JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Instrument på nye måtar

Tverrfløyte og gitar er ingrediensane i to spanande utgjevingar frå eit lite, men viktig norsk plateselskap.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Alessandra Rombolá og Fredrik Rasten har kome med nye album.

Begge foto: Sofa

2262
20230623
2262
20230623

Samtidsmusikk

Alessandra Rombolá:

Out of the Playground

Sofa

Samtidsmusikk

Fredrik Rasten:

Lineaments

Sofa

Tverrfløte og gitar er populære instrument for mange som vil læra seg å spela, og desse instrumenta førekjem ofte i musikk av det meir lettbeinte slaget. Men på dei to nye platene frå det norske plateselskapet Sofa vert instrumenta sette inn i heilt andre samanhengar.

Den italienske fløytisten Alessandra Rombolá er klassisk utdanna og har særleg spesialisert seg på samtidsmusikk, både av det partiturbasert og av det improvisatoriske slaget. Her presenterer ho fem nyskrivne verk av Jan Martin Smørdal, Ingar Zach, Daniela Terranova og Lasse Marhaug. Dessutan er Rombolá ein aktiv medkomponist, sidan verka ikkje er detaljplanlagde i form av kompliserte partitur.

Dei fleste verka er bygde opp rundt ein tydeleg idé, oftast basert på alternative speleteknikkar. Men eitt verk skil seg ut: støymusikaren Lasse Marhaugs «Our Forbidden Land». Med sine 25 minutt er dette det lengste stykket, og det er mange ulike tema og teknikkar i sving. Komponisten sjølv ser på stykket meir som ein tilstand enn som eit avslutta verk: «The piece is like opening a window, and you get a sense that it has already started and will continue beyond the time you listen to it.»

Medan mange gitaristar dyrkar det virtuose, går Fredrik Rasten i heilt motsett retning. Dei to 20-minuttar lange stykka er bygde rundt gitarar i opne stemmingar, der musikaren forsiktig plukkar på strengene eller nyttar elektriske bogar. Dessutan supplerer han lydbiletet med stemma, men berre lange tonar utan tekst, som ei utviding av gitarklangen.

Ulike typar elektronikk vert nytta på begge platene, og på omslaga vert det gjort tydeleg greie for korleis dette er utført. Her er ingenting hemmeleg. Slike opplysingar er interessante for fagfellar, men musikken fungerer like godt sjølv om ein ikkje veit noko om dette. Begge platene er i slekt med minimalistisk musikk av ulike slag og framstår som tilstandsmusikk der det heile tida openberrar seg ny detaljrikdom.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis