Storslage epos frå Colombia
Alle som elskar eller hatar narkoseriar, må sjå denne flotte, rike, spennande filmen.
Filmen byggjer laust på starten av narkotikasmuglinga frå Colombia til USA.
Foto: Mer Film
Filmen byggjer laust på starten av narkotikasmuglinga frå Colombia til USA.
Foto: Mer Film
Året er 1968 på Guajira-halvøya nord i Colombia. Rapayet (Acosta) vil gifte seg med Zaida (Reyes), men må følgje skikkane til wayuufolket og skaffe tretti geiter, tjue kyr og ein solid porsjon halskjede i medgift til den strenge mora Úrsula (Martínez). Kravet krev kreativitet. Saman med kamerat og handelskompanjong Moisés (Narváez) må friaren auke ambisjonsnivået frå kaffisal. At ungdom frå USA er i strøket for å spreie frykt for kommunisme, høver godt. Dei vil ha marihuana, noko ein onkel dyrkar til medisinsk bruk. Slik byrjar ei episk soge om velstand og vald.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.