd, og har eit preg av mørk, intern pokerfjeshumor som kan skape tvil hjå uinnvigde. Trump Songs er derimot ganske utvitydig: Platetittel og omslag driv openbert harselas med presidenten. Songane, som gjerne har eit sterkt preg av amerikansk folkrock, er skrivne hurtig i harnisk – «with the blood still boiling from whatever indignity or absurdity had popped up on my newsfeed that day» – og er greie korkje med Trump, kvit makt-forkjemparar eller alt-right-internettroll. Det er sjeldan subtilt, og det er trass alt på sin plass. Som Heidecker har uttalt: «Let’s hope I don’t write any more of these, but I probably will.» Heldigvis er songane ganske fine, inkludert «MAGA», der Heidecker læt nett slik Trump truleg ville ha høyrdest ut som revyartist, og avsluttingssporet, framført av Father John Misty.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.