JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Klubben på den andre sida av gata

Så lenge debutantar og veteranar byr på kvalitet, døyr ikkje rocken ut.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ole Kirkeng platedebuterer i dag.

Ole Kirkeng platedebuterer i dag.

Foto: Joanne Sørheim

Ole Kirkeng platedebuterer i dag.

Ole Kirkeng platedebuterer i dag.

Foto: Joanne Sørheim

4146
20230908
4146
20230908

Rock

Ole Kirkeng:

Still Not Lost

Die With Your Boots On

Rock

Tom Roger Aadland:

Skyer

Embacle

Det finst ein type kjærleikssong som mest av alt skildrar djup lengt, som dveler ved minnet, og som slik på same tid rommar både avstand og nærleik til den andre. Og det er i denne kategorien, som krev slik ein finstemt balansegang frå låtskrivaren, at tittelsporet på Still Not Lost, debutalbumet til Ole Kirkeng, høyrer heime.

Eg har sett fram til utgivinga sidan eg høyrde Kirkeng som oppvarmingsartist for The Delines i fjor vår – det vesle settet var stort nok til å vise at vi har å gjere med eit stortalent, noko som verkeleg vert stadfesta med Still Not Lost. Dei åtte songane på plata er alle av høg kvalitet. Dei viser ein sikker omgang med americanaens sentrale figurar og tropar i både tekst og tone, og det skadar heller ikkje at Geir Sundstøl har produsert så stilsikkert saman med Kirkeng.

Dylansk

Det er nesten så ein skulle tru at Kirkeng har laga slik musikk i årevis, og langt lenger enn hans 29 år skulle tilseie. Faktisk minner han i tittelsporet ikkje så reint lite om ein 82-åring – «Still Not Lost» er nemleg så typisk Bob Dylan anno Time Out of Mind (1997) som det vel går an å verte, og tener som endå ei påminning om det formidable avtrykket artisten etterlèt seg på stadig nye generasjonar.

Det gjeld også i høgste grad for Tom Roger Aadland, som fleire lesarar vil kjenne som ein framifrå gjendiktar av Dylan på nynorsk. Skyer er tiande plate frå låtskrivarveteranen, som også har utstyrt Hellbillies og Vamp med tekstar. Aadland har også produsert sjølv, saman med Kjetil Steensnæs, og har med seg eit knippe framifrå musikarar på eit album der fleire av songane er skrivne og framførte på rogalandsdialekt, noko som fungerer som berre det. Kjærleikssongen som får avslutte Skyer, «Siste natta vår i lag», stiller i same kategori som Kirkengs – og Dylan lurer i skuggane også her, idet forteljinga faldar seg ut, strofe for strofe, i nesten ni minutt.

Begge albuma rommar ein fin variasjon innanfor dei klart markerte sjangergrensene, med både glimt i auget (Kirkengs «Fall In Love With You (at Ikea)») og velartikulerte spark mot ein type konformitetskrav som ikkje akkurat gjer takhøgda større (Aadlands «Normalia»). Steelgitaren får oss til smeltepunktet når vi bør dit, og det brusar i orgelet når det skal.

Rockens usikre plass

Det er ikkje openbert at generasjonen til Kirkeng skal gå rett inn i americanaen, rocken og tilgrensande sjangrar med heva hovud. Tilfellet ville ha det til at eg har lytta til desse platene og samstundes slukt andre sesong av det strålande TV-dramaet The Bear. Så å seie all musikken der finst i mi eiga platesamling, der både Kirkeng og Aadland også passar greitt inn, så eg måtte dra på smilebandet då ei avis for noko sidan skreiv at «utrendy voksenrock» spelar ei av hovudrollene i serien.

Som om ikkje det var nok, las eg også i same tidsperiode musikkskribenten Steven Hydens Twilight of the Gods: A Journey to the End of Classic Rock (2018), engasjerte og underhaldande lyttememoarar som (mellom anna) reflekterer over rockens usikre plass i samtidskulturen. Ikkje berre døyr den eine aldrande legenda etter den andre – det er heller ikkje få som erklærer sjølve rocken død, på grunn av den utdaterte, sjølvgenererande produksjonen av mytologiar som har kjenneteikna rockekulturen, den gjennomkommersialiserte nostalgien og dei rettmessige skuldingane om seigliva kjønnsdiskriminering og systemisk rasisme. Det er nok av utfordringar å ta tak i, og det er lenge sidan rocken kjendest som ei motkulturell, omveltande kraft, som ein vital del av ungdomskulturen.

Kanskje er rocken best der jazzen har vore lenge, spekulerer Hyden: i småklubbane på andre sida av gata frå stadionet, der sjangeren og kva han kan romme, vert utforska. Og kanskje er akkurat det heilt greitt. I den klubben finn vi både Kirkeng og Aadland, og eg har ikkje forlate billettkøen enno.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis