Elektronisk soloppgang
Mukqs lagar musikk inspirert av dataspel og asiatisk kultur, og uttrykket er både nostalgisk og framtidsretta.
Elektronika
Mukqs:
To Get Up
Doom Trip
Mukqs er pseudonymet til den Chicago-baserte musikaren og biletkunstnaren Maxwell Allison. Musikken hans vert spelt inn live rett på band, utan overdubs – det vil seie at heile lydbiletet blir produsert i sanntid, ved hjelp av synthesizerar, loopmaskiner, trommemaskiner, effektboksar og annan elektronikk.
Mukqs er ein produktiv type og gir gjerne ut fleire album i året, oftast i kassettformat i tillegg til digitale nedlastingar. Walkthrough frå 2016 læt som eit avslappande lydspor til eit TV-spel frå slutten av 80-talet, ein slags 8-bits ambientmusikk med element av kinesisk tradisjonsmusikk, medan 11,666,666,666,666,666,666 frå fjoråret har eit meir dystopisk, Blade Runner-aktig preg. Tittelen svarar til universets vekt i pund, ifølgje frijazzpioneren Sun Ras’ kosmologi.
Den japanske tittelen det her er tale om, er – omsett til engelsk – To Get Up, og peikar både mot å kome seg opp for å danse og å stå opp om morgonen. Fleire av spora manar fram mentale bilete av morgongry, som opningssporet med syntetiske jungeltrommer, medan andresporet, som er det mest medrivande, læt som ein elektronisk soloppgang. Femtesporet, «Ronaldo Kuruki», tar oss med inn i eit nærast new age-aktig, leikent og flytande synthlandskap som saumlaust sklir vidare inn i det neste sporet, som minner om krautrock à la Ash Ra Tempels New Age of Earth (1976). Mukqs er vel verd å verte kjent med.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Elektronika
Mukqs:
To Get Up
Doom Trip
Mukqs er pseudonymet til den Chicago-baserte musikaren og biletkunstnaren Maxwell Allison. Musikken hans vert spelt inn live rett på band, utan overdubs – det vil seie at heile lydbiletet blir produsert i sanntid, ved hjelp av synthesizerar, loopmaskiner, trommemaskiner, effektboksar og annan elektronikk.
Mukqs er ein produktiv type og gir gjerne ut fleire album i året, oftast i kassettformat i tillegg til digitale nedlastingar. Walkthrough frå 2016 læt som eit avslappande lydspor til eit TV-spel frå slutten av 80-talet, ein slags 8-bits ambientmusikk med element av kinesisk tradisjonsmusikk, medan 11,666,666,666,666,666,666 frå fjoråret har eit meir dystopisk, Blade Runner-aktig preg. Tittelen svarar til universets vekt i pund, ifølgje frijazzpioneren Sun Ras’ kosmologi.
Den japanske tittelen det her er tale om, er – omsett til engelsk – To Get Up, og peikar både mot å kome seg opp for å danse og å stå opp om morgonen. Fleire av spora manar fram mentale bilete av morgongry, som opningssporet med syntetiske jungeltrommer, medan andresporet, som er det mest medrivande, læt som ein elektronisk soloppgang. Femtesporet, «Ronaldo Kuruki», tar oss med inn i eit nærast new age-aktig, leikent og flytande synthlandskap som saumlaust sklir vidare inn i det neste sporet, som minner om krautrock à la Ash Ra Tempels New Age of Earth (1976). Mukqs er vel verd å verte kjent med.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.