Fløan-kapellet og ein uvettug slektning
«Bytorget» på Trøndelag Folkemuseum på Sverresborg i Trondheim.
Foto: Alan Ford / Wikipedia
Underkommuniserte hendingar bør gjerne få vera ukjende, eller som den vidgjetne samfunnsfilosofen Ronald Reagan ein gong sa: «Eg betalte ein slektsforskar 50 dollar for å grava litt i slektshistoria mi, og så måtte eg gi han 100 dollar til for å få han til å teia om det han fann.»
Vi har alle vårt, og denne månaden, på Sverresborg i Trondheim, der Trøndelag Folkemuseum ligg, fekk eg ei påminning om lagnaden til Fløan-kapellet like ved Steinvikholmen i Skatval, no Stjørdal kommune. Kapellet vart teikna av Gerhard Schøning i 1770. Det var ikkje stort, på om lag 40 kvadratmeter golvflate, og tre tømmerstokkar av det ligg på museet i Trondheim. Der skal kapellet rekonstruerast, men stokkane er for morkne til at dei kan brukast. Så dei vert liggjande i magasin på Sverresborg.
Kapellet er nemnt i Aslak Bolts jordebok frå 1430-åra, og stokkane kan daterast til 1420. Det er nokolunde godt dokumentert at reformatoriske svenskar i 1560-åra «tok seg av» restane av ei kiste som liket av heilag Olav skal ha lege i. Enda betre dokumentert er det at bonden på Fløan reiv kapellet i slutten av 1840-åra for å få tømmer til ny låve i 1851.
Så slektshistoria: Farmor mi, Dorothea Fløan, gift Hegge, var fødd i 1874, så for alt eg veit, kan rivaren ha vore tippoldefar min. Men det var – er – tre Fløan-gardar, og eg har ikkje tenkt å grava meir. Den det ikkje var, var Johan L. Fløan på Austre Fløan, for han var fødd i 1859 og interesserte seg så sterkt for historie at han var med på å starta Trøndelag Folkemuseum i 1913. Ja, han vart til og med medlem i National Geographic Society på grunn av alt han gjorde som folkeminnegranskar og lokalhistorisk aktivist. Han var medlem av heradstyret i til saman 44 år. Farfar min, Peder J. Hegge, sat ei tid der saman med han, og for spesielt interesserte: Dei er begge med på eit politisk gruppebilete som det går an å finna fram til på Wikipedia.
Om låvebygginga står det til og med i Skatvalsboka at ho var uvettug. Det kunne sjølvsagt ikkje berga kapellet frå ein dynamisk aktivist på grannegarden, Midt-Fløan, der det altså var bruk for ny låve. Før rekonstruksjonen på museet er ferdig, har vi ikkje anna enn Schønings snart 250 år gamle teikning av «Fløans Cappel i Størdahlen» og dei tre stokkane i magasinet. Pluss vitnemål om at Olavsdyrkinga i 1560-åra heldt seg frisk nok til at det måtte svenske okkupasjonssoldatar til for å rydda opp.
Steinvikholm, berre eit par hundre meter frå Fløan-gardane, er langt på veg restaurert. Historisk spel er det kvar sommar til minne om den siste katolske erkebiskopen i landet, Olav Engelbrektsson, som drog i eksil da reformasjonen sigra. Det vert feira heller spakt i Trøndelag; heilag Olav held seg godt fleire stader enn i gatenamna i Trondheim, 30 kilometer lenger sør, og på Stiklestad, 30–40 kilometer nord for Fløan og Steinvikholm.
Alt dette kan lesast som eit patriotisk vitnemål om den djupe sanninga i ein kraftsats frå Jon Leirfall: «Tek du ut Trøndelag frå Norges-historia, bli’ de’ bærre perman ijæn.»
Vi har fått eit ord for slikt no, frå ein annan amerikansk samfunnsfilosof: Donald Trump kallar det «sannferdig overdriving» – truthful hyperbole.
Det er meir notid i tillegg: Denne fredagen brukar Trøndelag Folkemuseum kvelden og dei rekonstruerte sentrumsgatene på museet som arena til ein kulturkveld med moderne musikk, «Sverresborg uplugga», med musikarar frå Trøndelag.
Nylåven frå 1851 står ikkje lenger, han heller, så låvedans på Fløan vert det ikkje.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Olavsdyrkinga heldt seg frisk nok i 1560-åra til at det måtte svenske okkupasjonssoldatar til for å rydda opp.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.