Hallik og gründer
Hugh Hefner poserer framfor det svarte privatflyet sitt, The Harejet, med eige soverom i halen, i 1970.
Foto: Edward Kitch / AP / NTB scanpix
Noko sterkt intellektuelt inntrykk gjorde ikkje Playboy-grunnleggjaren Hugh Hefner den eine gongen eg var ein time eller to i same rom som han. Han rekna nok med at det ikkje kunne verta pengar av å bruka hjernen på slike syslar.
Han var gjest i Den nasjonale presseklubben i Washington, det må ha vore i 1981. Da var han ein ung mann på 55 år, og han skulle fortelja om seg sjølv og suksessen sin. Bladet Playboy, som hadde gjort han både rik og vidgjeten, var grunnlagt i 1953, med Marilyn Monroe på framsida. I 1963 vart han trekt for retten, skulda for pornografi. Han slapp straff fordi juryen ikkje kunne semjast om ei avgjerd. Da hadde han hatt Jayne Mansfield på omslaget.
Alt var sømeleg nok på framsida, men inne i bladet hadde dei to damene kasta tekstilane, slik skikken var i Playboy, og Marilyn Monroe vart spurd om ho ikkje tenkte over det skandaløse ved ikkje å ha noko som helst på. Ho var kvikk i hovudet, jamvel om det ikkje var det ho var mest kjend for, og ho svara:
– Det stemmer ikkje. Eg hadde radioen på.
Urettvis som verda er, ikkje minst mot kvinner, var det PR-agenten hennar som fekk æra for den replikken. Og i 1970-åra var Playboy-opplaget sju millionar.
I presseklubben i Washington fekk Hefner ordet etter introduksjonen. Han reiste seg og bad om ei flaske Pepsi-Cola, kjælte med flaska, sa at det var triveleg å vera her, og presenterte dotter si, Christie. Dermed var han ferdig med innlegget, og han ville ha spørsmål frå folk i den store salen.
Det var det, etter det kortaste foredraget eg nokon gong har høyrt, og korkje spørsmåla eller svara var spesielt interessante. Han hadde inga anna utstråling enn trøytt og matlei likesæle, og han kunne ha vore litt meir høvisk; dei fleste av dei frammøtte var i den same demografiske gruppa som han sjølv: halvgamle og gamle grisar.
Han rakk å fylla 91 år – den svenskætta mor hans vart 102 – og laurdag vart han gravlagd i Westwood, ein bydel i Los Angeles. Næraste nabo i gravlunden er Marilyn Monroe, som var eit par–tre månader yngre enn han, men som døydde i 1962. Han kjøpte grannetomta i gravlunden for 75.000 dollar. Så har han den gleda.
Nekrologane – eit sant takras av spenstige injuriar – slapp han å lesa. I The Guardian skreiv Suzanne Moore at han ein gong truga henne med rettssak fordi ho kalla han ein hallik. Det vart inga sak, ikkje etter at ho sa:
– Eg kalla han det fordi det han dreiv med, var å selja kvinner til andre menn.
Sjølv kalla han seg politisk aktivist, han arbeidde for kvinnefrigjering og for seksuell revolusjon, og han engasjerte seg i debatt om raseproblema i USA. Eit par stipendordningar, spesielt for utdanning av filmskodespelarar, har fått namn etter han og pengar frå han.
Det han gav plass til i bladet sitt, ved sida av damer som gjorde mykje for silikonbransjen, var noveller og intervju på eit visst litterært nivå. Han var kulturspreiar og: Ein av yrkesbrørne mine i Moskva gjorde eit eksperiment ein gong han køyrde inn i Sovjetunionen. (Dei eldre lesarane hugsar Sovjetunionen.) Han hadde ei utgåve av Playboy liggjande i baksetet. Grensesoldaten greip fatt i styggedomen, gjekk til ein mellomleiar og kviskra: «Har vi dette nummeret?» Bladet vart konfiskert, mot kvittering og lovnad om at den litteraturinteresserte ville få det tilbake ved utreise.
Ein minneverdig duell hadde Hefner med ein kvinneaktivist i ein TV-debatt i 1960-åra ein gong. Ho svarte, etter at han hadde snakka varmt om likestilling og sitt positive kvinnesyn:
– Eg trur deg på det om du neste gong kjem i studio med ein bomullsdott på stumpen.
Og som mann hadde du ikkje ein sjanse. Det kunne vera tenkjeleg at du kjøpte Playboy for å lesa intervjuet. Men du måtte ikkje rekna med at nokon ville tru deg på det.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Han hadde inga anna utstråling enn trøytt og matlei likesæle.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.