Blytunge bakgrunnsbeats
Dâm-Funk slår tilbake mot ei konfliktfylt verd med hardtslåande, romantisk funk.
Elektronisk
musikk
Dâm-Funk:
Above The Fray
Glydezone
Med album som Invite The Light (2015), samarbeidet med Snoop Dogg i 2013, 7 Days Of Funk (altså funk heile veka, heile tida) og arbeidet under pseudonymet Garrett har den kaliforniske produsenten og neofunkartisten Dâm-Funk bringa George Clintons psykedeliske funktradisjon til vår tid og vidare inn i framtida.
Medan musikken på Architecture III frå tidligare i sumar straks framstår som meir nyskapande, er musikken på Above The Fray (Dâm-Funks sånn omtrent tredje album hittil i år) ei slags samanføying av den dansegolvsorienterte, intenst rytmiske delen av produksjonen hans og den meir soveromsretta utforskinga av «funk-som-ambient» ein kan finne i utgjevingane under namnet Garrett.
Her finst flust med djupe, masserande synthbasslydar og spretne melodiar spekka med bøygde tonehøgder, og musikken er på same tid blytung og romantisk – hardtslåande utan å vere påtrengande, dansbar og bakgrunnsvenleg.
Medan ambisjonen om å ville rydde fram eit estetisk pusterom i ei oppheta og konfliktfylt verd er forståeleg og omtenksam, blir tittelen sjølvmotseiande.
Uttrykket above the fray tyder at ein held seg nøytral (eller kan hende for god for engasjement) i konflikt og ueinsemd, men gesten ein gjer ved å med store bokstavar hevde at ein ikkje involverer seg eller tar posisjon, er å både syne frustrert engasjement og signalisere ståstad – om enn på ei noko sigen ikkje-plattform. Då er det godt at musikken er så tight.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Elektronisk
musikk
Dâm-Funk:
Above The Fray
Glydezone
Med album som Invite The Light (2015), samarbeidet med Snoop Dogg i 2013, 7 Days Of Funk (altså funk heile veka, heile tida) og arbeidet under pseudonymet Garrett har den kaliforniske produsenten og neofunkartisten Dâm-Funk bringa George Clintons psykedeliske funktradisjon til vår tid og vidare inn i framtida.
Medan musikken på Architecture III frå tidligare i sumar straks framstår som meir nyskapande, er musikken på Above The Fray (Dâm-Funks sånn omtrent tredje album hittil i år) ei slags samanføying av den dansegolvsorienterte, intenst rytmiske delen av produksjonen hans og den meir soveromsretta utforskinga av «funk-som-ambient» ein kan finne i utgjevingane under namnet Garrett.
Her finst flust med djupe, masserande synthbasslydar og spretne melodiar spekka med bøygde tonehøgder, og musikken er på same tid blytung og romantisk – hardtslåande utan å vere påtrengande, dansbar og bakgrunnsvenleg.
Medan ambisjonen om å ville rydde fram eit estetisk pusterom i ei oppheta og konfliktfylt verd er forståeleg og omtenksam, blir tittelen sjølvmotseiande.
Uttrykket above the fray tyder at ein held seg nøytral (eller kan hende for god for engasjement) i konflikt og ueinsemd, men gesten ein gjer ved å med store bokstavar hevde at ein ikkje involverer seg eller tar posisjon, er å både syne frustrert engasjement og signalisere ståstad – om enn på ei noko sigen ikkje-plattform. Då er det godt at musikken er så tight.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.