Dikting og sanning
Forfattar Joyce Carol Oates har i mange år vore nemnd som kandidat til nobelprisen i litteratur.
Foto: Jeff Zelevansky / AP Photo / NTB scanpix
Den lesaren som har vore litt borti tysk, er skikkeleg skræmd alt no: Dersom ein tysk skribent set «Dichtung und Wahrheit» som overskrift, er det minst 800 sider i vente. På norsk kan det gjerast meir samantrengt og kortfatta.
For 25 år sidan kom den amerikanske forfattaren Joyce Carol Oates med kortromanen Black Water (svart vatn). Det er ei forteljing om ein amerikansk senator som er ute på biltur ei sommarnatt. Han har ei ung kvinne med seg i bilen, og ho druknar da han køyrer utfor ei bru. Sjølv stikk han av etter å ha berga seg ut, og han melder ikkje ulykka til politiet før dagen etter.
Oates (79) har i mange år vore nemnd som kandidat til nobelprisen i litteratur. Ho vart spurd om ho tykte det var i orden å forsyna seg på denne måten av senator Edward Kennedys syrgjelege biltur i juli 1969 som litterært førelegg. Ho reagerte med vantru: Det var da opplagt at dette var fiksjon, og at senator Kennedy ikkje eingong hadde vore i tankane hennar. Dikting var det einaste ho dreiv med.
Ho verka heilt overtydd, heller enn heilt overtydande, om at det var slik. Sjølv intervjua eg ein gong ein norsk forfattar som i ein av romanane sine skriv om eit kvinnelik som blir funne i ein snøhaug på Austlandet. Boka kom eit par år etter eit slikt funn. Eit par veker tidlegare hadde ektemannen etterlyst kvinna og gråte ein skvett på fjernsynet. Han vart arrestert og dømd for drap. Forfattaren var himmelfallen da eg spurde om han meinte at det var greitt å bruka slik ferskvare som litterært emne. Boka hans hadde da ikkje det minste med drapet å gjera! Korleis kunne eg tru noko slikt?
At diktarar diktar, bør ikkje vera uventa for nokon. Heller ikkje at dei brukar råmateriale frå livet dei har levd, og omformar det på måtar som vi pressefolk ikkje heilt har åndsevner til å skjøna. Det er kanskje ein av dei viktigaste skilnadene på forfattarar og journalistar – eller bladsmørjarar, som ein ikkje heilt nær juristven brukar kalla oss. Men eg trur faktisk Joyce Carol Oates og den norske yrkesbror hennar fullt og fast er trygge på at dei har dikta, jamvel om delar av det litterære verket ser ut som eit reint journalistisk produkt.
Vel, reint og reint …
For alt eg kan vita, gjeld det same når Karl Ove Knausgård seier til den første kona si at nei, det står ingen ting om deg i Min kamp, eller når Vigdis Hjorth varslar søstrene sine om at «eg kjem med ein roman om eit arveoppgjer, men de har ingen ting å ottast. Det er dikting.» I førre tiåret var det ei rettssak i Oslo om ein roman der ei fråskild kvinne meinte at det var hennar ekteskap som vart skildra, og det så krenkjande og nærgåande at boka burde stansast. Ho fekk ikkje medhald. Å skriva ein motroman i eit slikt fall kunne vel gjera ting verre.
Så får lesaren velja kven ein vil tru på.
Eksemplet eg likar best av dei eg kjenner til, stod den amerikanske diktaren Edgar Lawrence Doctorow for. Han gav ut romanen Ragtime i 1975. Handlinga er lagd til den amerikanske turbokapitalismens stordomstid i dei første åra på 1900-tallet, og eit høgdepunkt i boka er ein drabeleg krangel der Henry Ford les lusa av finansmagnaten J.P. Morgan. Den første var oppkomling og Reodor Felgen-type, den andre hadde USAs største og finaste portvinsnase, og hadde investert mykje i det prosjektet òg.
– Men dei to møtte da aldri kvarandre, sa ein journalist til Doctorow.
– Vel, dei har møttest no, sa diktaren.
Om etikken kan det vel seiast eitt og anna, men det er ikkje vi bladsmørjarar som får siste ordet i slike diskusjonar. Kanskje er det ein sambygding på Inderøy; han skal ha kome ut på kyrkjebakken etter høgmessa og sagt: «Jau, i dag fekk’n Ola Nordigarden sainnele hør frå preikstol’n, ja.»
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg trur faktisk Joyce Carol Oates og den norske yrkesbror hennar fullt og fast er trygge på at dei har dikta.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.