Framandspråk for inderøyningar
Kristian 10. reid på ein nystrigla kvit hest då Jylland atter var sameina med resten av landsdelen.
Målarstykke av Alfred V. Jensen
Kristian 10. reid på ein nystrigla kvit hest då Jylland atter var sameina med resten av landsdelen.
Målarstykke av Alfred V. Jensen
Det første framandspråket mitt var jysk, og det var praktisk og nyttig kunnskap på Inderøy. Kona til ordførar Bjarne Lyngstad var dansk, men ho høyrde ikkje til omgangskrinsen min. Det vart betre stelt da foreldra mine importerte ei hushjelp frå Horsens-traktene, og eg kan framleis, to menneskealdrar seinare, imponera innfødde danskar med å seia «god dauw» på kav jysk. Dessutan heiter «æ veit itj» noko så enkelt og logisk som «a ved it» på jysk, så det er ingen grenser for kor stor nytte ein kan ha av å vera oppvaksen inst i fjordane i Midt-Noreg. Var det nokon som ymta frampå om provins?
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.