Resirkulert propaganda

Med koronakrisa er plakatane attende. Likesom under krigen møter vi mengder av plakatar i det offentlege rommet. Bodskapane er enkle, og det visuelle formspråket er lettfatteleg og ikkje til å misforstå.

Foto: Glenn Grohe, 1942
Foto: Glenn Grohe, 1942
Publisert

Mange kunstnarar har fanga opp likskapane mellom desse nye plakatane og propaganda frå krigen og laga sine eigne versjonar. Eit eksempel er det grafiske verket «Reality Got You Down? Why Not Try a Conspiracy Theory?» av Fernando Reza. Han har teke utgangspunkt i propagandaplakaten «He’s Watching You» (1942) av amerikanaren Glenn Grohe. Under ein karakteristisk tysk hjelm gløder eit par auge mot oss. Store delar av propagandaen frå andre verdskrig handla nettopp om at du må passe munnen din, kven som helst kan vere spion.

Hemmeleg informasjon kan minne om smitte som spreier dødelege konsekvensar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement