I all æva – utan amen
Prins Henrik melde seg sjuk då dronning Margrethe feira 75-årsdagen, men han var til stades på 77-årsdagen på Marselisborg Slot i april.
Foto: Henning Bagger / NTB scanpix
På gymnaset på Steinkjer hadde eg ein klassekamerat som var den yngste i ein stor syskenflokk. Logisk nok var far hans litt opp i åra; han hadde røysta i dei to viktige folkeavstemningane i 1905: først i august, ved godkjenninga av unionsbrotet, så tre månader seinare, da eit sjølvstendig Noreg skulle avgjera spørsmålet om statsform.
Han ville ha republikk, som så mange i Nordre Trondhjems Amt. Og utan at han lét det øydeleggja kvardag eller nattesøvn i 1959, var han framleis litt småsur over at nordmennene sa ja til noko så dumt, gamaldags og udemokratisk som monarki, når dei hadde hatt sjansen til å skaffa seg republikk på moderne, fredeleg og framsynt vis.
Det hadde gått 54 år sidan 1905, og no har det gått 58 år sidan 1959. Men på ein barokk måte har spørsmålet vorte aktuelt i august 2017, i heimlandet til den prinsen som det norske stortinget valde til konge i 1905. Prins Henrik, som i 50 år har vore gift med dronning Margrethe 2, kunngjorde at han ikkje vil gravleggjast ved sida av henne; han er misnøgd med at han aldri vart meir enn prinsgemal. Kjønnsdiskriminering og manglande likestilling, sa han. Tysdag la han til at «kona mi gjer meg til ein narr, og eg gifte meg ikkje med henne for å verta gravlagd i Roskilde». Vel, det var ein del av pakka, og utsegna tyder på at dei logiske tenkeevnene har sige til litt under vanleg fransk nivå.
Ikkje at det danske monarkiet, det einaste europeiske som har regjert utan avbrot i meir enn tusen år, vaklar fordi ein aristokratisk franskmann i all æve vil senda ein surmulande bodskap frå ei einsam grav. Litt eksentrisk har den 83 år gamle prinsen, med bakgrunn frå ein fransk lågadelsfamilie, vore den siste tida. Men at danske skoleelevar om 200 år skal risikera å verta eksaminerte om grunnane til at dronning Margrethe ligg åleine i ein glassarkofag til 29 millionar danske kroner i domkyrkja i Roskilde, vart for mykje for mange av danskane. Hoffet kunngjorde at dronninga var innforstått med gemalens syn, «jamvel om det var ei avgjerd ho gjerne hadde vore spart for», som kommunikasjonssjefen ved hoffet sa.
Det er dei som sympatiserer med prinsen, men det har røynt sterkt på, sidan han skulka bankett og karéttur i København i april 2015, da dronning Margrethe vart feira som 75-åring. Han melde seg sjuk, men var frisk nok til å reisa til Venezia dagen etter. Ein fødselsdag er ein alvorleg ting i Danmark, for ikkje å nemna gullbryllaup – som vart feira privat i juni i år. Ingen offisielle kommuniké, kor briljant dei enn var utforma, kunne tolkast som anna enn at det ikkje står heilt bra til. Og kva da med monarkiet som symbol og stabilitetsfaktor?
Dansk satire er beisk, nådelaus og intelligent. Og over dette kongelege samlivet som tek slutt meir bastant enn det brutale innhaldet i orda «til døden skil dykk åt», har den nattsvarte og stikkande humoren blomstra som ein tornebusk utan roser. I ein overdådig parodi på nyårstalen til dronning Margrethe i 2015 var denne setninga lagt inn i den årlege Cirkusrevyen i 2016: «Som statsministeren har sagt, har vi hatt mange store vanskar i det året som no tek slutt. Det veit eg godt. Eg er gift med ein av dei.»
Humorsida ATS (At tænke sig) i avisa Politiken nekta seg lite denne veka: I eit intervju med kyrkjeverja i ein oppdikta dansk avkrok kom invitasjonen: «Prins Henrik må gjerne gravleggjast her hos oss. Det vil gi landsbyen vår meir liv.»
Komikken ligg på fleire plan. Det tidlegare konservative partileiaren Hans Engell, som brått vart redaktør etter eit fuktig biluhell, hånte prinsen for at han aldri har lært seg skikkeleg dansk: «Etter 50 år her i landet høyrest han som om han nett har landa med flyet frå Paris. Så vanskeleg er det no heller ikkje.»
Det kan danskane meina, dei einaste på jord som meistrar dansk fonetikk. Heilt ille er det ikkje stelt med ein prins som snakkar både kinesisk og vietnamesisk. Så danskane varma opp den gamle vitsen som Engell fekk slengd etter seg ved biluhellet:
– Køyrer Gud med promille?
– Nei, men det gjer Hans Engell.
Til det er det berre å seia: Amen.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Utsegna tyder på at dei logiske tenke-
evnene har sige til litt under vanleg fransk nivå.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.