Bok
Fridom og demokrati i dagens Polen
Forfattar og journalist Ingrid Brekke freistar forstå og formidla det polske samfunnet, men kanskje først og fremst dynamikken i det politiske landskapet.
Boka Polen. Aske og diamanter vitnar om eit djuptpløyande arbeid, ein vilje til innsikt og ein godhug for eit land og eit folk med ei fortid som vi vanskeleg kan la oss overraska over at pregar notida. Kombinasjonen av fagleg engasjement for emnet og medmenneskeleg nærleik til liding og offer, så vel som til matkultur og det estetisk vakre, gir boka driv.
Boka er til å læra av, la seg overraska av og bli nyfiken av. Polen er, som Brekke viser, eit land der spenninga mellom historia og framtida er sterkt synleg, dermed er boka òg prega av dei historiske linene, som er så avgjerande for å forstå situasjonen i dag. Internasjonale bøker om polsk historie blir siterte, og dei lange linene blir lyfta fram, slik som dronning Jadwigas tid på 1300-talet, og arven hennar som var avgjerande for Det jagellonske universitetet i Kraków den gongen. Eller som møtet med tartarane med moskear i landsbyane heilt aust i landet, ein minoritet med djupe og lange røter i landet.
Historiske liner
Målet med dei historiske linene i boka er likevel tydeleg: Det handlar om å prøva å forstå spørsmåla kring fridom og demokrati i den polske røyndomen. Brekke skildrar presist «kampen om historia» i Polen. Den speglar seg i avgjerder om finansiering av museum og i klare politiske føringar for historieformidling, ikkje minst frå regjeringa. Historieformidlinga er, slik som i alle samfunn, eitt av verktya for dei som vil skriva – eller skriva om – historia om nasjonen.
Korleis blir så ein nasjon skildra og avgrensa? Ein nasjon som i hundretals år ikkje hadde nokon territorial heim på Europa-kartet? Historia kviler tungt over dei polske nasjonalforteljingane. Og historia opnar både for eit inkluderande og tolerant polsk vi, og for eit polsk oss som primært forsvarar grensene mot andre. Som Brekke òg peikar på, ja, meir polarisert, men dette er spenningar og skiljeliner som pregar heile Europa, land for land, og dei er dermed naturlegvis ikkje unike for Polen. Kanskje er det òg overføringsverdi i vitsen som blir sitert. Eit barn spør: «Pappa, kva er det største trugsmålet mot Polen?» Faren svarer: «Polakkar.»
Trass i dei lange linene, etterdønningane av delingane av Polen på slutten av 1700-talet og stor vekt på kva den andre verdskrigens hadde å seie for dagens Polen, får òg kampen mot kommunismen i 70- og 80-åra ein sentral plass i Brekkes freistnad på å forstå Polen i dag. Kanskje nettopp her – og fordi mange tidsvitne framleis lever og agerer i det polske samfunnet – er boka på sitt beste. Dei menneskelege kostnadene ved kampen mot kommunismen i Polen, som ofte blir verande usynlege, kjem til sin rett. Brekkes attgjeving av ein son som fortel om eigen barndom, og offera til mora som ein av dei mange fotsoldatane i Solidaritetsrørsla, gjev kjøt på beina til det meir abstrakte «dei ti millionane» som var medlemer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.